Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 Arbeidet med nye Leikvoll Stadion er snart i gang

Sidan tidleg i vår har Veitastrond Fotball jobba med å finna ei løysing på korleis me skal få oss ei større fotballbane. Fleire forslag har vore oppe til vurdering, og i sommar hadde me eit meget bra område på hand utan at dette løyste seg. Etter mange rundar har me no funne ut at det beste alternativet er å utvida Leikvoll Stadion. Dette trudde me lenge ikkje var mogleg, men ved hjelp av kreativ dugnadsånd og gode naboar let no dette seg gjera.

Alle som har spelt kamp på Leikvoll Stadion veit at denne bana er mindre enn fotballbaner flest. Dagens mål er 90x50 meter, noko som er absolutt minstemål som fotballkretsen godtek. Dette var eigentleg greitt nok så lenge me var i 6.divisjon, men etter at me rykka opp i fjor og er med i opprykkskampen til 4.divisjon så må me gjera noko. Skulle me rykka opp er det heilt uaktuelt for kretsen å godkjenna dagens banestørrelse, og me har fått klar tilbakemelding på at dei helst vil at me skal utvida uansett.

Beste alternativet

Me såg oss lenge om etter andre område i bygda som kunne vera aktuelle som fotballbane. I denne prosessen så fann me fort ut at det ikkje er så lett å finna eit område som er stort nok, har den rette beliggenheten og ikkje minst som eigaren vil gje slepp på.

Vår alltid like engasjerte banemann Johannes Nes har heile tida våre klar på at me burde satsa på å utvida Leikvoll Stadion. Me trudde lenge at dette ikkje var mogleg sidan bana ligg trykt inn i mellom to naboar, hovudveg og ei elv på nedsida. Johannes hadde likevel ein ide om korleis det kunne gjerast, og når han byrja å mela opp område så såg me at dette faktisk kunne la seg gjera.

Det me kjem til å gjera er å auka breidden med 5 meter på kvar langside. Dette er mogleg ved at me får leiga hjå naboane på begge sider. Dei har vist stor velvilje under denne prosessen, og det er me utruleg takksame for.

På oppsida er det ein hovudveg som det er fint lite å gjera med, men på nedsida av bana går ei elv og her kjem me rett og slett til å bygga ut elva for å få plass. Forhåpentlegvis klarar me og å strekka lengda med ein 3-4 meter.

Me vonar då at Leikvoll Stadion skal ha måla 95x60 meter når sesongen 2009 sparkast i gang. Me er sikre på at dette vil utgjera ein enorm skilnad, og endeleg kan Leikvoll framstå som ei skikkeleg fotballbane! Reint sportsleg sett er me og sikre på at det vil vera til vår eigen fordel, då me føler at kampane på Leikvoll uansett motstandar som regel vert av typen hawaii-fotball. Me har vist gang på gang at me er bedre til større bana me spelar på, og dette vil forhåpentlegvis gje oss positive ringverknadar til neste sesong.

Siste kamp på gamle Leikvoll

Sidan me no snart er kommen over i september, og me vil ha bana klar til neste år så må sjølvsagt arbeidet med nye bana snart komma i gang. Johan Hilleren står allereie klar med gravemaskina, og det vert ein del arbeid med å jamna ut området som skal bli vår nye fotballbana. Når han har gjort sitt med maskina må me og få sådd opp igjen langs sidene og dette bør skje i løpet av hausten.

Konsekvensane av dette kan bli at me kjem til å spela våre to siste heimekampar i år mot Hafslo og Bjørn utanbygds. Me forhøyrer oss no med Hafslo om å framskynda heimekampen mot dei til neste veke slik at me kan spela den på Leikvoll, men viss ikkje vert denne truleg spelt på Hafslo. Siste seriekampen mot Bjørn vert heilt sikkert spelt utanbygds, muligens i Sognahallen...

I dag trende Veitastrond på Leikvoll, og dette kan faktisk ha vore siste økt på gamle erverdige Leikvoll Stadion - utan at me fell noko tårer for dette, for heile klubben gler seg no stort over at utbygginga av Leikvoll er i gang.

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com