|
Klargjering av Leikvoll Stadion
Snø er sjeldan mangelvare på Veitastrond, og pr dags dato er vår kjære heimebane Leikvoll Stadion dekt av ca 1,5 meter med snø. I helga var ein ivrig dugnadsgjeng på plass på Leikvoll for å molda bana, og dermed gjera smelteprosessen så kort som muleg. I morgon er det akkurat 1 månad til me spelar fyrste seriekamp den 14.mai, og det blir eit kappløp med tida med å få bana klar til då.
Emil Heggestad, Kurt Heggestad, Richard Nes og Jimmy Hilleren møtte trufast opp på Leikvoll kl 09:30 på laurdagsmorgonen. På ein dag då skyene låg langt ned etter fjellsidene på Veitastrond så var det molding av fotballbana som stod på programmet.
Då me kom heim hadde allereie nokon vore å hatt på eit lag med mold - me mistenkjer vår kjære banemann Johannes Nes om å komma oss i forkjøpet. Likvel så tok med oss tid til å ha på eit lag til med mold når me allereie hadde teke turen.
I dag er det altså 1,5 meter med snø på bana, og den siste tida har det gått noko trått med smeltinga. Før i veka målte Kurt Heggestad at snømengden gjekk ned med 1 cm på ein dag, og held det fram med denne farten så er det ennå 150 dagar til det er snøfritt på Strondi og då er me plutseleg komne til september før det er `taoe`...
No når bana er molda kjem nok ting til å gå adskillig fortare, og me har eit realistisk håp om at bana er klar til 14.mai. For at dette skal lykkast er me eine og åleine avhengige av at værgudane er med oss. Trenar Emil Heggestad overvurderte nok effekten av moldinga littegranne då han allereie på morgonen etter var på plass for å merke bana, men han måtte berre slå fast at snøen framleis låg tjukt på Leikvoll.
Arbeidet med moldinga tok ca 1,5 time, og etterpå bar det rett fram på kafeen der me grøypte innpå med velfortjente vaffler medan me skrapa lodd for harde livet!
Sjå fleire bilder frå moldinga HER
|