Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Referat frå gårsdagens styremøte

Styret i Veitastrond Fotball var i går kveld samla på Hestnes hjå Frank Heggestad for styremøte der dei viktigaste sakene var avslutningsfest og planlegging av sesongen 2009. Møtet gjekk roleg føre seg og dei heilt store diskusjonane uteblei, og det var heller ikkje dei største avgjerslande som vart tekne. Me tek uansett ein kjapp gjennomgang av gårsdagens møte her på Veitastrond.com.

Dei oppmøtte i går var Emil Heggestad, Frank Heggestad, Hildegunn Heggestad og Richard Nes. Bjørn Molland valgte å ikkje møta opp, og rykta gjekk om at han framleis er fornærma for at han ikkje klarde å velta dagens trenarduo.

Avslutningsfest

Det vart endeleg bestemt at årets avslutningsfest vert halden 22.november i Resalandskjellaren. Sidan dei som leiger ut kjellaren har slutta å tilby gjestene mat må me bestilla dette utanfor. Me satsar på å bestilla eit koltbord, og pris pr pers kjem truleg til å bli på 3-400 kr. Endeleg pris kjem me tilbake til når me veit kor mange som vert med.

Det vart og bestemt program for kvelden, og me er rimeleg sikre på at me skal klara å laga ein alle tiders festkveld!

Bygdakveld

I tillegg ynskjer me å arrangera ein bygdakveld på Veitastrond. Her kjem me til å laga til eit program rundt sesongen som har gått, og me vonar at bygdafolket vil møta opp til ein hyggeleg sosial kveld.

Truleg vert festen halden fredag 28.november, og sjølvsagt vert det servering av mat.

Spelarar inn/ut

På spelarsida vert det viktigaste for oss å behalda samtlege spelarar som har vore med oss denne sesongen. i tillegg ynskjer me å henta inn 1-2 spelarar som kan forsterka laget betrakteleg. Me har allereie vore i kontakt med nokre spelarar, og skulle me ikkje lukkast der har me og fleire navn på blokka. Me gjer merksam på at leiinga i klubben tek seg av å rekruttera eventuelt nye spelarar til klubben.

Det vert eit spelarmøte i nær framtid der me vonar å få kartlagt spelarsituasjonen litt meir.

Treningar/treningskampar

Me byrjar å trena etter nyttår og i fyrste omgang trenar me berre ein gong i veka. Dette vert tysdagskveldar kl 21:00 i Sognahallen. Utover våren er me nøyddes til å auka treningsintensiteten med kanskje opp mot 100%.

Me satsar i år som i fjor på å spela mange treningskamar, og me håpar å få på plass god motstand i år. Me vonar at vår status som 4.divisjonslag skal gjera oss meir attraktive som motstandar.

Økonomi

Me lyt få på plass ein meir ryddig økonomi, og truleg får fotballgruppa eigen konto adskilt frå resten av idrettslaget. Slik som det er i dag har me for dårleg kontroll på kor mykje me brukar og kor mykje me eignetleg kan bruka. Dette vert ei særs viktig oppgåve mot den kommande sesongen.

Me lyt og få inn meir sponsorpengar, eller så må me byrja med dugnadsarbeid eller spelarane må finna seg i å punga ut meir frå eiga lomma. Med 22 kampar og fleire lange borteturar har me ei solid utfordring med å dekka kostnadene som vil dukka opp.

Kveldens servering

Kveldens vert diska opp med tre ulike sortar; småkake med sjokoladefyll (hugsar ikkje navn), peparkaker og M-drops. Til dette serverte han kaffi og saft.

Frank får pluss for eit bra utvalg både på det som me fekk å drikka på og bita i. Likevel var det ikkje noko ekstraordinært, og me gjer kveldens vert terningkast 4 for serveringa som var på eit bra nivå, men som utvilsamt har forbetringspotensiale!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com