|
Billettinntektene frå Bjørn kampen går til ei god sak
I samband med den avgjerande toppkampen mot Bjørn har me bestemt oss for å gje billettinntektene frå kampen til Katrin Lerums Minnefond. Hafslo har synt seg som gode naboar og gjorde ein fin gest mot oss når me får låna heile stadionanlegget deira gratis. Me tykkjer difor det vert feil at me skal sitta igjen med alt overskotet frå denne kampen, og me tykkjer det er ein fin anledning til å støtta ei god sak.
Toppkampen mellom Veitastrond og Bjørn er av stor interesse for mange folk her i distriktet, og dersom været held seg slik nokonlunde så er det venta eit storinnrykk av folk. Veitastrond har i haust spelt særdeles publikumsvennleg fotball der måla har hagla inn i begge endar. Kampane våre har vore spekka med langt meir dramatikk enn det me sjølve kunne ønskt, men me merkar på oppslutnaden på tribuna at publikum likar det dei ser. Kampen mot Bjørn vert ein av dei mange lokaloppgjera i år, og med tanke på at den vert avgjerande om kven som rykker opp skal ein ikkje sjå bort ifrå at me denne gongen slår alle rekordar.
Me vonar at folk vil setta av søndagsettermiddag i Moande på søndag, då dei ikkje berre får sjå eit heidundrandes lokaloppgjer men og er med å støtta ei god sak.
I tillegg til billettinntektene vonar me og at sponsorane til Veitastrond, Bjørn og Hafslo vil vera med å bidra litt slik at me kan få samla inn ein god slump med pengar til Minnefondet.
Inngang på søndag kjem til å verta kr 50,-
Ingen grilling
Heimepublikmuet til VIL har i år vore bortskjemde med sal av god mat under dei største arrangementa. Mange hadde nok håpa at det var grillmat å få kjøpt til denne kampen og, men grunna dårlege værmeldingar så droppar me dette og det vert difor berre vanleg kiosk sal.
Sjølv om det skal seiast at dette ikkje er berre berre, og det er venta at kioskgjengen nok ein gong vil gjera ein kjempejobb. Vert det heimelaga potetkaker til denne kampen og?? Me kryssar i allefall fingrane for det...
|