|
Morten Hagen klar for Veitastrond
Me i VIL-fotball er stolte over å kunne presentera Morten Hagen som ny spelar. Morten har i 12 år vore ein av grunnsteinane til Fjøra FK og han står bokført med 242 kampar og 12 mål for raudtrøyene der dei fleste kampane har funne stad i 3.divisjon med unntak av sesongen 2000 då Fjøra var oppe i 2.divisjon. At han no vel å melda overgang til VIL-fotball og 5.divisjon ser me på som ei tillitserklæring og det syner at Veitastrond er ein attraktiv klubb å komma til.
Etter 12 år i Fjøra har altså Morten fått nok av livet i 3.divisjon. "Når ein spelar i 3.divisjon er ein på mange måtar mellom borken og veden. Nivået er så høgt at det krev at ein satsar 100% og er med på 3-5 økter i veka, samtidig er det framleis amatørnivå og alt skjer på fritida. Eg føler no eg har gjort mitt på dette nivået, og vel difor å gå ned 2 hakk for å spela med Veitastrond i 5.divisjon.", sa ein meget oppglødd kar til Veitastrond.com i kveld. Han legg likevel ikkje skjul på at han har hatt ein fantastisk tid i Fjøra, og han er takksam for alt han fått oppleva med det som har vore klubben i hans hjarta.
Kurt Heggestad-effekten
Valet var lett for Morten når han skulle finna seg ny klubb. Det er ein dårleg skjult hemmeleghet at VIL-fotball over fleire år har vore interessert i å sikra seg den tekninske midtbanespelaren, og særleg så blussa ryktene opp etter sesongen i haust. Ut på nyåret var likevel Morten tilbake på treningsfeltet med Fjøra, og det verka som overgangen skulle renna ut i den store sanden. Det var då ei særs gledeleg overrasking når Morten slo på tråden til trenar Emil Heggestad i førre veke og spurde om han kunne slutta seg til stjernegalleriet til Veitastrond Fotball - og sjølvsagt kunne han det.
Morten trur han har mykje å bidra med på VIL, og sjølv er han meget oppglødd over å spela saman med Kurt Heggestad. "Når Veitastrond i 5.divisjon reiser stad å henta den beste spelaren til Sogndal frå haustsesongen 07 kjenner ein at det går ein gufs igjennom heile fotballregionen. Sogndal riv seg nok i håret og undrar på korleis ein 25 år gamal gut kan velja Veitastrond og 5.divisjon framfor dei sjølve. Eg meinar me må spela alt me kan på dette, og eg sikker på at media er nysgjerrige på denne klubben og det blir forhåpentlegvis ein del blest rundt laget i år"
Og kva så med ambisjonane? "Eg ser ingen grunn til at me ikkje skal ha som mål å rykka opp til 4.divisjon. Stallen ser i allefall meget sterk ut, og så får det vera opp til trenarane kva dei klarar å få ut av oss", avslutta ein stolt VIL-spelar med.
Godt førebudde
Med dei to heimkomne sønene Gaute Olstad og Frank Heggestad saman med Morten Hagen, Kurt Heggestad og Sindre Mørkve er me nok blant vinnarane på overgangsvindauge så langt i vinter.
Stallen byrjar no for alvor å fylla seg opp, og i utgangspunktet er døra no stengt for nye overgangen...men likevel skal ein ikkje sjå bort i frå at det er ei aldri så lita glipe der ein spelar eller to muligens klarar å pressa seg inn - kven kveit?
På vegne av heile Veitastrond ynskjer me i allefall Morten Hagen hjarteleg velkomen til klubben vår!!!
|