Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Kjempenes Liga 2008

Det er no tida på året då Fjøra Fotballklubb arrangerer den årlege Kjempenes Liga turneringa. Dette er ei uoffisiell turnering som består av lokale lag sett saman av ulike kameratgjengar. VIL-fotball deltek dermed ikkje med eige lag i regi av klubben, men her er såpass mange av dagens VIL-stjerner som er involvert at me tykkjer det er på sin plass å dekka deira innsats på Veitastrond.com. Som vanleg kjem me til å følgja laget Jarvamyri tett då dei stort sett berre består av lokale strendingar, men me skal og prøva å oppdatera dykk på andre VIL-spelarar sin innsats i turneringa.

Årets turnering vert gjennomført til helga dvs 14.-15. november i Sognahallen.

Dette er 7. året på rad at denne turneringa vert gjennomført og 4. året at Jarvamyri er med. Jarvamyri har kvart år klart å komma seg vidare frå gruppespelet og har gått ut i kvartfinalen, semifinalen medan dei i fjor skuffa noko og rauk ut i 1/8 dels finalen.

Troppen til årets Jarvamyri er identisk med fjorårets, og består av følgande spelarar; Even Kvam, Geir Aardal, Frank Heggestad, Ole Petter Heggestad, Emil Heggestad, Geir Erik Røysi, Kurt Heggestad, Bjørn Molland, Richard Nes, Arne Nes og Øystein Heggestad.

Det er med 28 herrelag som er fordelt på 7 grupper, der dei to beste i kvar gruppe går vidare + beste 3`ar på fredag og beste 3`ar på laurdag.

Jarvamyri har havna i ei tøff gruppe som består av eit av forhandsfavorittane Fjøra All Star, Ornes IL med x antall Hatlevollar på laget og eit litt meir ubeskrevet blad i NorSun som består av ein del aldrande Jotun spelarar. Jarvamyri opnar med kamp mot NorSun på laurdagsmorgon kl 08:48.

Mange VIL-spelarar er med

Sjølv om Jarvamyri er best representert med VIL-spelarar er det og ei rekkje andre som er med på andre lag.

Morten Hagen er med på Haugen Power.

Ole Kristian Vikheim, Kim Andre Navarsete samt tidlegare VIL-keeper Odd Einar Molland er alle med for Nåty Playboys.

Frode Kvam er med for Sogndal Pøkkers.

Vidar Vadseth, Øyvind Lien og Helge Skjælaaen er med for fjorårsvinnaren Lægreidspuben.

Gøran Fimreite og Jan Erik Bøyum gjer eit nytt forsøk med Sogndal Bulls.

Dette gjer til at heile 18 VIL-spelarar deltek i turneringa, og berre ei handfull er ikkje med. Det burde difor vera duka for ei sjåarverdig helg oppe i Sognahallen, og me oppfordrar VIL-fans om å møta opp for å heia på sine favorittar.

Turneringa start fredag kl 17:00, og byrjar oppatt på laurdag kl 08:30 - "don`t miss a beat" som dei seier borti Statane...

Les meir om turneringa på Kjempenes Liga sine eigne heimesider HER

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com