Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 Krev meir jogging i 2010

Etter årets siste Veitastrondstrening kunne Bjørn Molland ta i mot prisen som vinnar av årets treningsstatistikk. Mykje av grunnen for at han trona åleine på toppen var at han i tillegg til godt oppmøte og god innsats på fotballtreningane, òg var med på dei fleste av joggeøktene som VIL-fotball hadde i vår. I ettertid ser me at oppmøte på joggeøktene var mykje lågare enn på vanlege fotballtreningar, og no går kaptein Even Kvam ut og tek eit oppgjer med både seg sjølv og dei andre spelarane på dette. Krølltoppen oppe på Leite er skuffa over det dårlege oppmøte og uttalar blant anna til Veitastrond.com; "Dersom me skal bita litt bedre frå oss i 4.divisjon til neste år så er det eit minste krav at me har eit respektabelt kondisjonsnivå. Desse joggeøktene er eit framifrå tilbod til spelarane til å få bedre løpskapasitet, og neste år må dette forbetrast - basta bom"

Joggeøktene var noko nytt som vart innført i sesongen 2009, og var meint å vera i tillegg til dei vanlege fotballtreningane. For å motivera spelarane til å møta opp fekk alle som var med 1 poeng på treningsstatistikken. Likevel virka ikkje dette til å ha den heilt store effekten då det på 7 joggeøkter berre var eit snitt på 7 mann pr trening, medan det på fotballøktene var eit snitt på 14,2 mann pr økt - altså over dobbelt så stort oppmøte på fotballtreningane som på jogginga.

Kapteinen stiller seg bak det sportslege opplegget

Det vart ein del diskusjon internt om det verkeleg var behov for denne jogginga, men no tek kapteinen til ordet og han stiller seg 100% bak dette opplegget;

"Heitl klart at eg gjer. Eg vart utruleg glad i vinter når trenaren vår, han Emil Heggestad, føreslo at me skulle ha ei ekstra trening i veka med jogging. Dette er verkeleg noko me har behov for var det fyrste som slo meg. Endå betre vart det når han Richard Nes kunne fortelja at me fekk poeng på treningsstatisikken for oppmøte på desse øktene. Midt i blinken tenke eg då, så slepp me i allefall at folk lurer seg unna, men her skulle eg altså ta skammeleg feil", seier Even medan han rister oppgitt på hovudet så alle krøllane hass fyk vegg i mellom.

Han berømmer opplegget med jogging på treningsstatistikken for si fleksible ordning;

"Det var kjempe bra at me ikkje måtte vera med på fellesøkta, men at me sjølve kunne jogga på eigahand og berre levera rapport til ein av trenarane. Flott å sjå at leiinga har ei slik tillit til oss spelarane.", seier han medan han tek seg ein god sup av Statoilkoppen sin... "Fint med denne kaffeavtalen på Statoil mann. Slepp nesten å bruka ei einaste krone på kaffi heile året"

Tek sjølvkritikk

Ironisk nok er Even sjølv ein av dei som ikkje har vore mest med på jogginga. Berre 2 av 7 joggeøkter fekk han med seg, og dette tek han sjølvkritikk for, men legg likevel til at han hadde gode grunnar;

"Det har seg nemleg slik at eg er å renn ein del i fjella både sommar og vinter. I snitt har eg vel ca ein 4-5 turar til Togga for dage..ehh, eg meinar veka, og då er det ikkje alltid eg orkar å ha meg ein joggetur på kvelden. Sjølvsagt kunne eg ha rekna ein tur til Togga som jogging og sendt melding til trenarane om at eg skulle ha poeng, men dette meinar eg er vert feil. Ja de har vel høyrt om han Frank Heggestad?? ...han so fekk seg 1 poeng i vinter for at han sat å trødde på ein ergometersykkel på loftet medan han såg på Hotel Cæsar. Det må vel vera årets "haolast" spør du meg", seier Even før han tek siste rest frå koppen sin, sprett opp av sofaen og går sporenstreks mot utgangsdøra på veg ned til Nestangen for påfyll...

I det han står i døra så snur han seg og skrik ut; "Til neste sesongen skal alle mann møta opp på joggeøktene, ellers skal dei få med meg å gjera! Og det kan du berra skriva ned svart på kvitt"

Leiinga i Veitastrond Fotball registrerar innspelet til Even Kvam og tykkjer det er bra at kapteinen tek til ordet. Likevel kan dei ikkje lova noko om at dagens joggeordning vert teken oppatt til neste sesong. Richard Nes som er assistenttrenar og ansvarleg for treningsstatistikken seier i ein kommentar at det lyt takast ei evalutering av joggeøktene og sjå på fordeler og bakdeler før det vert bestemt om jogginga vert teken oppatt i 2010.

Enn så lenge minnar me spelarane om at det er lov å ta seg ein joggetur på eigenhand sjølv om ein ikkje får noko poeng for dette på denne tida av året...

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com