|
Ole Christian Løvik er klar for spel

På siste dagen av overgangsvindauge fekk Veitastrond i boks overgangspapira på Ole Christian Løvik, og det meste tyder no på at han er klar for spel til kampen mot Årdal 2 på måndag. Dermed har VIL-fotball nok ein gong slått kloa i ein profilert fotballspelar her i distriktet og me har store forventningar på kva Ole Christian vil utretta som Veitastrondspelar. Spelarstallen er allereie stor i frå før og med endå ein mann inn så tetnar det seg no verkeleg til i kampen om å komma med på laget. Så spørst det om det er Ole Christian Løvik som skal redda Veitastrond sin plass i årets 4.divisjon?
Ole Kristian er 27 år og er oppvaksen i Sogndal. Dei siste åra har han opphaldt seg på Lillehammer, men no har han tatt med seg sambuaren og deira 1 år gamle son tilbake til Sogndal og truleg slår han no rot her for godt. Til dagleg studerar han engelsk på HSF i tillegg til at han òg jobbar litt som lærar ute på Kaupanger.
"Sogn og Fjordane sin beste venstrefot"
Som fotballspelar har han bak seg ein karriere der han har spelt for Sogndal 2, Kaupanger, Fjøra og seinast Follebu på austlandet. Han var sist aktiv på våren 2008, så det byrjar bli ei stund sidan han hadde smaken på fotballen og me reknar såleis med han kjem til klubben svolten som ein ulv.
Ole Christian vil fyrst og fremst bli aktuell på midtbana der han kan spela både sentralt og ute på venstre sida. Han er kjendt som ein tekninsk god spelar med framifrå spelarforståing. I tillegg har han ein følsom venstrefot og for nokre år tilbake skreiv Sogn Avis at Løviken hadde den beste venstrefoten i heile Sogn og Fjordane, noko som hovudpersonen sjølv ikkje heit vil vera med på;
"Dette var ein uttalelse som journalisten i Sogn Avis får ta ansvar for. Eg hugsar godt at det stod på trykk og eg fekk ein del kommentarar frå andre gode venstrebein i fylket slik som Tommy Øren og Anders Stadheim", uttalar han til Veitastrond.com. Me trur imidlertid det var mykje rett i det som stod på trykk i avisa, og publikum på Leikvoll kan nok venta seg mange velplasserte frispark og lissepasningar frå vårt nye stjerneskot i tida framover.
Har funne seg godt til rette
Sjølv om han berre har gjennomført eit par treningsøkter med klubben har han allereie funne seg godt til rette, og han er sikker på at han har valgt rett klubb.
"Dette verkar til å vera ein kjempeklubb som passar perfekt for ein som meg, som har lyst å kombinera fotballl på eit relativt høgt nivå med familieliv. Det er uråd for meg å knytta meg til ein klubb som trenar kvar og der vert stilt høge krav. Slik sett passar Veitastrond perfekt og dei inntrykka eg har fått frå klubben og spelargruppa så langt er utelukkande positive. Eg er no 100% klar til å yta maks for min nye klubb", seier ein energisk Ole Christian som med slike uttaleser vil gå rett heim hjå VIL-fansen.
Veitastrond sin hovudtrenar Emil Heggestad seier at klubben har vore i dialog med Ole Christian heilt sidan i vinter når det vart kjendt at han skulle flytta heim, og det er godt å no endeleg få overgangen i boks; "Så abolutt godt å få dette i boks no ja. Me veit at Ole Christian har kvalitetar som vil tilføra klubben mykje på bana, og i tillegg er han ein kjernekar som sprer om seg med sin positive aura samme kvar han går", seier ein som alltid like nøgd hovudtrenar medan han tek eit godt tak rundt sin nye elev.
Me ynskjer med dette Ole Christian Løvik velkommen ombord på det fantastiske skipet Veitastrond Fotball.
Sjå fleire bilder av Ole Christian (+ nokre frå gårsdagens trening) HER
|