|
Referat frå styremøte 02/02-10
Det vart som tidlegare nevnt halde styremøte for VIL-fotball i går. Leiinga i klubben gjennomførte eit meget oppsiktsvekkande møte, som i seinare tid berre vil bli kjendt som Styremøtet! For fyrste gong sidan klubben vart stifta for 7 år sidan vert det endringar i oppsettet på styret, det blir ny sportsleg leiar og ikkje minst vert det nytt trenarteam. Det er mykje å ta unna på kort tid og dersom du vil vite endå meir klikkare du deg vidare på denne saka. Dersom du slit med dårleg hjarte er det kanskje like greit om du finn deg noko anna å gjera.
Oppmøtte; Emil Heggestad, Richard Nes, Bjørn Molland, Hildegunn Heggestad, Jimmy Hilleren og Kurt Heggestad.
Desse hadde ikkje anledning til å møta; Frank Heggestad og Morten Røstadbotten.
Her er dei viktigaste sakene som vart tatt opp i går;
Oppgåvefordeling
Styreleiar Emil Heggestad opna møtet med å seia at han ville ha dei ulike oppgåvene i klubben satt i system og fordelt ut på fleire personar, der kvar enkelt har sine ansvarsområdet. Til tider har klubben vore eit "one-man-show" der Emil sjølv stort sett har hatt ansvar for alt frå laguttak til reingjering av garderobar etter kamp. Styret støtta opp om dette og var innstilt på å delegera oppgåvene ut på fleire greiner.
Ny sportsleg leiar
Etter 7 år som sjef så overlet no Emil ansvaret som sportsleg leiar til Kurt Heggestad. Med den erfaringen og det kontaktnettet han har håpar me at dette skal bli ei god løysing for klubben. Emil vedgjekk at han følte at han var i ferd med å bli oppbrukt, og såg det som fornuftig å få inn nye tankar og idear. Som sportsleg leiar blir Kurt klubben sitt ansikt utad og han får ansvar for til dømes å ta kontakt med spelarar ang overgangar, snakka med media og mykje meir som me ikkje kom på nett no i dette referatet.
Etter at Kurt vart klappa inn i styret uttalte Emil at han hadde ynskje om at hass eiga rolle no vart å vera ein slags sjuande far i huset. Det vil seia at han ikkje skal sitta med sjølve ansvaret, men sitta å trekka i dei rette trådane slik at han alltid får viljen sin. Det høyrer og med til denne oppgåva at han skal vera gjennomført kritisk til alt som den nye sportslege leiaren foretek seg, og helst vera sur og bitter når han lykkast med sine oppgåver... Styret godtok at Emil får denne rolla.
Nytt trenarteam
I tillegg til sportsleg leiar går og Kurt inn i trenarteamet til Veitastrond. Han blir no likestilt hovudtrenar med Emil. Tidlegare assistent trenar Richard Nes fekk ikkje tilbod om å halda fram i denne rolla.
Nytt styre
Styret blir utvida med to personar ved at Kurt Heggestad og Morten Røstadbotten kjem inn. Det er då 7 personar i styret som i tillegg til dei to nye er Emil Heggestad, Bjørn Molland, Hildegunn Heggestad, Frank Heggestad og Richard Nes.
Emil vart utnevnt til styreleiar. Litt difust kva oppgåver styreleiaren har, men det vart einighet om at dette i utgangspunktet er å leia styret.
Oppmann
Hildegunn Heggestad trapper ned frå si oppdamstilling. Som erstattar for ho kjem truleg Morten Røstadbotten inn. Sidan han ikkje fekk vera med på møtet i går fekk me ikkje spesifisert oppgåvene hass, men me håpar på å involvera han mykje i dene kommande sesongen.
Økonomiansvarleg/vevansvarleg
Richard Nes held fram si rolle som økonomiansvarleg. Han får i tillegg ansvar for scoringsklubben 2010, samt at han held fram som vevansvarleg.
SMS
Hildegunn held fram som informant til spelarane via SMS. Ho vil etter eige ynskje heretter gå under tittelen SMS-dronninga.
Baneoppmerkar
Det går stadig nedover på rangstigen for Bjørn Molland. Tidlegare har han vore materialforvaltar, men i år må han ta til takke med ansvaret for at bana vert merka til kvar kamp. Anten gjer han det sjølv, eller får han nokon til å gjera det for seg.
Kamp-/treningskoordinator
Frank Heggestad får fornya tillit som vår koordinator til kampar og treningar. Det vil seia at det er Frank si skuld dersom noko skulle skjera seg vedr. booking av kampar og treningar.
Banemann
Utan rom for diskusjon held Johannes Nes fram i denne rolla ;)
Arrangering av heimekampar
Me set oss som mål å få med oss ca 10 personar som kan ta på seg ansvaret for alt det utanomsportslege på stadion under heimekampane. Ansvaret her vil bli billettsal, kiosk, grilling, kamplotteri, sitteplassar etc.
Sponsorar
Det vart diskutert fleire måtar å få inn sponsorkroner på, og me kjem til å angripa dette i aller nærmaste framtid.
Andre inntektskilder
Som tidlegare år kjem fotballgruppa til å stå som ansvarleg for diverse arrangement som basarar og bygdekveldar. Allereie no har me satt opp ein basar i slutten av februar i samband med vinterferie. Me satsar på å ha 3-5 slike arrangement i løpet av 2010.
Spelarstall
Me har framleis ikkje signert nokon nye spelarar fram mot den nye sesongen, og det kjem til å bli jobba med å få inn 1-3 spelarar før seriestart. I tillegg har me ein jobb å gjera med å kartlegga statusen på den noverande spelarstallen.
Det vil bli halde eit spelarmøte i nærmaste framtid...
Dette var hovudessensen av det som vart teke opp på det over 3 timar lange møtet. Eventuelle reaksjoner etter møtet kjem seinare...
|