Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  NM i fotballweb 2009 - Veitastrond.com er blant finalistane

Kvart år så arrangerar nettsida fotballen.eu NM i fotballweb. Av 664 registrerte heimesider i Norge så vert det fyrst plukka ut eit finaleheat på 100, som så vert rangert nedover til landet si beste heimeside til slutt vert kåra. Veitastrond.com var opprinneleg ikkje med på den fyrste lista over topp 100, men det var satt ein klageperiode på ca ei veke og denne benytta sjølvsagt me oss av. Denne gongen viser det seg at syting og klaging faktisk kan føra fram og me er utruleg stolte og glade over å sjå at Veitastrond.com no er kommen inn i det gode selskap over topp 100 heimesider i Norge.

Fotballen.eu har heilt sidan 2001 hatt årlege kåringar over beste heimesider her til lands. I fjor var det Moss som stakk av med sigeren, medan Viking vann året i 2007 - det er altså ikkje kven som helst me skal konkurrera med i finalen.

Her i fylket har Fjøra utmerka seg i denne kåringa og har stort sett vore inne blant topp 10.

Andre klubbar frå fylket som er med blant topp 100; Askvoll/Holmedal, Eid, Fjøra, Førde, Stryn, Sogndal og Årdal.

Sytepavane slår til

Det er sikkert ikkje alt me er like gode til på Veitastrond, men ein ting er me alvorleg gode på, og det er å syta, klaga og bera oss over alt som måtte gå oss i mot. Så då Veitastrond.com ikkje kom med på den fyrste topp 100 lista i år var me sjølvsagt ikkje seine om å benytta oss av klageperioden på ei veke.

Me er utruleg glade for at me denne gongen vann fram med ein klage og me i redaksjonen klarar vel ikkje heilt å skjula kor stolte me er over å komma med på denne lista og dermed bli lagt merke til på landsbasis.

Det blir sjølvsagt spanande å sjå kva plassering me endar på til slutt. Uansett er me utruleg nøgde med å vera inne blant topp 100, og alle plasseringar over nr 100 vert no som ein bonus å rekna for oss.

Nedtellinga skjer i oktober

Det som skjer framover no er at Fotballen.eu skal gå igjennom alle finalistane på nytt og prøva å rangera desse. Det vert så presentert 10 heimesider kvar dag der ein byrjar på nummer 100 og tel seg nedover til fyrsteplassen.

Me anbefalar på det sterkaste å følga med på Fotballen.eu sine heimesider for å sjå korleis det går med Veitastrond.com. Du finn heimesidene deira HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com