|
Pelle legg skoa på hylla_spelarprofil/pelle2.jpg)
Det er med vemod me i dag kan melda om at Per Helge "Pelle" Hågvar har bestemt seg for å legga opp som fotballspelar. Dette er kanskje ikkje så veldig overraskande for mange, då Pelle har vore igjennom eit skademareritt utan like i dei åra han har hatt med klubben. Likevel er det alltid ekstra trist når ein av dei som var med å starta opp VIL-fotball for 4 år sidan takkar for seg.
På same vis som Frank Heggestad valde å offentleggjera sitt comeback i ein pressemelding, gjer Pelle no det samme når han vel å legga opp;
Sogndal 23. oktober 2007 Veitastrond IL v/ Richard H. Nes Det er i dag med tungt hjarte eg må meddele min bortgang innanfor Veitastrond fotball sitt elitelag. Medan eg har skygga unna media sitt søkelys den siste tida, har eg vore i ulike delar av verda for å konsultere og diskutere med legar, fysioterapeutar, akunpunktørar og veterinærar om statusen for mitt fysiske lekam. I samråd med Rune Hauge, og etter ein tårevåt samtale med ein deprimert Åge Hareide, har konklusjonen vorte at eg no ser det naudsynt å forgylne fotballskoa mine, setje dei inn i ein glasmonter og plassere dei til utstilling på hylla. Den same skada som eg hadde på venstre vrist, og som vart operert for nokre år tilbake, dukka no opp på høgre foten like før sesongstart. I tillegg har den i seinare tid også returnert til den venstre foten att. Det er tydeleg at dette er ein produksjonsfeil frå foreldra mine si side, og at lekamen min byrjar å forfalle no som eg har kome langt opp i åra. Avgjerdsla om å slutte med fotballen gir ein særs bitter smak i munnen, då eg i løpet av min karriere innanfor VIL stort sett har vore skada mesteparten av tida. Eg har rett og slett vore ubrukeleg for klubben. Men med den økonomiske fallskjermen eg får utbetalt, samt opprykksbonusen, går eg heller ikkje fattig ut av klubben. Eg vel derfor å etterlate min plass i troppen til nokon yngre og meir virile spelarar. Eg håpar likevel at eg kan behalde kontakten med klubben, og eg kjem til å fylgje med så godt eg kan på kampar og liknande. Det er ikkje fullt så enkelt å verte kvitt meg. Til slutt vil eg takke for nokre flotte år saman med ein særs ven gjeng. Det har vore utruleg hyggjeleg å bli kjend med så mange vakre og intelligente karakterar, dersom ein ser vekk frå idiotane sjølvsagt. Eg vil også gjerne sende ein klam takk til min private sponsor og mentor Arild Nes for all økonomisk og psykisk støtte, samt innføringa og hjelpa med å forstå den Veitastrondske vere- og levemåten. Mvh Per Helge Hågvar
På 4 år fekk Pelle berre med seg 9 kampar for VIL. Først og fremst skuldast dette alle skadane som føyer han inn i rekke med blant anna Eirik Bakke og Tore Andre Flo over talentfulle spelarar ifrå fylket som har fått øydelagt store delar av karriera si. I tillegg hadde han eit år som student i Kina som gjorde at han gjekk glipp av hausten 05 og våren 06.
Til trass for sitt store fråvær ute på bana har Pelle bidrege stort frå sidelinja. Det var Pelle som verkeleg fekk sving på nettsidene våre då han laga til vår forrige heimeside; clix.to/vilil, og takka vera han har me sidan den tid hatt god kultur for å driva aktivt på verdsveven. Spesilt hugsar me dei fantastiske kampreferata han laga til. For dei som ikkje har sett desse, anbefalar me at du les igjennom referata ifrå 2004-2005. Du kan få ein liten smakebit på linkane under;
Veitastrond - Kaupanger 4-9 (2004)
Veitastrond - Sogndal 2 2-2 (2005)
I årets sesong gjorde me eit par forsøk på å få Pelle til vera gjesteskribent på nokre kampar, men diverre passa det seg ikkje for han. Me kjem heilt sikkert til å prøva dette igjen til neste år, og vonar at Pelle då tek seg tid til å dela sine vakre ord med oss andre.
VIL-fotball vil gjerne takka Per Helge for innsatsen han har gjort for klubben. Med sitt unike humør og sjølvironi har han passa som hånd i hanske saman med sære strendingar, og me vonar me får sjå litt av deg i framtida og.
Takk for framifrå innsats for Veitastrond Fotball!
|