|
Neste års 4.divisjon

Heilt sidan Førde gjekk på eit aldri så lite tap mot Åskollen i Drammen har det vore klart kva lag som kjem til å spela i neste års 4.divisjon. Det vert 12 lag der 8 av desse var i denne divisjonen i fjor, 2 har rykka ned frå 3. og 2 lag (deriblant Veitastrond) har rykka opp i frå 5.divisjon. Allereie no kan me i VIL-fotball konstantera at neste sesong vert uhyre spanande for vår eigen del. Me har no komme oss opp på eit nivå som er på det øvre sjiktet av fotballen i Sogn og Fjordane, og neste år ventar det oss mange motstandarar som me har lite eller ingen kjennskap til.
I alfabetisk rekkefølgke tek Veitastrond.com her ein liten gjennomgang av dei 11 laga me møter på til neste år, og gjer dermed både spelarar og supportarar ein anledning til å bli litt kjendt med laga som neste år gjestar Leikvoll Stadion.
Askvoll/Holmedal - Dette er moderklubben til Øvind Kristiansen, og iflg Øivind sjølv har han allereie fått beskjed om at han ikkje er velkommen attende å spela mot sine eigne. På Askvoll sine eigne flotte heimesider refererer dei imidlertid Veitastrond som det mest spanande av dei nye laga i divisjonen. Dette er eit lag som har vore i det nedre sjiktet av 4.divisjon dei siste 2 åra, og i år enda dei på ein 10.plass. For vår del vert dette eit heilt nytt bekjentskap, og me veit eigentleg lite om kva me går til. Difor vil det verta naturleg å nytta Øivind som sjefspeidar før møtet med desse. I følge Gule Sider tek turen frå Veitastrond til Askvoll ca 3 timar, og det vert då ein av mange lange borteturar i år.
Dale - Rykka ned frå 3.divisjon i 2007, og i år var dei særs nær å rykka direkte opp men måtte sjå at Jølster kapra siste opprykksplassen i siste kamp. Me reknar med at Dale vert eit av laga som og neste år kjem til å kjempa om opprykk til 3.divisjon. Veitastrond har aldri møtt Dale før, men me gler oss likevel til å ta i mot Dale som vert trena av Stian Neset som er ein gammal kjenning for oss. Stian er son av Ivar Neset (eller Sjur Ivar om du vil), og han var mykje på Strondi i sine yngre dagar. Me tippar Stian aldri hadde drøymt om at han nokon gong skulle ta turen til Leikvoll for å spela seriefotball, men no får han altså sjansen. Gule Sider antek køyreruta Veitastrond - Dale og vera ca 3 timar.
Eid 2 - I likhet med oss så rykka Eid 2 opp frå 5.divisjon i år. Dei vart nummer 2 i den andre avdelinga, men sidan Førde 3 ikkje kunne rykka opp fekk altså Eid 2 plassen. Me slo som kjendt Førde3 5-3 i KM-finalen utan at førdianarane imponerte oss særleg mykje, og på bakgrunn av dette er me redd for at Eid 2 kjem til å slita i neste års 5.divisjon. Eid vert og eit heilt nytt bekjentskap for vår del, og antatt køyrerute Veitastrond - Eid er ca 2,5 time.
Førde 2 - Eit lag som har enda midt på treet i 4.divisjon dei siste to åra, og som truleg gjer det og neste år. Truleg får dei av og til med spelarar frå 1.laget til Førde, og me tippar at Førde 2 på ein god dag kan slå kven som helst i denne divisjonen. Vårt bekjentskap med Førde var når me som tidlegare nemt slo 3.laget deira i KM-finalen, og truleg møter me nokre av desse unggutane på 2.laget neste år. Gule Sider oppgjer køyreruta Veitastrond - Førde til å vera litt over 2 timar.
