Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Petter, Ivar og Helge

Dei tre studentane som slutta seg til Veitastrond i fjor vinter kjem alle til å få amputert deler av den kommande sesongen.

Slik det ser ut no kjem både Ivar Melby og Petter Fagerli til å avslutta sine studier i Sogndal til våren. Medan Petter er ferdig med 3 år på Økonomi-/og adminstrative fag er Ivar ferdige med sine år på Idrett (og sikkert noko til...) Sist me var i prat med dei to så trudde dei at ferda gjekk vidare til Trondheim, utan at dette var heilt spikra.

Uansett vil dette sjølvsagt seia at dei to avsluttar sine VIL-karrierer etter vårsesongen, og me får to hol i spelarstallen som må fyllast. "Dette er riktingnok ei stund fram i tid, men allereie no har me følarar ute for å sjå etter passande arvtakarar", seier hovudtrenar Emil Heggestad, som og vedgår at dei to vil bli sakna både på og utanfor bana - "to gode spelarar som har funne seg godt til rette i VIL-mijøet", avslutta ein for dagen ordknapp Heggestad.

Heldigvis er det enno ei god stund til dei to resier, og me får berra suga til oss deira aura så lenge me kan.

Omvendt for Helge

For bergensaren Helge Skjælaaen kjem fråværet til å vera omvendt av dei to andre. Medan dei forsvinn etter våren, så vert Helge borte heilt til haustsesongen.

Helge skal ut i praksis med si barnevernsutdanning, og utan at me veit heilt sikkert så tippar me at denne føregår heime i bergensområde.

VIL har heldigvis skaffe seg avtale med ein klubb der i distriktet, som sjølvsagt med den aller største glede let Helge få trena med dei slik at guten får halda seg i form.

Det kan bli aktuelt at han vert med på ei trening eller kamp i ny og ne, men i utgangspunktet reknar me ikkje med Helge før til hausten.

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com