Nye spelarar
Då er tida inne for å presentera 3 nye spelarar. Denne gongen er det ein bergensar og to lokale sogndøler me vil visa fram for fansen. Gled deg til å verta kjend med dei nye fjesa!
Ole Kristian Vikheim
_spelarmote/olekristianvikheimnymannmellomstengene.jpg)
Alder; 25
Heimstad; Sogndal
Tidl. klubbar; Sogndal og Norane
Yrke; snikkar
Favortitt posisjon; keeper
Favorittlag; Manchester United
Ole Kristian er ein lokal gut som til dagleg jobbar saman med Bjørn Molland. Han er i utgangspunktet tenkt som keeper, men vedgår sjølv at han ikkje er heilt borte frå tanken om å prøva seg utpå og då gjerne i forsvar. Han har so langt gjort det meget bra på trening uansett kor han har spelt, og det ser ut som han vil bli eit glimrande tilskot til VIL-fotball.
Velkommen til klubben Ole Kristian!!!
Helge Skjælaaen
_spelarmote/nyvilstjernehelgeskjlaaen.jpg)
Alder; 22
Heimstad; Bergen
Tidl. klubbar; Bergen Nord og Hovding
Yrke; student
Favoritt posisjon; sentral midtbane
Favorittlag; Liverpool
Helge er student og kjem frå samme "kullet" som Ivar Melby og Petter Fagerli. Han har solangt vist seg å vera ein vanvittig god fotballspelar på dette nivået. På dei 4 første treningane har han vore på vinnarlaget kvar gong, og dette er nok ikkje tilfeldig. Bergensaren har ein utsøkt teknikk og eit glimrande blikk for spelet. Held han fram på samme viset kjem han til å få ei meget sentral rolle på årets Veitastrond lag.
Velkommen til klubben Helge!!!
Vidar Vadseth
_spelarmote/nyspelarvidarvadseth.jpg)
Alder; 28
Heimstad; Sogndal
Tidl. klubbar; Sogndal 2, Fjøra og Kaupanger
Yrke; arbeidsledig (!)
Favoritt posisjon; bauta spiss
Favorittlag; Liverpool
Det er ikkje mange i Sogndal som ikkje veit kven Vidar Vadseth er. Etter mange år som dagleg leiar for Lægreidspuben og i tillegg vera ein kar med snakketøyet i orden kjenner nok dei fleste til denne karen. Som fotballspelar var han ein gong eit stort talent, men har dei siste åra ikkje vore aktiv. Han er ein klassisk target man som har styrke kombinert med ein utsøkt ballbehandling som sin force. Med Vidar på plass skulle VIL no ha bra tyngde på spissplass der gjennomsnittsvekta ligg på sirkus 3-sifra...
Velkommen til klubben Vidar!!!
| |