Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 Kven er mest underhaldande i Sogn og Fjordane?

Det har vore ein spesiell haustsesong for VIL-fotball der måla har hagla inn i begge endar hjå oss, og kampane har som regel enda med ishockeyresultat. Så mange mål har det vore at me i Veitastrond.com har laga til ein tabell over alle laga i Sogn og Fjordane for å sjå om det er nokon lag i fylket som kan visa til ein høgare scoringsrate pr kamp enn oss sjølve. Denne tabellen lagar me i det alle divisjonane er ferdigspelte og berre Sogndal sitt A-lag har fleire kampar igjen denne sesongen.

Tabell som i hovudsak viser kor mange mål som har komme i snitt pr kamp for kvar enkelt lag i Sogn og Fjordane;

  Lag Kampar + - Antall mål Divisjon Snitt Res Snitt mål 
1. Balestrand 9 59 17 76 6.div avd 1 6,6 - 1,9 8,4
2. Veitastrond 14 63 50 113 5.div avd 1 4,5 - 3,6 8,1
3. Sogndal 3 9 35 33 68 6.div avd 1 3,9 - 3,7 7,6
4. Aurland/Lærdal 2 9 19 48 67 6.div avd 1 2,1 - 5,3 7,4
5. Loen  12 74 15 89 6.div avd 3 6,2 - 1,3 7,4
6. Oppstryn 12 33 54 87 5.div avd 2 2,8 - 4,5 7,3
7. Anga 9 24 39 63 6.div avd 1 2,7 - 4,3 7,0
8. Haugen 12 30 51 81 6.div avd 3 2,5 - 4,3 6,8
9. Selje 2 12 11 70 81 6.div avd 3 0,9 - 5,8 6,8
10. Stryn 22 73 72 145 Firdaligaen 3,3 - 3,3 6,6
11. Dale 2 12 31 46 77 5.div avd 2 2,6 - 3,8 6,4
12. Flatraket 12 32 43 75 6.div avd 3 2,7 - 3,6 6,3
13. Eid 2 12 43 31 74 5.div avd 2 3,6 - 2,6 6,2
14. Førde 3 12 44 29 73 5.div avd 2 3,7 - 2,4 6,1
15. Gaular 14 49 32 81 5.div avd 1 3,5 - 2,3 5,8
16. Sogndal 2 22 77 48 125 Firdaligaen 3,5 - 2,2 5,7
17. Askv./Holmedal 22 52 73 125 4.div 2,4 - 3,3 5,7
18. Eikefjord 22 21 104 125 4.div 1,0 - 4,7 5,7
19. Gaular 2 15 30 55 85 6.div avd 2 2,0 - 3,7 5,7
20. Jølster 2 14 25 54 79 5.div avd 1 1,8 - 3,9 5,6
21. Hornindal 22 41 83 124 4.div 1,9 - 3,8 5,6
22. Årdal 2 22 67 56 123 4.div 3,0 - 2,5 5,6
23. Syril 22 66 56 122 4.div 3,0 - 2,5 5,5
24. Tambarskjelvar 15 53 30 83 6.div avd 2 3,5 - 2,0 5,5
25. Florø 3 15 52 31 83 6.div avd 2 3,5 - 2,1 5,5
26. Tornado Måløy 2 12 37 29 66 5.div avd 2 3,1 - 2,4 5,5
27. Stadlandet 12 38 28 66 6.div avd 3 3,2 - 2,3 5,5
28. Skavøypoll 2 12 32 34 66 6.div avd 3 2,7 - 2,8 5,5
29. Sandane 2 15 48 33 81 6.div avd 2 3,2 - 2,2 5,4
30. Bremanger 12 34 30 64 5.div avd 2 2,8 - 2,5 5,3
31. Vadheim/Høyang 2 14 35 39 74 5.div avd 1 2,5 - 2,8 5,3
32. Saga 22 80 36 116 4.div 3,6 - 1,6 5,3
33. Lærdal 22 48 68 116 4.div 2,2 - 3,1 5,3
34. Hyen 15 35 44 79 6.div avd 2 2,3 - 2,9 5,3
35. Selje 22 35 78 113 Firdaligaen 1,6 - 3,5 5,1
36. Breimsbygda 14 32 39 71 5.div avd 1 2,3 - 2,8 5,1
37. Vik  22 81 29 110 4.div 3,7 - 1,3 5,0
38. Førde 22 79 30 109 Firdaligaen 3,6 - 1,4 5,0
39. Sandane 22 50 58 108 4.div 2,3 - 2,6 4,9
40. Stryn 2 12 41 17 58 6.div avd 3 3,4 - 1,4 4,8
41. Bjørn 14 41 26 67 5.div avd 1 2,9 - 1,9 4,8
42. Eid 22 43 62 105 Firdaligaen 2,0 - 2,8 4,8
43. Dale 22 68 37 105 4.div 3,1 - 1,7 4,8
44. Kaupanger 2 14 30 33 63 5.div avd 1 2,1 - 2,4 4,5
45. Jølster 22 61 38 99 4.div 2,8 - 1,7 4,5
46. Skavøypoll 22 27 71 98 Firdaligaen 1,2 - 3,2 4,5
47. Tornado Måløy 22 58 38 96 Firdaligaen 2,6 - 1,7 4,4
48. Florø 2 12 24 27 51 5.div avd 2 2,0 - 2,3 4,3
49. Askv./Holmedal 2 15 19 44 63 6.div avd 2 1,3 - 2,9 4,2
50. Årdal 22 61 31 92 Firdaligaen 2,8 - 1,4 4,2
51. Høyang 22 36 54 90 Firdaligaen 1,6 - 2,5 4,1
52. Kaupanger 22 38 51 89 Firdaligaen 1,7 - 2,3 4,0
53. Førde 2 22 46 43 89 4.div 2,1 - 2,0 4,0
54. Fjøra  22 55 33 88 Firdaligaen 2,5 - 1,5 4,0
55. Hafslo 14 26 28 54 5.div avd 1 1,9 - 2,0 3,9
56. Florø 22 34 48 82 Firdaligaen 1,5 - 2,2 3,7
57. Sogndal 27 45 35 80 Adeccoligaen 1,7 - 1,3 3,0

