Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

    LIVE; Eikefjord - Veitastrond

(hugs at du må oppdatera sida for å sjå kva som skjer i kampen. Dette gjer du ved å trykka på F5, eller "oppdater-ikonet" i nettlesaren din. Eventuelt kan du berre gå inn og ut av sida... ;)

 

Det vart tap 2-1 for Veitastrond i dag. VIL tok leiinga etter eit kvarter ut i 2.omgang, men Eikefjord utlikna med ein gong. 5 minutt før slutt så fekk dei eit nytt mål, og dette var nok til at dei vann kampen.

Eikefjord var det beste laget reint spelemessigt i dag, og dei går no opp på samme poengsum som Veitastrond. Kampen var sjansefattig og i grunn eit langt gjesp av ein fotballkamp. Etter ein flying start på årets sesong kom me oss i dag ned på jorda og me lyt no nullstilla oss og gjera klar til kamp mot Lærdal neste helg på Leikvoll.

Referat frå kampen kjem ikkje før i morgon.

Me takkar dei som har vore med oss for følge og ynskjer dykk ein framleis fin kveld...

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

90 minutt; Kampslutt. 2-1 til Eikefjord.

90 minutt; Lærdal - Syril 4-3. SLUTT!!!

90 minutt; Det er lagt til 3 minutt.

88 minutt; Bjørn som vart bytta ut er langt ifrå nøgd med dagens kamp. Føler han vart springande alt for mykje i mellom...

88 minutt; Emil vert takla knallhardt, og Eikefjord får eit gult kort. I tillegg har Åsmund fått gult på VIL. Det er antydning til temperatur på bana no.

87 minutt; Det ser diverre ikkje så veldig lovande ut no for Veitastrond.

86 minutt; 2-1. NEEEEEI!!!  Eikefjord vert spelt igjennom og scorar. I følge VIL-benken lukta det offside lang veg...

85 minutt; Gaute kjem inn for Bjørn.

83 minutt; Lærdal - Syril 4-3. Lærdal har snudd 0-3 til 4-3. Imponiiirande.

82 minutt; Erlend kjem inn for Øivind.

80 minutt; Helge bomma på ballen i det han skulle avklara inne i eigen 16-meter. Eikefjord snappa ballen, men skotet gjekk over mål. Stor sjanse for heimelaget.

78 minutt; Frykteleg lite å melda frå Eikefjord. Er midtbanekrig no, og dei store sjansane uteblir...høyres ut som ein forrykande fotballkamp for den nøytrale tilskodar dette...

73 minutt; Lærdal - Syril 3-3.

70 minutt; Kjempesjanse til Eikefjord. Kjem åleine med Gøran som er nede i kneståande, men avslutninga går langt over. Stor sjanse, men dårleg avslutning. Til og med Hildegunn hadde scora der seier ho...seier vel sitt.

63 minutt; Trass utlikninga til 1-1 så er humøret bra på benken. I følge vår bergensar Erlend Hagen så "skinner solen og alt er bare bra". Ingen av reservane våre er i oppvarming. Berre sit å latar seg på benken...

62 minutt; Frode vert felt på utsida av 16-meteren, men dommaren gjer ingenting. Sett par te heimadommar dao? ;)

60 minutt; 1-1. Buuuuuuuuuu!!! Erlend bommar på ballen ute på høgre, Eikefjord tek ballen og lobbar over Gøran og i mål. Der fekk me altså ein midt i fleisen.

58 minutt; 0-1. JEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEE!!! Frode kjem åleine igjennom etter pasning frå Bjørn, og han scorar sikkert.

56 minutt; Lærdal - Syril 2-3. Syril leia 3-0, men lærdølene er no med full fart på veg attende i kampen.

55 minutt; 2.omgang er i full gang igjen, men her er alt ved det gamle - altså lite som skjer. Innleiingsvis så kom Frode ein mot ein på 16 meter, men ein Eikefjord spelar gjekk rett i kroppen på Frode utan at dommaren blas frispark.

I pausen vart det snakka om at Frode og Kurt skulle prøva å få meir strekk i laget slik at Emil fekk meir rom på midtbana. Ellers er det ei oppfatning om at dommaren har vore noko pirkete så langt.

Kom litt seint i gang med 2.omgangen er på Veitastrond.com. Dette skuldast at redaksjon var å vaska opp noko panner på kjøkkenet - flittige kar, skal ikkje stå på det.

Pause; Me ventar på at 2.omgang skal byrja....

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

1.omgang har vore jamnspelt, men veldig sjansefattig. I følge Øystein Heggestad er det lite som skjer, men kampen har stor nerve. Eikefjord var farleg frampå ei stund då dei fekk ei rekke cornera og dei hadde og ein bra sjanse på slutten som Erlend fekk rydda unna. Veitastrond har ikkje hatt all verda med sjansar så langt.

Det gule kortet som Helge fekk for skodespel var etter rapportane heilt feil, og her skulle Veitastrond hatt frispark i farleg posisjon. Så me beklagar ovanfor Helge at me beskylda han for å driva med juks og fanteri.

Me tek oss no ein strekk på beina, og er attende med 2.omgang om litt.

45 minutt; PAUSE

43 minutt; Kan nevna at me ringer til Eikefjord ca kvart 5 minutt. Oppdateringa kjem difor litt stykkvis, og minutta er slik ca riktige. For dei som måtte lura på det... ;)

42 minutt; Etter at Eikefjord var best i innleiinga så har det jamna set ut etterkvart.

