|
Oppsett for KM til helga
Gruppeinndelinga, kampoppsettet og ikkje minst laginndelinga for Veitastrond 1 og 2 er no klart framfor laurdagens innandørs KM i Sognahallen.
I utgangspunktet hadde me teinkt å meir eller mindre toppa eit lag, men etter inndelinga har me komme opp med to lag me meinar er omtrent jamngode. Me var og innom tanken på å ha eit lag med kun fullbolds strendingar, men dette forslaget vart snygt kassert då me som spelar på VIL-fotball er å rekna som eit lag uavhengig av kor me geografisk stammar frå.
Frå den fyrste troppen som var klar har Geir, Vidar og Kurt meldt avbud. Arne vert kanskje med på ein kamp eller to, medan Erlend har meldt seg klar til teneste etter kl 15:00. Me kjem i tillegg til å prøva å få med oss nokre tidlegare spelarar som framleis står oppført i klubben om det verkeleg skulle knipa på._sil3_vil/villejubelscener.jpg)
Veitastrond 1
- Gøran Fimreite (keeper)
- Emil Heggestad (lagleiar)
- Helge Skjælaaen
- Petter Fagerli
- Kim Andre Navarsete
- Øivind Kristiansen
- Øystein Heggestad
- Erlend Siem
- Arne Nes
Desse er komne i pulje med; Fjøra 1, Gaular 2, Jølster 1 og Førde 3.
Kampoppsett;
10:15 Fjøra 1
13:15 Gaular 2
15:00 Jølster 1
16:30 Førde 3
Veitastrond 2
- Ole Kristian Vikheim (keeper)
- Richard Nes (lagleiar)
- Even Kvam
- Øyvind Lien
- Ivar Melby
- Frank Heggestad
- Arvid Heggestad
- Jan Erik Bøyum
- Bjørn Molland
Desse er i gruppa med; Årdal, Syril, Sogndal 4 og Hafslo
Kampoppsett;
10:00 Årdal
13:00 Sogndal 4
14:45 Hafslo
15:45 Syril
Det er tilsaman 7 grupper med 5 lag i kvar gruppe i herreklassen. Her går dei to beste i kvar gruppe, samt dei to beste 3`arane vidare. Det heile vert avslutta rundt kl 19:30 med herrefinale og kamp om fyrstepremien som no har auka til kr 7.500,-, 2.plass gjer kr 3.000,-
Sosial arrangement
Som de ser så er det ganske lang tid mellom kvar kamp. Me vil nytta desse stundene til å henga saman og skapa band mellom spelarane. Etter fyrste runde reiser me ned på Lægreidpuben i halv elleve tida. Ikkje for å drikka slalåmbrus slik som vanleg er, men for å nyta ein næringsrik fellesfrokost.
På kvelden vert arrangert endå meir sosialt. Ikkje for å eta næringsrik frokost, men meir for å drikka brus på brune flasker. Her har me endå ikkje funne noko lokale, og alle som har eit sterkt ynskje om å vera vert for kvelden er hjartleg velkomne til dette.
Me vil be spelarane om å møta ca ein halv time før kampstart, og ta med både svarte og blåe drakter.
|