Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Oppdatering på kva som skjer

Det har vore liten aktivitet på heimesida vår den siste tida. Dette skuldast fyrst og fremst at det har skjedd særs lite rundt klubben den siste veka, og det har vore fint lite å melda. Likevel har me prøvd å koka i hop ei oppdatering om kva som har skjedd, og kva som skal skje i tida framover.

Rett etter nyttår skjedde det mykje rundt klubben vår. Det vart halde fleire styre- og spelarmøte der planane for sesongen var lagde. Treningane byrja og oppmøte her var meget bra, og me var cirkus 20 mann pr trening. På overgangsvindauget hadde me det og hektisk og me rakk her å få overgangen til Kurt Heggestad i boks og i tillegg henta me inn Morten Hagen og Sindre Mørkve.

Det toppa seg for to veker sidan då me fyrst var 22 mann på trening tirsdag, sikra oss Hagen på onsdag, slo Syril 3-2 på laurdag og avslutta det heile med ein heidundras spelarfest på kvelden. Ei kjempeveke for VIL-fotball.

Diverre har tida etterpå vore ein lite nedtur for oss. På dei siste to treningane har me vore henholdsvis 10 og 14 mann - dette er utvilsamt langt lågare enn det me har som målsetting om. Med ein stall som syner bortimot 25 mann bør me vera mellom 16 og 22 på kvar trening. Me har sjølvsagt ingen problem med at folk melder avbud til treningar, og det er samme for oss om spelarar er skada, på tur, på fest eller sit heime å ser Frustrerte Fruer. Det me imidlertid forventar er at spelarane som ikkje har anledning til å komma gjer trenardueon melding om dette, diverre har dette svikta litt den siste tida. Me oppfordrar difor spelarane om å senda oss ein SMS eller gje beskjed til nokon andre som skal på trening slik at me har ei oversikt over kven som kjem og ikkje kjem.

Hovudtrenar Emil Heggestad har heller ikkje vore på trening siste 2 vekene, og av den grunn er det assistent Richard Nes som kjem til å ta ut laget som startar mot Jølster til helga. Det er grunn til å tru at treningsoppmøte vil få ei viss innvirkning her...

Den vesle nedturen me no opplever i midten av februar månad toppa seg forrige helg då me måtta avlysa den avtalte treningskampen mot Lærdal. I ettertid må me sjå på dette som særdeles sløvt av oss sjølve, og me burde her har gjort ein større innsats for å kunne ha gjennomført kampen. Avlysing av avtale treningskampar er noko me kjem til å strekka oss langt for å unngå i framtida!

Spelarstallen 

Pr. i dag tel spelarstallen vår 24 mann. Dette bør sjølvsagt vera meir enn nok, men den siste tida viser at me har bruk for alle mann. Det skal takast med at veteranane Arvid Heggestad og Arne Nes har trappa mykje ned, og dei blir nok ikkje mykje å sjå på hverken trening eller kamp i år. Likevel har dei to ein så sterk posisjon i klubben at dei får lov til å komma innom når dei føler behov for det, og dei blir soleis ståande oppført i spelarstallen. Arvid spelte ikkje ein einaste kamp i fjor, men me håpar han får seg nokre kampar i år og slår sin eigen klubbrekord på 53 år som eldste spelar med 2 år. Når det gjeld Arne har me eit håp om at han igjen vil aksla den blåe trøya når graset vert grønt på Leikvoll Stadion (om snøen då nokon sinne vil forsvinna....)

I tillegg til desse to er som kjent Helge Skjælaaen borte heile vårsesongen, og stallen er difor i praksis på 21 mann. Tek me og me at Gaute Olstad berre blir med i periodar grunna sin jobbsituasjon kan me forsovitt seia at stallen er på 20,5 spelarar.

I tillegg veit me at Petter Fagerli, Ivar Melby og Sindre Mørkve reiser etter våren.

Nye spelarar? 

Ingen nye spelarar har signert for klubben sidan sist. Likvel er det ingen hemmeleghet at Frode Kvam har vore med oss å trent den siste månaden, og me vonar at Frode vil signera for oss med tida. Hovudpersonen sjølv har ennå ikkje bestemt seg for om han skal halda fram i Fjøra, skifta klubb eller legga skodna på hylla. Me veit at omtrent samtlege klubbar i regionen ynskjer seg Frode sine tenester, og me bli meget glade om han vel å spela for oss sesongen 2008.

Ein annan spelar som me har vore ute etter er ornesingen Ole Petter Hatlevoll, også han tidlegare Fjøra spelar. Det har vore ein viss dialog mellom Ole Petter og VIL, men etter det Veitastrond.com har fått nyss om så har Ole Petter no bestemt seg for å bli spelande trenar til vår argaste konkurrent Hafslo. Om dette stemmer skjønar me sjølvsagt Ole Petter godt, då han får spela i moderklubben saman med sine to yngre brødre.

Om det skulle komma nye spelarar inn lovar me at Veitastrond.com sjølvsagt vil vera fyrst ute med denne nyhenda. 

Spelarprofilar

Her på heimesida vår driv me for tida å sankar inn årets spelarprofilar. Desse kjem til å vera faretruande like fjorårets. Så langt har innsankinga gått tregt, og me oppfordrar alle spelarane om å få røvi i gir å senda inn skjema på mail. Til dei som ikkje har fått skjema ennå ber me om at de sender oss ein mail (admin@veitastrond.com) så flekker me over dette rimeleg snøgt. Kjem til å knipsa nokre bilder til profilane i nær framtid.

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com