41 minutt; Stor sjanse til Eikefjord. Kjem mot Veitastrond buret, men Erlend reddar på streken. Hadde ikkje Erlend vore der hadde likevel truleg Gøran fått tak i ballen.

40 minutt; Eikefjord skyt frå langt hold, men Gøran slår til corner. Den vert det ingenting av.

35 minutt; Kurt kjem framover og spelar til Helge. Han vert takla like utanfor 16-meteren, men i staden for frispark så får Helge gult kort for skodespel. Ikkje så mykje å sei på det. Datt vela lett vår kjære bergensar der.

32 minutt; Framleis lite fart i kampen.

30 minutt; Eikefjord får frispark i god posisjon etter at ein VIL-spelar handsa. Gøran gjer retur på frisparket, men heldigvis bles dommaren av for offside. Hadde vorte farleg om den hadde gått.

28 minutt; Kurt headar utanfor etter innlegg.

25 minutt; Lite nytt å melda frå Eikefjord. Skjer visst fint lite der oppe no...

20 minutt; Eikefjord har vore det beste laget i innleiinga av denne kampen og ser farlegaste ut, meinar Hildegunn.

18 minutt; Sjanse for Veitastrond. Kurt og Frode kombinerar fint, men sistnevnte får ikkje dreis på avslutning og den triller inn til keeper.

17 minutt; Øystein er Veitastrond sin linjemann i 1.omgang. Har klart seg utmerket så langt.

16 minutt; Eikefjord pressar Veitastrond, og har komme til nokre halvsjansar. Vår motstandar har så langt vore dårlege til å avslutta. Hadde 4 cornera på rappen utan det vart noko av dette.

12 minutt; Framleis 0-0, og ikkje så veldig mykje å melda. Eikefjord har hatt eit lite initiativ, men har ikkje skapt noko sjansar. Hadde to frispark i brukbar situasjon, men ingenting ut av desse. I det me avslutta siste samtale med vår kontakperson; Hildegunn Heggestad, så plukka Gøran greit ned eit innlegg frå Eikefjord.

7 minutt; Lærdal - Syril 0-1 (denne 4.divisjonskampen går paralelt med vår kamp)

6 minutt; Eikefjord skyt himmelhøgt over mål.

5 minutt; Frode har vore igjennom to gonger, men begge har vorte avblåst for offside. Eine av tilfella var noko tvilsam, men ingen store protestar.

3 minutt; Eikefjor er frampå, men Gøran kjem ut og har kontroll.

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

5 minutt før kampstart; Siste oppdatering før kampen startar. Både Emil og Øivind er klare til dyst og startar kampen.

Det meldast om fint vær - sol med nokre skyer hist og pist. Ei meget flott kunstgrasbane ligg klar til kamp, medan det ligg ei like fin grasbane like ved som i dag får stå ubrukt.

Det er ca 20 tilskodarar på Eikefjord i dag, og kiosken er open.

Dagens dommar er Ståle Sandal.

Me ynskjer laga lukke til med kampen og måtte Veitastrond vinna uansett om dei er best eller ikkje ;)

25 minutt før kampstart; Emil er usikker på om han kan starta i dag, men vil prøva seg på oppvarming. Han slit med noko krampe greier i leggen. I tillegg har Øivind varsla at han slit med leggane sine òg, og han må sjå utover kor lenge han helde (slit sikker berre med kondisen tippar me)

30 minutt før kampstart; Hallois, og velkommen til live-sending her på Veitastrond.com. Me sit på Veitastrond med direkte kontakt på telefon med folket i Eikefjord, og vil losa dykk igjennom samtlege 90 minutt her på Veitastrond.com. Som de ser av laget har det skjedd nokre endringar; Kim Andre er diverre sjuk, og kaptein vår er dermed heimeverande. Erlend Sando kjem inn som erstattar for han på midtstopparplass. Med både Even og Kim Andre ute så er i dag Øyvind kaptein på Veitastrond.

På benken er det heller ikkje så mange som me fyrst hadde håpa på. Geir, Jon Arne, Jan Erik og Arne er ikkje med, slik at me berre har 3 mann på benken, men desse er til gjengjeld uhyre dyktige og ikkje minst gira på å komma inn å bidra i dag.

Kan og ta med at Kay Roar Hellebøe som i dag sit som VIL-fan på benken, truleg snart vil melda overgang til oss. Han vil i utgangspunktet komma inn som 4.keeper....

Ellers kan me melda om at spelarane har komme seg fram til Eikefjord og sit på noverande tidspunkt i garderoben og gjer seg klare. Turen oppover har gått relativt bra, sjølv om det framleis mangla ein bil som ikkje var kommen til rettes endå. Me vonar at dei snart finn vegen.

Me oppfordrar våre brukarar om å nytta seg av gjesteboka dersom det har nokre kommentarar til kampen, eller live-sendinga vår spesielt. Me tek i mot ros med takk, medan ris vert sletta umiddelbart....

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Veitastrond stiller med følgande lag;

Gøran

Øivind - Kenneth - Erlend - Øyvind (k)

Bjørn - Emil - Helge - Åsmund

Frode - Kurt

På benken; Gaute, Erlend H og Øystein

VIL fans på benken; Hildegunn og Kay Roger Hellebøe

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com