Referat frå spelarmøte

Torsdagskveld hadde som kjendt leiinga i VIL-fotball innkalt alle spelarar til eit spelarmøte for å ta dei med i planlegginga av sesongen 2009. Omlag 15 spelarar møtte opp på Lægreid, og dei fekk i tillegg til vise ord frå trenar Emil Heggestad og servert mat og drikke av det beste slaget. På lista over saker stod spelarsituasjon, avslutningsfestar, treningstider, økonomi og litt diverse anna snacks.
Sidan dette referatet kjem 3 dagar etter at møtet vart halde seier det seg kanskje sjølv at dei heilt store nyhendene ikkje kom fram denne kvelden. Dette er i grunn like greitt, då det som er nytt stort sett berre er dårleg nytt. Me tek ein kjapp punktvis gjennomgang av møtet;
* Trenar Emil Heggestad var den einaste som hadde innlegg på møtet, og han styrte denne kvelden med jernhand.
* Spelarane vart informerte litt om opplegget rundt spelarfesten med kva mat som vert servert, pris, kven som er invitert samt at dei som ikkje hadde svart vart bedt om å gjera dette. I tillegg la og Emil fram planane om ein bygdafest i regi av VIL-fotball framme på Veitastrond. Dato for denne kvelden er ikkje heilt bestemt, men Emil oppfordra alle spelarane om å møta opp på denne festen når den tid kjem.
* Ingen spelarar som var med i fjor har sagt at dei ikkje vert med til neste år, og dette er den beste meldinga me kan få. I tillegg til dagens spelarstall jobbast det framleis med å få inn ein eller to spelarar til som kan heva kvaliteten i gruppa.
* Det mest oppsiktsvekkande ang spelarsituasjonen er at Even Kvam vurderar å ta på seg keeperhanskane igjen til neste år og dermed utfordra dagens fyrstekeeper Gøran Fimreite om å vokta buret. Trenarteamet ser lyst på å få ein situasjon med 2 gode keeperar tilgjengeleg både i kamp og ikkje minst på trening.
* Neste års treningstider ligg an til å bli tysdagskveldar kl 21:00. Desse tidene har me allereie no, og det er mogleg for spelarane å nytta seg av desse tidene alt no. Dei offisielle treningane startar ikkje før etter jul, og då byrjar og notertinga av årets treningsstatistikk. Det vert kanskje og ei trening på 1/6-dels hall etter jul dersom me får has på gode treningstider.
* Kampkoordinator Frank Heggestad har ikkje byrja arbeidet med å ordna treningskampar, men han har eit godt håp om å sikra god motstand i desse kampane.
* Noko må gjerast med økonomien til neste år, og spelarane kan byrja med å betala treningsavgifter frå forrige sesong. Spelarane må og rekna med å betala litt meir på borteturar til neste år, og kanskje vert det litt dugnad? tvilsomt...
* Det vart stilt spørsmål om andre lag kunne la spelarar som studerte i Sogndal få hospitera med oss, men dette vil me ikkje godta så lenge me har nok spelarar på trening sjølv - noko me reknar med at me får.
* Deltakinga frå publikum var god, og ikkje overraskande var det Vidar Vadseth som hadde mest på hjartet. Han hadde stort sett ein kommentar til samtlege av trenar Emil sine utsagn. Avslørte og ein røvarhistorie som han ikkje ville ut med, men denne kjem muligens på avslutningsfesten. Vidar framsto ellers i ei heilt ny drakt då han no er 14 kg lettare enn han var ved sesongslutt - imponerande!
* Vidar sitt motstykkje på møtet var Helge Skjælaaen som stort sett observerte dei andre deltakarane, og me er ikkje sikre på at han forstod alt som vart sagt på ulike dialektane. Spesielt heva han augnebryna når Vadseth byrja å snakka om "juna i føy"...
* Det vart servert pizza, saft, vatn, sjokolade og kaffi - alt sponsa av Lægreid - og me i veitastrond.com gjer serveringa ein klokkeklar 6`ar! Visste du forresten av Vidar Vadseth har ein rekord på å eta pizza frå Lægreid på 46 dagar på rappen? (dette var riktignok før han byrja å gå ned i vekt)
* Fleire av dei oppmøtte, deriblant Even Kvam og Arne Nes, forlot møtet i det dei var ferdige å eta.
Alt i alt var dette eit møte der det ikkje kom fram så mykje nytt, men det er greitt å samlast på denne måten og snakka uformelt om ting og tang rundt klubben. Eit nytt spelarmøte vert truleg arrangert ut på nyåret då me kjem til å ha fokus på ambisjonsnivå, kapteinsvalg og litt meir konkrete ting rundt det sportslege...vil me tru!
Sjå fleire bilder frå spelarmøtet HER