Lærdal - Eit av få lokaloppgjer neste sesong vert mot Lærdal. Dette er eit lag me kjenner godt frå tidlegare då dei spelte i 6.div med oss i 2004-05. Sidan den gongen rykka dei rett opp i 4. på 2 år, men no eit par år etter har me pika deg teke dei igjen. På 2 år i 4.divisjon har Lærdal måtte slita litt, og dei har enda på nedre halvdel begge dei to føregåande sesongane. Me har spelt 5 seriekampar mot lærdølene, og tapt samtlege. Kampane mot Lærdal hugsar me som til tider harde bataljar, og kven kan gløyma 2-5 tapet heime på Leikvoll der både Even Kvam, Geir Aardal og ikkje minst linjedommar Arvid Heggestad fekk marsjordre av dommaren. Veitastrond.com antek turen Veitastrond - Lærdal til å vera på ca 1,5 time der ei pølse på ferja bør vera obligatorisk for alle spelarane (synd dei har teke vekk speleautomatane)
Saga - Klubb frå Førde som består av mange gamle ringrevar + nokre yngre spelarar deriblant tidlegare VIL-spelar Frank Robert Værn. Trekte for nokre år sidan laget frå 3.div, og valgte å byjra på nytt i 6.div. Derifrå vart det to strake opprykk, før dei i år enda på ein finfin 4.plass i årets 4.divisjon. Er eit lag som utvilsamt kan slå alle, og vert truleg ein utfordrar til eine opprykksplassen. Veitastrond har aldri tidlegare spelt mot Saga. Klubben ligg altså i Førde, og turen tek då cirkus litt over 2 timar (altså mykje likt reiselengda til Førde 2 kampen)
Sandane - Rykka ned frå 3.divisjon i 2007, men klarde ikkje å slå tilbake i årets 4.divisjon då dei havna på ein skuffande 8.plass. Ein klubb som har potensialet til å vera med i toppen av 4.divisjon, og ei ny kunstgrasbane som er under planlegging kjem heilt sikkert til å verka positivt inn på dei. Me har aldri før møtt Sandane og har liten kjennskap til dei som klubb, men me ser at dei i likhet med oss spelar i blått så her lyt me nok pussa støv av bortedraktene våre igjen. Gule Sider antek køyreruta Veitastrond - Sandane til å vera på 2t og eit kvarter.
Selje - Eit jo jo lag som rykka ned frå 3.div i 2006, opp igjen året etter medan dei i år igjen måtte ta turen ned frå 3.divisjon. Eit lag som er kjendt for å spela med høgt engasjement, og dei har ei frykta heimebane. Dette er eit lag som heilt sikkert vil vera med i toppen av neste års 4.divisjon. Vårt bekjentskap med klubben er imidlertid lik null, men nokre av spelarane har truleg spelt mot dei tidlegare for Hafslo. Dette vert og ei av dei lengste borteturane, og faktisk må ein nett innom Møre & Romsdal for å komma til Selje, iflg Gule Sider tek turen Veitastrond - Selje litt over 3,5 time.
Skavøypoll - Eit lag som og måtte ta turen ned til 4.divisjon etter fleire år i fylket sin gjevaste divisjon. Hadde holdt plassen i 3. dersom Førde hadde rykka opp, og me er sikre på at dei er rimeleg tente på å rykka direkte opp igjen til 3.div. Me held i allefall Polljen som favoritt i neste års 4.divisjon, og me ventar tøff motstand mot eit lag me aldri tidlegare har spelt mot. Dette vert og ein lang tur ut mot fjordgapet og iflg våre venner på Gule Sider tek og denne turen ca 3,5 time.
Syril - Endeleg eit lag i vårt nær område, og kampane mot Syril neste år vert og sesongens højdare innan lokaloppgjer for vår del. Systrendingane rykka opp frå 5.div i 2007, og yppa seg i tetsjiktet i årets 4.div, og enda til slutt på ein fin 5.plass. Me har tidlegare møtt Syril 2 i seriesamanheng, medan me har møtt Syril i treningskamp før dei siste to sesongane (tap 1-5 og siger 3-2 i fjor). Dette vert kampar me gler oss til, og me ventar at mange bortesupportarar tek turen til Leikanger i 2009 som me anslår til å vera på ein god time på turr asfalt med klampen i bånn.
Årdal 2 - Siste lag ut vert andrelaget til Årdal. Dei er i likhet med Førde 2 eit typisk midt på treet laget i denne divisjonen, og dei består truleg av unge framadstormande spelarar ispedd ein og annan frå 1.laget. Eit lag som heilt sikkert kan tukta dei beste dersom dei har dagen, og me ventar oss spanande kampar på Cuuuuubaa Stadion nede på Tangen (dersom dei framleis spelar heimekampane sine der då). Me har aldri før møtt Årdal 2, men har mange kampar med varierande suksess mot det no nedlagte 3. laget til årdølene. Turen til Årdal anslår me til å vera på rundt 2 timar...
Veitastrond.com innser at det her kan vera enkelte feil med tanke på infoen om laga, og ikkje minst tida på køyrerutene - men e da so nøye dao?
|