Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Kurt Heggestad er klar for spel

Etter litt fram og tilbake er no Kurt Heggestad endeleg klar for spel for Veitastrond. 

At Kurt skulle spela for Veitastrond i 2008 har det aldri vore noko særleg tvil om. Etter at han valde å trappa ned livet som fotballspelar på heiltid med Sogndal og flytta heim på Strondi, var det sjølvsagt kun eit alternativ for Kurt og det var VIL-fotball.

Problema oppstod imidlertid då me i forrige veka skulle ordna med dei formelle papira rundt ovegangen. Etter at alle partar hadde skreve under fekk me den uventa meldinga om at det ville ta 30 dagar før overgangen var i boks. Dette på grunn av at Kurt gjekk frå proffesjonell til amatør, og då hadde NFF laga reglar for dette. Sidan det ikkje er så ofte med hentar spelarar frå Adeccoligaen hadde me naturlegvis ikkje peiling på dette. Med 30 dagar til Kurt var klar ville han ikkje bli med oss før 3.serierunde borte mot Kaupanger2 25.mai.

Dette måtte me prøva å ordna opp i, og VIL-overhovudet Emil Heggestad satte seg ned å skreiv ein søknad til forbundet om å få fortgang i prosessen slik at me kunne få me vår stjernespelar med til seriestart.

Positivt svar frå forbundet

Medan slike saker brukar å gå inn i tunggrodde papirmøller tok det denne gongen berre eit par dagar før me fekk svar frå Forbundet. Dei takka for ein velformulert og stilfull søknad, og kom me den gledelege meldinga om at Kurt Heggestad er klar for spel. Dei presiserte i i sitt svar at det ikkje var på grunn av søknaden at dei ga sitt ja, men at kontrakten til Kurt med Sogndal gjekk ut allereie i fjor.

Me er glade for at NFF gjer oss grønt lys, går unna regelverket og syner sunt bondevet i denne saka.

Så er det eigentleg berre opp til Kurt å syna at han er god nok til å spela seg inn i 18-mannstroppen som dreg til Breim 2.mai.

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com