|
Referat frå spelarmøte

Torsdagskveld vart det halde eit spelarmøte for Veitastrond sine disiplar og her fylgjer eit kort referat.
Det møtte ca 12-14 spelarar heime hjå Emil Heggestad. Det var planlagt ein joggetur etter møtet, men dette vart ikkje noko av då alle var einige om at -3 grader celsius er for kaldt til å driva å springa utandørs...
Saker som var oppe;
Årets ambisjonsnivå
Som vanleg vart det opp til spelargruppa å bestemma kva som skulle vera årets målsetting. Sidan det mest truleg vert ei omlegging i divisjonssystemet som gjer at 6 lag rykker ned så var dei fleste enige om at årets mål vert å halda seg i 4.divisjon, dvs bli blant dei 6 beste på tabellen.
Kaptein
Trenarduoen informerte om at dei hadde satt opp ei kapteinsgruppe. Gruppa består av 3 spelarar og er som fylgjer;
Kaptein; Even Kvam
Visekaptein; Kim Andre Navarsete
Reservekaptein; Øyvind Lien
Tillitsvalgt
Arne Nes held fram som tillitsvalgt blant spelarane. Han har etter eit par år med dette vervet ennå ikkje hatt noko saker.
Bøter
Det vil bli innført eit botsystem på treningar og kampar framover. Dette vil gjelda for dei spelarane som kjem for seint til trening. Satsane er satt til kr 25,- for å komma for seint og kr 50,- for å komma over 10 min for seint. Pengane vil bli brukt til sosiale arrangement. Ansvarleg for å samla inn dette er Even Kvam.
I ein kort kommentar til Veitastrond.com seier ein fortvila Øivind Kristiansen; "dette kjem til å ruinera meg..."
Dugnad
Spelarane vert utfordra til å vera med på dugnadsjobbar framover. Dette inneber arrangering av stølsdag, skogrydding, dømming sogenfjord-cup etc.
Dette var hovudessensen i det som var tatt opp, og alle deltakarane var einige om at det hadde vore eit fint møte.
|