|
Mystisk e-post
Veitastrond.com mottok i dag ein mystisk e-post, som kan linkast til mysteriumet rundt den forsvunne pokalen vår.
På ein enkel e-post ifrå ein som kallar seg Kalle Klovn mottok me følgande bilde;

I eposten står det ei enkel linja; Sannheten vil komma for ein dag...
Den forsvunne pokalen?
Sjølv om bildet me mottok er av noko dårleg kvalitet (truleg knipsa av mobilkamera?) er det rimeleg å tru at det viser den forsvunne pokalen vår. Kvar dette eventuelt er knipsa frå er vanskeleg å seia, men me trur i allefall ikkje at det er oppe i Fjærlandsbommen...
Med tanke på at det står at sannheten vil komma for ein dag så reknar me med at det vil komma fleire opplysningar i saka etterkvart. Om desse opplysningane vil gå gjennom oss i Veitastrond.com, eller i andre fora er vanskeleg for oss å seia.
Uansett vert me ikkje så mykje klokare, men me er trass alt glade for å sjå at pokalen ser ut til på vera i god forfatning.
Me oppfordrar no den som sit på pokalen om å levera denne attende til klubben slik at me kan stilla den ut i det planlagte premieskåpet vårt.
|