|
Ny treningskamp + endring i treningstider
VIL-fotball har booka endå ein ny treningskamp, og i tillegg vert det nokre endringar i treningstidene framover.

Tysdag 15.april pakkar me bagen og tek ferja over fjorden for å spela kamp mot Balestrand på Krekligen Stadion. Dette er ein motstandar me kjenner særs godt, og ute på kunstgraset deira har me spelt ei rekke gode kampar. I år spelar me ikkje i samme divisjon, og det blir soleis kjekt å ta seg ein økt med dei før sesongen startar.
Dette vert den 6.kampen som er fastsett, og i tillegg har me avtalt generalprøve med Kaupanger 2, men her er ikkje dato spikra (Torsdag 24.april har vore diskutert som mogelg dato) Med 7 kampar i oppkøyringsperioden føler me i allefall at me er godt budde framfør sesongen, og det skulle ikkje vera kampformen det skortar på når me sparkar i gang serien mot Breimsbygda i byrjinga av mai.
Endring i treningstider
Sidan Fjøra FK snart dreg på treningsleir så vert det frigjort litt areal i Sognahallen ei vekes tid. Dette vil seia at me då får nokre endringar i vårt oppsett. Me trenar som fylgjer;
- tysdag 25. mars trenar me kl 19:45 - 21:00 (i staden for 21:00 til 22:30)
- torsdag 27.mars trenar me kl 19:45 - 21:00
- måndag 31.mars trenar kl 19:45 - 21:00 (i staden for tysdag 21:00 - 22:30)
Med tanke på at me og spelar treningskamp mot Erdal 29.mars får me her ein super treningsperiode med ei økt annankvar dag i 8 dagar. For dei som tykkjer dette høyres forferdeleg ut så kan me trøysta med at dette er unnataka og ikkje regelen!
Me har og hallen disponibel i påsken, dvs tysdag 18.mars. Her kjem me til å trena kl 19:45 dersom det er stemmning blant spelarane for dette.
Etter påske kjem me som tidlegare nevnt til å trena ein gong i veka på Kaupanger i tillegg til ein gong i Storhallen. Dette vert forhåpentlegvis på torsdagane rundt kl 19:30. Me trenar då 2 gonger i veka heile april månad.
Korleis det blir når sesongen byrjar har me ikkje diskutert så fela mykje, men det er lite truleg at det vert meir enn ei trening i tillegg til kamp. Med tanke på at kampdagane er så ulike vert det muigens vanskeleg å få eit fast tidspunkt, men dette er likevel såpass lenge til at me ikkje giddar å bry oss så mykje om det akkurat no...
|