|
Årets midtstoggar-ring er slutta
Kontinuitet er ikkje akkurat det som har vore varemerket til Veitastrond Fotball si forsvarsrekke denne sesongen. Når Geir Aardal og Kenneth Mo spelte saman i midtforsvaret mot Årdal 2 denne veka var det faktisk fyrste gongen me mønstra to stoggarar som har spelt i lag før i år. Det var Geir og Kenneth som spelte saman i seriepremieren mot Lærdal, men etter det har me stilt med 6 nye og ulike stopparpar før me slutta ringen mot Årdal 2 og stilte med Geir og Kenneth igjen. Desse 7 stopparpara har vore fordelt på 7 ulike spelarar, og eigentleg skulle me etter planen ha starta med endå eit nytt par på måndag, men grunna sjukdom trekte me Kenneth inn som stoggar. Ei lett blanding av mange alternativ og mange skadar lyt ta skulda for så mange ulike stoggarvariantar.
Følgande stoggarpar har vorte nytta så langt i år;
- Geir Aardal og Kenneth Mo (vs Lærdal, 17.april)
- Øivind Kristiansen og Kim Andre Navarsete (vs Førde 2, 26.april)
- Richard Nes og Kim Andre Navarsete (vs Selje, 1.mai)
- Vidar Vadseth og Kenneth Mo (vs Eid 2, 10.mai)
- Richard Nes og Kenneth Mo (vs Syril, 15.mai)
- Erlend Sando og Kenneth Mo (vs Saga, 26.mai)
- Erlend Sando og Øivind Kristiansen (vs Dale, 5.juni)
- Geir Aardal og Kenneth Mo (vs Årdal 2, 8.juni)
Her ser me at Kenneth Mo er den som har spelt flest kampar i midtforsvaret. Med sine 5 startar har han altså spelt saman med heile 4 partnerar. Geir Aardal, Øivind Kristiansen, Kim Andre Navarsete og Richard Nes står med kvar sine 2 startar som midtstoggar medan Vidar Vadseth har ein 1 kamp.
Mot Årdal 2 på måndag var planen eigentleg at Geir og Erlend skulle starta som midtstoggarar, men sidan Erlend vart sjuk kunne for fyrste gong spela med dei samme to bak som me hadde gjort tidlegare.
Uproblematisk ?
Me lukkast ikkje å komma i kontakt med nokon av trenarane i klubben, men tok heller ein prat med spelande styremedlem Bjørn Molland for å høyra korleis klubben ser på midtstoggar-situasjonen så langt i år;
Er det eit stort problem for Veitastrond at de ikkje har fått spelt saman eit midtstoggarpar i årets sesong?
Nei altså, problem og problem. Eg vil tru det finnes større problem her i verda for å sei det på den måten. Kvifor spør du meg om det eigentleg?
Vel, sidan du sit i styret tenkte me kanskje du hadde ein formeining om dette?
Tja, eignetleg ikkje. Når eg såg Veitastrond.com var på tråden tenkte eg kanskje de skulle intervjua meg angåande dei to herlege scoringane mine mot Årdal 2 på måndag.
Det kunne me vel alltigens ha gjort, men no driv me å skriv ein artikkel rundt midtstoggarane og ser det ikkje som naturleg å komma innpå måla dine her. Det har altså ikkje vore så mykje snakk om midtstoggarkrisa til VIL?
Nei, stort sett berre vevansvarleg som har gått å modda om at han hadde ei kjempesak. Dei som har spelt midtstoggarar har no klart seg bra nok tykkjer eg...
Jaa.. men litt om kampen på måndag då. Du scora to flotte mål, men likevel tapte de. Surt å ikkje få med seg 3 poeng etter den flotte 1.omgangen??
Flotte mål ja? det er vel mildt sagt - to gode kandidatar til årets mål tenkjer eg me seier. Klart det er surt å ikkje vinna fotballkampar, men med tanke på den innsatsen eg sjølv la ned kan eg ikkje gå rundt å henga med hovudet etter denne kampen. Var 10 andre luringar på laget som får ta seg av skuffelsen, og prøva å heva seg opp på mitt nivå til Sandane kjem på besøk i helga...
...
Me i Veitastrond.com takkar Bjørn for ein noko uoffisiell prat, og rundar av med at det altså ikkje er noko krise i klubben sjølv om me ikkje har fått satt noko fast stoggarpar denne sesongen. Likevel vonar me sjølvsagt at me skal få litt meir stabilitet rundt kven som er med til kvar kamp og kanskje drilla inn ei forsvarsrekke etter kvart (stor sjanse for at det skjer sikkert...)
|