Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Oppsummering av sesongoppkøyringa

I går kveld gjennomførte Veitastrond Fotball si siste treningsøkt før alvoret byrjar på fredag mot Breimsbygda. Me ser i dag litt tilbake på sesongoppkøyringa med tal og statistikkar, samtidig som me og ser litt fram mot seriestart. 

Treningskampane

Til saman har VIL-fotball spela 6 treningskampar sidan me byrja oppkøyringa i januar. Me har prøvd oss mot 4.divisjonslaga Syril, Jølster og Vik, 5.divisjonslaga Hafslo og Kaupanger 2 og Balestrand frå 6.divisjon. På desse 6 kampane står me bokført med;

6 kampar - 2 sigrar - 1 uavgjort - 3 tap - 16-19 i målskilnad - 7 poeng 

Det heile byrja meget bra den 16.februar med overbevisande 3-2 siger i Sognahallen mot det nyopprykka 4.divisjonlaget Syril. 2 veker etterpå gjorde me og ein god figur, men då måtte me gje tapt med 2-4 mot Leiv Inge Fimreite sitt Jølsterlag. Me avslutta 4.divisjons-triologien med å tapa 1-6 mot Vik.

Den kampen som gjev best sjølvtillit inn mot seriestart er utvilsamt 6-2 sigeren borte mot naborival Hafslo på grusen i Moane. I den andre enden av skalaen finn me 2-3 tapet mot Balestrand, som i år spelar i divisjon under oss. Me avslutta med generalprøve mot Kaupanger 2, der me spelte 2-2.

I tillegg skulle me ha spelt to kampar til mot henholdsvis Lærdal og Erdal, men desse vart diverre avlyste....

Spelarstatistikk frå treningskampane;

  Kampar Mål Assist Gule Raude
Emil Heggestad 6 2 5    
Sindre Mørkve 6 2 2    
Øivind Kristiansen 6        
Øystein Heggestad 6        
Richard Nes 5 3 2    
Even Kvam 5 1   1  
Gøran Fimreite 5        
Kim Andre Navarsete 5        
Frode Kvam 4 3 1    
Kurt Heggestad 4 2      
Frank Heggestad 4 1   2  
Ole Kristian Vikheim 4        
Petter Fagerli 4        
Jan Erik Bøyum 4        
Bjørn Molland 3            1    
Ivar Melby 3        
Geir Aardal 3        
Øyvind Lien 3        
Arne Nes 2 1      
Jon Arne Fimreite 2        
Kjell Ronny Haugen 1 1      
Frank Robert Værn 1        
Gaute Olstad 1        
Morten Hagen 1        

Treningane

Sidan januar har me hatt til saman 18 treningar der me har hatt eit gjennomsnitt på ca 15-16 mann pr trening. Oppmøtet har stort sett våre bra, men i enkelte periodar har me diverre vore ned på under 10 mann, og dette har naturleg nok gitt enkelte treningar med dårleg kvalitet.

Samanlinkar me med fjoråret hadde me då 5 treningskampar i oppkøyringsfasen, altså ein mindre enn i år. Medan me hadde adskilligt fleire treningar før fjorårsesongen. Då hadde me heile 29 treninar, altså 11 fleire enn denne sesongen.

Trenaren er godt nøgd

Trenar Emil Heggestad seier til Veitastrond.com i dag at han er godt nøgd med forberedingane til sesongen 2008. Einaste han har å trekka på er at treningsoppmøte var noko labert i ein liten periode, og oppmøte på nokon av treningskampane var heller ikkje så bra. Spesielt bortekampen mot Vik var dårleg med berre 12 mann.

Kvaliteten i treningskampane er me godt nøgde dersom me ser bortifrå kampen mot Balestrand og 2.omgangen mot Vik.

Me har i år valt å reindyrka 4-4-2 formasjonen, medan me i fjor ekprimenterte ein del og spela store deler av sesongen i ein slags 3-4-1-2 formasjon. Me føler at 4-4-2 no fungerer meget bra, og dei fleste spelarane virkar til å vera komfortable med dette.

Spanande sesong med stor stall

Årets sesong blir utvilsamt spanande på mange måtar. For det første gler me oss stort til å spela eit nivå høgare, og møta lag me ikkje kjenner så godt, slik som Breimsbygda, Gaular og Jølster 2.

Spelarstallen vår tel heile 26 mann, og kampen om plassane har aldri vore større. Me kjem difor til å ta ut ein 18 manns tropp til kvar kamp. Årets innbyte reglar er 4 utespelarar + keeper, og alle på benken er difor ikkje garantert speletid. Det er sjølvsagt utruleg synd at ein del spelararar kjem til å få mindre speletid i år enn tidlegare, men dette er diverre ein del av dette gamet og me går utifrå at samtlege spelarar toler å bli både utelatne frå troppen og fyrste 11`aren.

Me håpar og at me skal klara å ta arrangeringa av heimekampane eit lite steg vidare. Det er noko uklårt om det blir noko av ennå, men me syslar med ideen om både lystavle, speakar og kampprogram. Så i år er dette berre å møta opp på Leikvoll Stadion når Veitastrond spelar kamp.

Klare som egg

Ventetida er no endeleg over, og me gledar oss stort til å byrja sesongen mot Breimsbygda på fredag. Me vonar at våre fans, sponsorar og motstandarar gler seg like mykje som oss, og saman skal me gjera 5.divisjon avd 1 til fylkets mest interessante divisjon!!!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com