Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Oppsummering av vårsesongen 07

Etter å ha starta sesongen forrykande med 4 sigrar og 1 uavgjort på dei 5 fyrste kampane så fall Veitastrond litt på slutten etter at dei tapte to gonger heime på Leikvoll før førien. Her fylgjer ein liten oversikt over dei viktigaste hendingane i VIL-fotball solangt i sesongen.

Pre-Season

Fjorårssesongen var jamt over prega av at stallen var for tynn, noko som gjorde at dåverande trenar Leiv Inge Fimretie ikkje fekk ut sitt fulle potensial slik me hadde håpa på. Etter sesongen så takka viktige bjerebelkar som Ronny Sanden, Gaute Olstad og Bjarte Pedersen for seg medan Frank Heggestad ga beskjed om at han ikkje kom til å satsa for fullt. Dette gjorde til at det gjekk ein del rykter om me i det heile skulle stille lag til 2007 - eit rykte som Emil Heggestad avkrefta på avslutningsfesten då han sa at Strondi skal ha lag neste år og, basta bom! Samme Emil vart etterkvart utnevnt som ny hovudtrenar, og fekk med seg Richard Nes som assistenttrenar.

Det skulle visa seg ganske tidleg at me ikkje skulle få problem med for lite spelarar denne sesongen. På dei fyrste treningane hadde me med oss eit par nye fjes, og etterkvart hadde dei gjerne ein dei kjende som ville vera med også hadde han ein han kjende og osv. Dette gjorde til at me heilt sidan januar har hatt eit meget bra treningsoppmøte som jamt over har vore på rundt 20 mann pr trening. Av nye fjes henta me inn Ivar Melby, Øivind Kristiansen, Helge Skjælaaen, Petter Fagerli og Øyvind Lien - alle desse kjem utanbygs frå, og studerer til dagleg i Songdal. Av lokale spelarar fekk me inn Frank Robert Værn, Ole Kristian Vikheim, Vidar Vadseth og Jan Erik Bøyum. Me har fått ein del kritikk frå ulike hald om at me har henta inn for mange utanifrå og at det ikkje er mykje strandablod igjen i VIL-fotball. Faktumet her er at alternativet ganske enkelt er at me ikkje stiller lag, og sidan det her er mange som vil spela fotball ser me ingen grunn til å legga ned klubben vår!

Me spelde 5 treningskampar før sesongen byrja. 3 av desse gjekk mot 5.divisjonslaga Syril, Kaupanger 2 og Bjørn, og alle enda med braktap. Spesielt kampen mot Bjørn var ein frykteleg forestilling frå VIL, medan me til tider vart regelrett utspelde av Røysi & co på KIL2. Trass i dei store tapa føler me likevel at me fekk mykje ut av desse kampane, og trenarteamet fekk her mange svar, blant anna på kva posisjon dei nye spelarane passar best til. Me hadde i vinter ein tur til Årdal der me tapte 1-0 mot Nordre Land jr i ein kamp me viste gode takter. Den kampen vil nok bli hugsa aller best for nasebrotet til Richard Nes...

I generalprøven vår reiste me for å spela mot vår divisjonskollega Balestrand. Denne kampen vann strendingane fullt fortent 4-3, og den gode forestillinga ga oss trua på at me kunne vera med å kjempa i toppen av 6.divisjon i år.

Kampane  

Etter at seriestarten mot Hafslo vart utsatt grunna ei snødekt Leikvoll Stadion måtte me venta heitl til 15.mai før me fekk sparka i gang årets sesong. Her møtte me Sogndal 3 i Sognahallen i noko som skulle bli ein skikkeleg gysare av ein kamp. Etter at SIL3 tok ei tidleg 2-0 leiing kjempa VIL seg tilbake i kampen og det var ei stor letting når Emil satte inn vinnarmålet heilt på tampen slik at me vann 4-3. 3 poeng og ei pangopning for vår del.

