Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Oppsett for 5.divisjon neste år

Veitastrond har som kjent rykka opp til 5.divisjon etter å ha hatt dette som vårt store mål i 4 år. Takka vera at kretsen skal legga om seriesystemet sitt neste år så haldt det for oss å komma på 2.plass i vår avdeling, og me kan dermed til å forbereda oss på 5.divisjonspel neste år. Det er utvilsamt ei ny verd som vil venta oss til neste år, og me vil her sjå litt nærmare på kva som kan komme til å venta oss...

Me byrjar med 3.divisjon. Denne divisjonen vil vera slik som den er i dag med 12 lag. Nivået verkar diverre ikkje å vera veldig høgt i den lokale 3.divisjon vår, og me tvilar på at vinnaren av avdelinga vil makta opprykk. Rykte seier at vinnaren møter opprykkasugne Strømsgodset 2 i kvalik, og då trur me dei vil vera sjanselause. Me går difor ut ifrå at ingen lag vil rykka opp frå denne avdelinga. Med ingen som rykker opp, og ingen som kjem ned frå 2.divisjon vil 2 lag rykka ned til 4.divisjon

4.divisjon skal aukast frå 10 til 12 lag. Her går dei to øverste laga; Selje og Skavøypollen opp. Ingen lag rykker direkte ned, men Askvoll/Holmedal som kom sist spelar kvalik mot Bjørn som vart nummer 3 i 5.divisjon.

Frå 5.divisjon rykker Saga og Syril direkte opp. Det går ein del rykter om at Saga ikkje vil rykka opp, men sidan dette ikkje er bekrefta går me ut ifrå at dei tek i mot plassen i 4.divisjon. Bjørn som vart nummer 3 spelar som nevnt kvalik mot Askvoll/Holmedal, men sidan me gjerne vil behalda vår kommunekollega i 5.divisjon, så går me ut ifrå at dei tapar kvaliken og møter oss til neste år ;)

Ingen lag rykker ned ifrå 5.divisjon, medan dei 2 beste laga frå kvar 6.div avdeling + beste trear rykker opp. Det vil seia at me får til saman 16 lag i 5.divisjon som skal fordela seg på to avdelingar med 8 i kvar.

Etter våre berekningar vert dei 16 laga som fylgjer;

Bjørn, Florø 2, Bremanger, Gaular, Kaupanger 2, Vadheim/Høyang 2, Eid 2, Hafslo, Veitastrond,  Dale 2, Førde 3, Breimsbygda, Vikane, Tornado/Måløy2, Oppstryn og Heia (beste 3`ar)

Me går ut i frå at kretsen set opp avdelinga etter geografi og antek at vår avdeling vil sjå nokonlunde slik ut;

  • Veitastrond
  • Hafslo
  • Bjørn
  • Vadheim/Høyang 2
  • Førde 3
  • Breimsbygda
  • Kaupanger 2
  • Vikane

Vil gjera merksam på at dette er basert på ein del vissom atte og dersom atte og ein del synsing frå vår side, men så veldig langt i frå sanninga trur me ikkje at det blir.

I sofall vil me oppleva å få 3 lag frå Luster kommune, som i seg sjølv vil bli ein liten, men prestisjefyll liga. I tillegg har me Kaupanger 2 som veldig lokal. Vadheim/Høyang 2 og Førde 3 er heller ikkje lag som ligg så veldig langt i frå oss. Når det gjeld Breimsbygda og Vikane er eg fortald at desse ikkje er så veldig langt i frå heller, men underteinka har sant og seia ikkje snøring på kor dei ligg (sikkert lika mykje som dei veit kor Veitastrond ligg...)

På mange måtar er det ein forutsetning for oss at mest mogleg av fotballen foregår i midtvekene slik som det har gjort hittil i vår historie, og med tabellen ovanfor trur me at me kan oppnå dette.

Det med å rykka opp er spanande på mange måtar, men slik som me vurderer det så vert det ikkje alt for mange lange reiser - maks ein 3-4 for året, og det bør me klara. Om me og får spelt det meste i midtvekene trur me at sesongen 2008 vil bli ei minnerik oppleving med positivt forteikn for VIL-fotball.

 

Ynskjer gjerne tilbakemelding i gjesteboka om det er noko i denne artikkelen som er reine faktafeil, eller om nokon er ueinige i det me har komme fram til.

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com