|
Ny spelar; Sindre Mørkve
Den siste tida har overgangane til Gaute Olstad, Frank Heggestad, Kurt Heggestad og no sist Morten Hagen teke mykje av oppmerksomheta vår. Litt stillare i døra har me og henta inn 1985-modellen Sindre Mørkve. Han kjem frå Voss og må betegnast som ein spelande stoppartype.
Sindre hadde si fyrste trening med VIL for ca 3 veker sidan, og har sidan den gong imponert stort med sitt spel. Han innehar både fart, styrke og til forsvarspelar å vera har han ein imponerande teknikk. Hadde det ikkje vore for den store konkurransen på sentral midtbane ville nok Sindre vore eit reelt alternativ på denne plassen. Slik som ståa er no anser me Sindre som ein heit kandidat til å kapra ein plass i midtforsvaret.
Så vidt me kan sjå er Sindre den fyrste spelaren frå Voss som sluttar seg til VIL-fotball. Han var som tidlegare nevnt med på trening i fjor og, men då vart det aldri noko overgang.
Til dagleg studerer han 3. og siste året på Økonomi ved HSF, og har soleis berre skrive under for eit halvt år. Etter vårsesongen kjem han til å pakka sekken og reisa frå distriktet, og han fyljger då Petter Fagerli og Ivar Melby ut av døra til Veitastrond.
Debut til helga
Han kjem til å få si ilddåp både fotballmessigt og sosialt når han vert med både til kampen mot Syril og ikkje minst kick-offparty seinare på laurdagskvelden. Til den kvinnelege fansen må me diverre informera om at denne guten har kjæraste.
VIL-fotball ynskjer Sindre velkommen til klubben, og vonar me får mange fine stunder i saman!
|