Kommentarar til tabellen;

Som de ser så må Veitastrond nøya seg med ein 2.plass i fylket på denne noko uvanlege tabellen med eit snitt på 8,1 mål pr kamp. Me er berre slått av Balestrand som har feia igjennom årets 6.divisjon, og dei har eit snitt på 8,4 mål pr kamp.

Medan Balestrand har eit solid snitt resultat på 6,6 - 1,9 har me langt meir jamne kampar å sjå tilbake på og me har eit snitt resultat på 4,5 - 3,6.

Til saman har lag i Sogn og Fjordane scora 2521 mål i 2008. I snitt har det vore 5,2 mål pr kamp.

Ikkje overraskande er det lag frå dei lågaste divisjonane som pregar det øverste sjiktet av tabellen. Av topp 10 er heile 7 lag frå 6.divisjon, og ein kan kanskje då trekka slutningen at mange mål pr kamp ikkje nødvendigvis er eit synonymt med kvalitet.

Medan topp 10 innehar 7 lag frå 6.div og 2 lag frå 5.div er det fyrst og fremst Stryn som skil seg ut då dei spelar i Firdaligaen. Bortsett frå Stryn er det berre Sogndal 2 som er inne på topp 30.

I botn av tabellen finn me kanskje ikkje så overraskande Sogndal sitt A-lag med berre 3 mål pr kamp. Heller ikkje så overraskande at dei fleste Firdaligaen laga befinn seg på nederste halvdel.

Kan og ta med at vår nærmaste nabo Hafslo ligg 3. sist på tabellen, og må dermed sjå at dei og på denne tabellen ligg i motsatt ende av Veitastrond...

Balestrand er det laget som har scora mest mål i snitt pr kamp med 6,6, medan Selje 2 har scora minst med 0,9 mål pr kamp.

Selje 2 har ikkje hatt ein alt for imponerande sesong og i tillegg til å ha scora minst har dei og sleppt inn flest mål med 5,8 mål pr kamp. Loen, Vik og Sogndal har minst innslepte pr kamp med 1,3.

Konklusjon

Veitastrond har ingenting i mot å vera i toppsjiktet på tabellen. Me er i den tru at alle måla som har komme i år har gjort til at kampane våre har vore i snitt meget underhaldande denne sesongen - noko det høge publikumstalet vårt og er prov på.

Bortsett frå dette vil me ikkje nytta tabellen til å setta nokon lag i fylket i bås, og me er visse på at antall mål pr kamp ikkje nødvendigvis er synonymt med hverken underhaldning eller kvalitet på ein fotballkamp. Slik sett er denne tabellen berre meint som ein interessant tabell (for spesielt interesserte kanskje), som innehar turre fakta om måla som er scora i Sogn og Fjordane i 2008!

(Me ser heller ikkje bort frå at tabellen kan innehalda enkelte småfeil, men det får de heller leva med...)

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com