|
Nye Leikvoll Stadion tek form

I går kveld vart førebels siste hand på verket lagt til utbygginga av Nye Leikvoll Stadion. Johan Hilleren har dei siste vekene gjort ein imponerande jobb med gravemaskina, og i går kveld var det dugnad på bana der me plukka stein og torv og til slutt så fekk me sådd bana. Alt ligg no til rette for at 2009 sesongen vert eit kjempeår heime på Leikvoll.
Ei større fotballbane har stått på agendaen til VIL-fotball igjennom heile året. Spesielt kritisk vart det når me såg at me hadde muligheten til å vera med å kjempa om opprykk til 4.divisjon. Dersom me gjer det vil ikkje kretsen godta dagens mål på Leikvoll som er 90x50 meter. Me har difor vurdert fleire alternativ, men til slutt så fann me ut at det beste vart å bygga ut Leikvoll. Dette har vorte mogleg ved at me har fått leiga jord på begge langsidene av gode naboar samt at me har bygd ut elva på nedsida. Dette gjer til at Leikvoll Stadion anno 2009 vil ha mål på ca 95 x 60 meter.
Imponerande jobb av Johan
Dei siste par vekene har Johan Hilleren gjort ein imponerande innsats med gravemaskina på Leikvoll. Saman med banemann Johannes Nes, som har fungert som bas, har dei gjort det meste av jobben. Johan har jamna ut bana på begge sider, samt bygd ut elva på nedsida og det heile ser no meget bra ut.
I går kveld la me siste hand på verket då ein dugnadsgjeng gjekk over heile bana med riva og trillebåre og plukka stein og torv. Til slutt fekk me og sådd bana og Jimmy Hilleren avslutta det heile med å rulla bana.
Ein gledeleg dag for VIL-fotball
Me i VIL gler oss stort over at me endeleg får oss ei heimebane med normale mål. Med den storleiken som Leikvoll har hatt så har det vorte mange merkelege fotballkampar med ditto merkelege resultat. Det blir ofte litt for mange tilfeldighetar som har avgjort kampane her, og me føler at det er oss sjølve som ofte har tapt på å spelt her.
Difor gler me oss no stort til å sparka i gang fyrste heimekamp 2009, uansett om det måtte bli i 4. eller 5.divisjon.
Sjå fleire bilder frå nye bana HER
|