Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Patrik Fritzon klar for Veitastrond på lån

Det har vore ein hektisk dag for leiinga i Veitastrond Fotball. Grunna stort mannefall føre helgas kamp mot Skavøypoll har me sett oss om etter alternative løysingar, og me er utruleg godt nøgde med å no kunne offentleggjera at målvakten Patrik Fritzon mest truleg kjem inn på lån frå Fjøra FK og vert speleklar til laurdag. Patrik er berre 16 år, men har trent fast med Fjøra heile vinteren og er trass sin unge alder allereie ein solid keeper. Det er heller ikkje noko bakdel at keepertalentet er halv strending og han vert soleis ei utruleg positiv signering for oss på alle måtar. Papira på overgangen vart undertegna i kveld, og det einaste som gjenstår no er at fotballkretsen godkjenner desse i morgon.

Veitastrond ville i utgangspunktet utsetta helgas kamp mot Skavøypoll, men dette lot seg diverre ikkje gjera. Me har mange spelarar ute, deriblant begge våre keeperar Even Kvam og Gøran Fimreite. Tanken var at Richard Nes skulle vokta buret på laurdag, men sidan me har så mange folk ute hadde me bruk for han som utespelar og me gjorde difor eit forsøk på å henta Patrik Fritzon frå Fjøra, og dette ser det no ut som at me lukkast med.

Keepertalent med strandablod i årene

Patrik vert 17 år i november, og med sin unge alder vil han tangera Lars Magne Nes sin klubbrekord frå 2004 som tidenes yngste spelar.

Han har gått gradene i Sogndal, men etter at han var ferdig som guttespelar i fjor fekk han merkeleg nok ikkje noko tilbod frå moderklubben. I staden har han fått ein gylden sjanse til å utvikla seg som spelar i Fjøra, der han blant anna spelte heile treningskampen mot oss i vinter. Den kampen vann Fjøra 7-1 og Patrik viste seg som ein god og ikkje minst uredd keeper - ikkje kven som helst som kastar seg med hovudet fyrst når Arne "Hulken" Nes kjem i mot i full gallopp...

Så langt i årets sesong har han sete mest på benken, men han fekk sin debut i 3.divisjon i forrige veka når han fekk ein halvtime mot Florø og han haldt då sjølvsagt nullen.

I tillegg til å vera ein god keeper er me og særs godt nøgde med å henta inn ein spelar som er halv strending - unge fotballspelarar av denne rasen veks diverre ikkje på tre og det er godt å kunne knytta til seg dei som er å få tak i. For den uvitande kan me informera om at Patrik er son til Trond Fritzon, og familien har hytta framme på Stølen.

Alle partar er godt nøgde

Me er utruleg glade for at Fjøra takka ja til å la oss leiga Patrik, og me vonar at dei ser på dette som ein fin sjanse for han å få nyttig kamptrening.

Patrik ga i allefall uttrykk for at dette var ein fin sjanse for han til å testa seg ut på eit bra nivå og innrømma at det er spesielt å få spela for Veitastrond; "Konkurransen i Fjøra er stor og foreløpig er eg berre læregut der. Difor var det kjekt når Veitastrond ringde i dag, og eg ser på dette som ein fin sjanse for meg til å visa meg fram på seniornivå. Det at det er akkurat Veitastrond gjer det spesielt for meg, og eg lovar å bera drakta med stolthet og ære", uttalar Patrik i ein kommentar til Veitastrond.com.

Veitastrond sin trenar Emil Heggestad klarde heller ikkje å skjula kor nøgd han var med å få signeringa til Patrik i boks; "Eg har hatt han i tankane lenge, og med sin bakgrunn passar han som hand i hanske på Veitastrond. Dette løyser eigentleg det meste av dei problema me hadde før denne kampen, og eg gledar meg no til å reisa opp til Polljen og henta 3 poeng saman me Patrik og resten av laget"

Utleigeavtalen gjeld for ein månad noko som gjer Patrik tilgjengeleg for oss til helgas kamp mot Skavøypoll og neste søndag mot Askvoll/Holmedal.

Me ynskjer Patrik velkommen til klubben, og me håpar han vil sitta attende med positive erfaringar når låneopphaldet er ferdig.

 

Sjå fleire bilder av Patrik HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com