Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  PRESSEMELDING; ang trenarduoen

I løpet av helga har det versert mange rykter rundt trenarduoen til Veitastrond Fotball. Etter ein haustsesong der resultata ikkje har vore heilt som forventa, og spesielt baklengsmåla har vore mange bak eit rufsete VIL-forsvar har me i Veitastrond Fotball registrert at mange no stiller spørsmålstegn til trenarane våre. I helga tok dette ei ny vending då sentrale personar innad i VIL-styret tok dette opp på dagsorden, og krevde eit ekstraordinært styremøte for å diskutera saka. Me føler det er rett å informera spelarar, fans og støttespelarar om utfallet av dette møtet med ei offisiell pressemelding.

Emil Heggestad tok over hovudansvaret som trenar før sesongen 2007, og med seg på laget fekk han Richard Nes som assistent. I fyrste sesongen så klarde dei å oppnå målsettinga om opprykk til 5.divisjon. I vårsesongen 2008 hadde dei og stor suksess og VIL-fotball tok sommarferie på toppen av tabellen.

I haust har ikkje laget fått med seg så mange poeng som ein hadde håpa på, og spesielt bakover på bana har Veitastrond gjort det dårleg. Spesielt no i siste kamp mot Gaular der trenarduoen gjekk ut å lova defansiv tryggleik i forkant av kampen, men måtte sjå heile 9 ballar bak seg. Dette gjer at me står med 32 baklengs på dei siste 6 kampane, og me veit at fleire innad og rundt klubben no stiller seg spørsmålet om trenarduoen har kontroll på situasjonen, eller om ein snarast bør finna ei ny løysing på slutten av sesongen.

Så kritisk vart det at enkelte styremedlemmar i helga krevde eit ekstraordinært styremøte der trenarduoen sin innsats vart evaluert. Sidan styret ikkje var enige måtte det til slutt avstemming til. I det 4 mannsstore styret så stemde 2 for å gje trenarduoen fornya tillit, medan dei 2 andre ville ha ei ny løysing umiddelbart. Når avstemmingar i styret endar likt slik som dette så er det styreleiaren Emil Heggestad som får nytta dobbeltstemma si. Sidan han var ein av to som ville gje fornya tillit til trenarduoen så blir då enda på visa at Heggestad og Nes får forsetta i sine verv som henholdsvis hovud- og assistentrenar.

Enkelte av styremedlemmane tok dette tungt opp, og me kan bekrefta at 2 av medlemmane no er i tenkeboksen på om dei skal halda fram i sine verv i styret. Dersom nokon skulle velja å trekka seg så vil det truleg ikkje bli henta inn nokon erstattara, då me føler at det kan skapa urytmiske bølger innad i eit styret som me føler fungerer bra slik som det er i dag.

Veitastrond Fotball bekreftar dermed at trenarduoen har vår fulle tillit, og me står 100% bak alle disponeringar og avgjersler som dei måtte foreta. Me ser på dei som det beste alternativet til å leia laget i kampen om opprykk til 4.divisjon.

mvh

Styret i Veitastrond Fotball

v/ Emil Heggestad (leiar), Richard Nes, Bjørn Molland og Frank Heggestad

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com