|
Kurt Heggestad snart klar for Veitastrond _kjempenes_liga/arneogkurt.jpg)
Mykje tyder på at Veitastrond sin mest profilerte fotballspelar gjennom alle tider snart kjem til å skriva under for moderklubben. Rykta har versert lenge om at Kurt skal trappa ned på toppfotballen, og heller gå for det gode liv som gardbrukar og ostekokar framme på Veitastrond. Det er vanskeleg å setta ord på kor stor denne overgangen eigentleg er for ein klubb som Veitastrond, men til samanlikning er det omtrent det samme som at Christiano Ronaldo hadde signert for Sogndal.
Kurt har no vore Sogndal sin eigendom i over 10 år. Han reiste til klubben som ung og lovande guttespelar, og vart raskt rekna som eit av dei mest lovande unggutane i talentfabrikken til Sogndal. Han slo gjennom med brask og bram i 16-17 årsalderen og var allereie då aktiv på A-laget. Som 18 åring fekk han ein lei ryggskade som satte han på sidelinja ein heil sesong, og etter det fekk han aldri etablert seg skikkeleg i fyrste 11-aren. Som patriotiske strendingar har det eigentleg vore ein litt fortvila situasjon å følgja karriera til Kurt, då me heilt klart meinar at SIL ikkje har gitt han nok tillit og på mange måtar har dei satt kjeppar i hjula for det som kunne ha vorte ei karriera utan særleg begresingar slik me ser det ;)
Likevel vart siste sesongen i SIL ein solid opptur for Kurt. Han har vore ein av dei aller beste på årets lag, og den einaste som har spelt i samtlege 40 kampar i år. Til saman enda han med 211 kampar i den svarte og kvite trøya, og scora 19 mål. Dette skal du vera stolte av Kurt, og ta med deg vidare i livet ;)
Han har og fått tilbod om ein ny kontrakt med SIL, men i det Veitastrond kom på bana med sitt tilbod var det ikkje særleg mykje tvil om kva han villle. VIL slepp å betala nokon overgangsum for Kurt, då han kjem som bosmanspelar.
Me ynskjer Kurt hjarteleg velkommen til klubben. Det er liten tvil om at han kjem til å bli ein enorm ressurs på bana, men og utanfor bana ser me at Kurt har potensiale til å bli ein god mann for klubben. Sjølv om det er vanskeleg å vippa dagens trenarduo av pinnen, skal ein ikkje sjå bort ifrå at Kurt kan vera ein mogleg kanditat til ei trenarstilling ein gong i dei nærmaste åra.
Med Kurt, Frank Heggestad og Gaute Olstad føler me at troppen no byrjar å nærma seg komplett. Blandinga mellom fullblods strendingar, lokale hingstar og gamle travarar frå studenmiljøet ser no ut til å vera perfekt. Einaste som manglar no er at me får skikkelege treningstider på plass.
Til helga er planen at Kurt skal få ein liten omvisning på stadionanlegget til VIL-fotball, og me vonar då at me kjem attende med ein heidundrandes foto-session derifrå...
|