Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Oppsumering av årets 4.divisjon

Det har vore ein lang sesong for Veitastrond Fotball i årets 4.divisjon. 22 kampar er unnagjort og med dei følgjer sjølvsagt mange opplevingar og inntrykk. Me i Veitastrond.com har satt oss ned og sett litt på årets sesong og vil no formidla ein del unyttige fakta og subjektive ytringar som me sit att med... 

Sluttabellen i årets 4.divisjon vart som følgjer;

TABELL 2009 K V U T + - = P
1 Dale 22 18 2 2 67 29 38 56
2 Sandane 22 14 3 5 85 37 48 45
3 Selje 22 13 5 4 57 32 25 44
4 Saga 22 11 4 7 58 39 19 37
5 Syril 22 10 4 8 57 72 -15 34
6 Skavøypoll 22 8 5 9 50 46 4 29
7 Lærdal 22 9 1 12 46 52 -6 28
8 Årdal 2 22 8 3 11 66 67 -1 27
9 Askvoll/Holmedal 22 8 0 14 52 65 -13 24
10 Veitastrond 22 8 0 14 64 84 -20 24
11 Førde 2 22 6 3 13 44 67 -23 21
12 Eid 2 22 3 2 17 35 91 -56 11

* me byrjar med å gratulera Dale og Sandane med to særdeles velfortente opprykk til Firdaligaen. VIL-fotball ynskjer dykk lykke til og me både håpar og trur at de vil bita godt i frå dykk i fylket sin gjevaste divisjon.

* Dale leia divisjon frå start til slutt og viste seg som det klart beste laget. Likevel så imponerte ikkje dalingane i dei to kampane som Veitastrond spelte mot dei, då me tapte ufortent 3-1 borte og vann fortent 3-0 heime mot årets KM-meistar. Sandane på si side var det det klart beste laget me møtte over to kampar og var det einaste laget me følte oss sjanselause mot i 2 x 90 min.

* I løpet av sesongen så var både Selje, Saga, Syril, Lærdal og Askvoll/Holmedal på eit tidspunkt med på å kjempa i toppen av tabellen. Mot slutten så var det berre Saga og Selje som hadde eit visst håp om opprykk til `the bitter end` i tillegg til Dale og Sandane.

* Eid 2 må ta den tunge turen ned til 5.divisjon etter å stort sett hatt sisteplassen frå start til slutt. Det vart langt meir spanande om den utsette 11.plassen, som til slutt Førde 2 enda på. I løpet av sesongen så var Veitastrond, Askvoll/Holmedal, Lærdal, Skavøypoll, Syril og Saga til ein viss grad med i kampen for å unngå denne plassen.

* Etter våre berekningar så er det då berre Årdal 2 som stort sett har vore i eit ingenmannsland mellom topp og botn heile sesongen igjennom...

* Til neste år så er det klart at Kaupanger rykker ned ifrå Firdaligaen, medan Gaular og Eikefjord rykker opp frå 5.divisjon. Avhengig om Førde rykker opp til 2.divisjon eller ikkje så vil anten Vik rykka ned frå Firdaligaen eller Førde vil behalda plassen i 4.divisjon.

* Det vart spelt 132 kampar i årets 4.divisjon der 116 enda med siger til eit av laga og 16 kampar enda uavgjort. Veitastrond var saman med Askvoll/Holmedal det einaste laget som ikkje spelte uavgjort medan Selje og Skavøypoll var dei som oftast delte poeng med 5 kampar som gav poengdeling på kvar.

* Det vart til saman scora 681 mål, noko som gjer eit snitt på 5,6 mål pr kamp. Sandane scora flest mål med sine 85, medan Eid 2 slapp inn flest med sine 91. Veitastrond var det laget som scora 3.mest og slapp inn nest mest.

* I Veitastrond sine kampar vart det til saman scora 148 mål noko som er klart mest av alle laga, der neste lag på lista er Syril med 129 mål. I snitt vart det scora 6,7 mål pr Veitastrondkamp i år. Det var minst mål i kampane til Selje der berre 89 mål til saman vart scora.

* Lærdal var det einaste laget som Veitastrond tok 6 poeng mot i år, medan Sandane, Selje, Syril og Førde 2 er laga me tapte mot begge kampane. Mot resten av laga står me bokført med 1 siger og 1 tap.

* Me i VIL-fotball er glade for at dei 3 poenga som Selja fekk etter at dei la inn protest i haust ikkje vart avgjerande hverken i toppen eller botn av tabellen. Uansett om dette var rettferdig eller ikkje så meinar me det beste er at tabellen vert avgjort ute på bana!

* Årets toppscorar i 4.divisjon var Mads Wie på Sandane med 28 mål. Bak han følgjer vår eigen Kurt Heggestad og Ruben Wie med 25 mål (Kurt scora i tillegg 1 mål i kampen mot Selje som vart gjort om frå 3-2 til 0-3...) Skal seiast at me ikkje har noko fullstendig oversikt over toppscorarane på alle klubbane, men me trur ikkje at dei 3 me har nevnt på topp er så veldig langt ifrå sanninga.

* I tillegg til å vera årets toppscorar så var òg Mads Wie den som imponerte oss i Veitastrond klart mest. Den unge spissen scora 5 mål på dei to kampane mot oss, og var vel det ein kan kalla ein komplett 4.divisjonsspelar. Den unge spissen er utvilsamt den spelaren med det største potensialet av dei spelarane me har møtt i år. Andre spelarar som har imponert mot oss er Ruben Wie, Endre Kupen og Dalekeeper Knut Strand Løseth.

* Kan og ta med at omtrent samtlege kampar Veitastrond har spelt i år har føregått i ein god tone og me har unngått dei mest uheldige episodane.

* Me kan seia mykje rart om dommarane i løpet av ein sesong, men dersom me skal trekka fram ein kampleiar som har imponert oss så lyt det bli Kjell Alme (Sandane). Han har dømt oss 3 gonger i år, og har kvar gong vist seg som ein god og fornuftig dommar. Den største styrken hass er at han ikkje bles i hjel kampane og har god kommunikasjon med spelarane.

* Alt i alt har det vore ein fantastisk sesong for Veitastrond Fotball der me har opplevd både oppturar og nedturar. Til slutt gjekk det bra og me får spela i 4.divisjon til neste år og dette er me utruleg glade for.

Alle i Veitastrond er einige om at det har vore ein fin sesong, og me gler oss allereie no til den neste sparkast i gang... eller me gler oss ikkje nett no, då me no er relativt dritande lei alt som heiter lokalfotball. Men berre når me får nokre månader med pause, då tenkjer eg me skal vera klare!

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com