Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Treningskampen mot Lærdal er avlyst

Morgondagens planlagde treningskamp mot Lærdal er diverre avlyst.

Grunnen til dette er ganske enkelt at me ikkje klarde å skrapa saman nok folk til at me fann det naudsynt å ta turen over fjorden til Lærdal. Me kan ikkje seia anna enn at dette er noko skuffande, men erfaringsmessigt så viser det seg at fredagskveldane egnar seg dårleg for treningskampar på vinterstid.

På papiret har me no 26 mann, men til denne kampen hadde me berre 13 mann tilgjengeleg der ein 2-3 av desse og var usikre. Då har det ikkje mykje føre seg å draksa seg inn i Lærdal ein fredagskveld der det i tillegg er meldt skikkeleg budlevær, nett som i kveld.

Dette gjer til at den siste veka har vore ei heller laber veke for VIL-fotball. På tirsdagens trening var det kun dei 10 ivrigaste som møtte opp, medan dei fleste andre etter rykta vart observert med hovudet under armen på ein utestad i Sogndalsfjøra. Som ein erstatning for det tapte oppfordrar me difor alle VIL-spelarar om å køyra intensiv eigentrening i helga, anten i form av ein joggetur eller kjappe dansesteg på laurdagskvelden.

Ovanfor Lærdal beklagar me sjølvsagt at me ikkje kunne stilla til denne kampen, men vonar at me kanskje kan ta det igjen ein gong før sesongen brakar laust.

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com