Neste lag ut var Aurland/Lærdal 2 inne i Lærdal. Det skulle her visa seg at VIL var fleire hakk vassare enn aurlendingane, og me vann til slutt heile 6-1 i ein kamp der Helge Skjælaaen verkeleg fekk vist sine eminente ferdigheter då han scora 1 og var nest sist på dei 5 andre scoringane våre.

Med 6 poeng på to kampar var me stinne av sjølvtillit då me feia Norane av bana med heile 19-2 i årets fyrste heimekamp. Scoringsklubben reiv seg i håret etter at dommar Tommy Skjerven skreiv fleire og fleire pinnar i boka si.

Det var ny topp mot botn kamp når me reiste til Balestrand. Veitastrond viste i denne kampen stykre når dei holdt nullen, og kontrollerte det heile inn til ein 3-0 siger.

Etter ein imponerande start på sesongen venta no eit skikkeleg toppoppgjer mot Hafslo i Moane. Som vanleg hadde mange folk teke turen til dette oppgjeret, og dei fekk sjå eit neverpirrande drama som enda med det uvanlege 6.divisjonsresultatet 0-0. Eit greit resultat sett utifrå sjansar og spel.

På dei to siste kampane verka det neste som Veitastrond allereie hadde teke ferie på toppen av tabellen. Heime mot SIL3 rauk blåtrøyene med uffateleg 4-10 etter ein høgdramatisk kamp som innheldt både sjølvmål, tabbar, straffe, masseslagsmål og i ettertid eit trøkk i gjesteboka vår som me aldri har sett maken til. Unggutane til Sogndal kjempa Veitastrond sønder og saman, og det var så absolutt ingen opprykktedensar frå VIL i dette oppgjeret.

Bedre vart det ikkje i siste kamp før ferien då me tapte 3-2 heime mot Aurland/Lærdal2. VIL leia tidleg 2-0 og burde ha punktert kampen. I staden slapp dei aurlendingane tilbake i kampen som til slutt kunne stikka av med alle 3 poenga.

Oppsummert...

...så ligg me på ein 3.plass etter 7 spelde kampar. Me er 4 poeng bak Hafslo som leiar og 1 poeng bak A/L2. Etter oss kjem SIL3 2 poeng bak, og det ligg an til ein skikkeleg spanande haustsesong i 6.div avd 1. Frå Hafslo leiren ryktast det at to av deira beste spelarar Andreas Fardal og Fredrik Skjeldestad reiser bort for å studera. Dette er utvilsamt noko dei vil få merka, og me tippar at dei vil avgje fleire poeng enn dei har gjort hittil. Hafslo har hatt ein tendens til å dra i land sigrar i jamnspelde kampar, og me trur at spesielt Fardal ofte har vore tungen på vektskåla i slike kampar. HIL har utvilsamt ei stor utfordring i å erstatta desse to spelarane.

SIL3 og A/L2 har begge unge framandstormande lag som verkar særs veltrende. Me trur dei berre vil utvikla seg endå meir, og at begge laga vil blanda seg heilt i teten. Dei to andre laga i avdelinga Balestrand og Norane verkar til å ha funne sine plassar på tabellen. Medan Norane verkar å vera heilt på felgen har Balestrand eit brukandes lag, og me trur nok dei kjem til å plukka ein del poeng på hausten, men noko avansement på tabellen har me ikkje den heilt store trua på.

For vår eigen del trur me og at me skal vera med å kjempa i toppen. Me får tilbake alle studentane som ikkje var med i dei to siste kampane, og dette vil utvilsamt styrka oss. I tillegg har me håp om å signera eit par nye spelarar, medan det er venta at nokre vil forsvinna. Tor Olav har allereie takka for seg og me veit at det er fleire som er på flyttefot, men dette kjem me tilbake med når me veit liit meir konkret.

 

Me takkar alle våre supportarar, sponsorar og støttespelarar for vårsesongen 07, og vonar at de alle vil bli med oss til hausten og!

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com