|
Årets Pre-season
Veitastrond har no gjort seg ferdig med det som er av sportslege førebuingar føre sesongen, og me ser no fram til at alvoret byrjar. Me legg no bak oss ein god oppkøyringsperiode der me har trent godt, og ikkje minst fått mykje god kamptrening som me vonar me skal dra med oss positivt inn i seriespelet.
Me har sidan januar hatt 13 fotballtreningar. På desse øktene har me eit gjennomsnittleg oppmøte på 15,3 mann pr trening. Dette lyt me seia er tåligt bra. I tillegg har me og hatt 5 joggeøkter, som etterkvart har vorte betre og betre. Etter ein litt dårleg start har me til slutt komme oss opp i eit snitt på 9 mann på desse øktene. Kanskje ikkje all verden, men so han sa guten; "det er no betre enn ingenting..."
Til saman har me då altså hatt 18 treningar med eit samla snitt på 14 mann pr trening.
Treningskampane

Som vanleg har me hatt sterkt fokus på å få i stand så mange treningskampar som mogleg. Ingenting gjer så godt som kamptrening, og trass alt er det dette som er artigaste med fotball og.
I vinter har me spelt 6 treningskampar. Me byrja med kamp mot Sogndal 2 der eit uorganisert VIL lag tapte heile 7-0. Kampen var prega av feriefotball og det faktum at SIL2 var minst 2 hakk betre enn oss sjølve. Det var difor lite me fekk til her, men det gav oss likevel nyttig erfaring og mange gode tips på korleis me skal legga opp spelestilen.
I neste kamp mot Kaupanger framstod me i ein nykomponert 4-2-3-1 formasjon, og denne er nok den me kjem til å nytta oss mest av denne sesongen. Kampen var mykje betre gjennomført av VIL, men på slutten rakna det litt og me tapte til slutt 4-0.
Årets fyrste "poeng" tok me då me spelte 2-2 mot Vang i ein kamp me burde ha vunnet. Sigeren lot imidlertid ikkje venta lenge på seg og den klart beste kampen me har hatt i vinter kom mot det nyopprykka 3.divisjonslaget Jølster. Denne kampen vann me til slutt 4-1 etter at Kurt Heggestad til tider herja vilt med jølstringane.
Neste lag ut var Fjøra som viste seg å vera det soleklart beste laget me har møtt i vinter. Her gjekk det litt for fort i svingane for oss, og me måtte til slutt sjå at det stod 1-7 på resultattavla.
I siste kamp før alvoret byrjar skulle me berre spissa litt på formen, men fekk i staden ein real bakoversveis (for dei som har hårvekst til det...) Eit umotivert VIL-lag tapte heile 1-5 mot naborival Hafslo, og ikkje akkurat den generalprøven me hadde håpa på.
Alt i alt står me med; 6 kampar - 1 siger - 1 uavgjort - 4 tap - målskilnad: 8-26 - 4 poeng.
Resultatmessig ikkje akkurat noko å ropa eit høgt hurra for, og i snitt har me tapt kvar kamp ca 1-4. Likevel har motstanden som regel vore meget god, og me sit tross den dårlege generalprøven att med ei god kjensle før serien startar.
Me ser og at me ikkje har spelt mot nokon av våre motstandarar i 4.divisjon, og slik sett vert det ekstra spanande å sjå korleis det går no framover.
Spelarstatistikk
Oversikt over spelarane som har spelt i vinterens treningskampar;
| Navn |
Kampar |
Mål |
Assist |
Gule kort |
| Richard Nes |
6 |
1 |
|
|
| Øyvind Lien |
6 |
|
1 |
|
| Bjørn Molland |
6 |
|
1 |
|
| Øivind Kristiansen |
6 |
|
|
|
| Emil Heggestad |
5 |
2 |
1 |
|
| Arne Nes |
5 |
|
|
1 |
| Even Kvam |
5 |
|
|
|
| Frank Heggestad |
5 |
|
|
|
| Gøran Fimreite |
5 |
|
|
|
| Helge Skjælaaen |
5 |
|
|
|
| Kurt Heggestad |
4 |
4 |
1 |
|
| Morten Hagen |
4 |
|
1 |
|
| Kenneth Mo |
4 |
|
|
|
| Geir Aardal |
4 |
|
|
|
| Vidar Vadseth |
3 |
1 |
|
|
| Øystein Heggestad |
3 |
|
|
|
| Eivind Sando |
3 |
|
|
|
| Jan Erik Bøyum |
2 |
|
|
|
| Gaute Olstad |
2 |
|
|
|
| Åsmund Øgar |
2 |
|
|
|
|