|
Veitastrond resignerar
Etter den knusande dommen som VIL-fotball fekk i mot seg i går der me vart trekt 3 poeng etter Selje kampen var vår fyrste reaksjon fylt av fortvilelse, sinne og ikkje minst kamplyst på å ta denne saka vidare. I dag er det så til dei grader dagen derpå og me kjenner at me er tomme både psykisk og fysisk. Me føler framleis at me er urettferdig behandla og at SFFK har hatt ei arrogant framtreding i denne saka. Likevel har me ingen tru på at ein eventuell anke vil gå igjennom. Me har difor bestemt oss for ikkje å anka, og heller legga denne saka død og heller sjå framover.
Me vil her prøva å gå igjennom saka steg for steg og gje vår versjon av saka. Det vert kanskje noko langt og det er kanskje berre interesant for dei som ynskjer å setta seg inn i saka. Me inviterer og dei som har noko på hjarta om å føra ein sakleg diskusjon i gjesteboka vår...
Er ei heimeside godt nok som bevis?
I protesten til Selje vart det satt fokus på at me fyrst hadde lagt ut at Kurt Heggestad skulle sona grunna 3 gule kort, men at me hadde fjerna dette etter at det vart kryssa av for protest i dommarkortet.
Dette er er for så vidt sant, men noko bevis for noko som helst er det ikkje. For det fyrste vert denne heimesida dreven eine og åleine av Richard Nes. Han er og spelar og har så langt i år spelt samtlege kampar til Veitastrond. Kampreferat inkludert gule og raude kort er basert på kva Nes sjølv hugsar, og det seier seg sjølv at det er sjansar for at opplysingar er feil. På grunn av dette vert ikkje Veitastrond.com nytta som kilde når me skal finna ut kven som har gule og raude kort.
Kampen mot Selje var spesiell då me skreiv Før Kampen reportasjen eit par dagar tidlegare enn vanleg grunna at vevansvarleg var på helgatur og ikkje kom igjen før til kampstart. Hovudtrenar Emil Heggestad var inne på heimesidene til SFFK for å få ein oversikt over kortsituasjonen til Veitastrond på søndag morgon. Agendaen var eigentleg ikkje å sjekka Kurt spesielt, men når me såg at han der berre var registrert med 2 gule kort, og der eit kort for over 2 månadar sidan ikkje var komme med så trudde me at dette ikkje var kommet med i dei offisielle tala til SFFK og at han dermed berre hadde 2 gule kort.
Etter kampen reiste vevansvarleg inn å endra på dei gule korta slik at det stemte overeins med SFFK sine sider.
Dessutan meinar me at dersom heimesider kan nyttast som bevis i slike saker må det og vera eit krav til alle klubbane at dei har eit minimum av informasjon på sine sider. Dei fleste laga i 4.divisjon har ikkje dette i dag, og då meinar me at dei få laga som faktisk prioriterar å bruka ressursar på å ha ei oppegåande heimeside ikkje skal straffast for det. Konkurransevillkåra må vera like for alle klubbar...
Munnleg dommarkommentar
Kamprapporten som kvar enkelt dommar skal levera inn etter kampen kom aldri fram til SFFK, og dette er grunnen til at dei gule korta frå kampen mot Skavøypoll ikkje var registrert. Kretsen hadde faktisk ikkje noko som helst bevis for at Kurt Heggestad hadde fått sitt 3.gule kort, men sidan dommar frå kampen Kaj Inge Fløde hugsa at han hadde gitt Kurt gult kort var det godt nok for kretsen og det vart nytta som hovudargument i vedtaket til Kretsen.
SFFK baserar seg altså på det 2 månader gamle hugse til dommaren. Samme dommar kunne ikkje hugsa kven andre som fekk gule kort i denne kampen, men det hadde ikkje noko å seia for SFFK.
Her er det openbart at dommaren kun hugsar dette fordi Kurt Heggestad har eit kjendt fotballfjes i Sogn og Fjordane. Altså vert me straffa fordi me har ein kjendt spelar på laget...like konkurransevillkår?? neppe... Hadde saka dreia seg om til dømes Åsmund Øgar ville denne saka aldri ha komme opp og om den hadde det ville ikkje kretsen hatt noko som helst bevis i saka.
Kan ellers nevna at kamprapporten i går omsider vart funnen att hjå kretsen. Dei hadde funne ein kopi av dommarkortet vart det hevda, og me undrar på kor hektisk virksomheta var på SFFK sitt kontor i går??
Bildebevis
Endå meir oppsiktsvekkande er det at kretsen henviste til eit bilde i Fjordenes Tidene som syner at dommaren gjer Kurt det gule kortet i kampen mot Skavøypoll.
For det fyrste er dette bevis som VIL-fotball aldri vart informert om og truleg har SFFK ikkje fulgt retningslinjene i slike saker ved ikkje å informera oss om nye moment i saka.
Me stiller og spørsmålstegn til om det i det heile er lov å bruka bildebevis i NFF?
Kvar ligg eigentleg fasiten?
Denne saka har lært oss at SFFK sitt system med gule og raude kort ikkje er godt nok. Det er greit nok at me kunne ha forhøyrt oss med kretsen før kampen mot Selje og spurt om Kurt faktisk kunne spela. Likevel veit me at einaste svaret me då hadde fått var at dette må klubbane ha kontroll på sjølve. Altså sjølv om dei berre hadde registrert 2 gule kort på Kurt hadde dei ikkje sagt at han er speleklar.
Ein kan tenka seg eit scenario der dommarraporten etter Skavøypoll kampen hadde havna i veaoven til dommaren og dermed aldri dukka opp hjå SFFK. Sidan me hadde 3 registrerte gule kort på Kurt hadde han sona mot Selje i ein kamp han etter SFFK sitt system ikkje skulle ha sona. I neste kamp mot Eid 2 hadde Kurt spelt igjen og han hadde då fått eit nytt gult kort. Då var me komme opp i 4 gule medan SFFK hadde 3 og etter deira system skulle han då ha sona i kampen mot Syril i går. Dersom ein observang Syril oppmann hadde oppdaga dette på kretsen sine sider kunne dei ha lagt inn protest på at Kurt hadde 3 gule kort og eigentleg skulle ha sona.
Kunne Veitastrond.com og vår eiga teljing ha vorte nytta som bevis i eit slikt tilfelle og? Me trur aldri i livet, og uansett om Kurt hadde spelt eller sona mot Selje kunne me altså ha risikert å komme opp i den situasjonen me no er havna i.
Så lenge ikkje SFFK tek ansvar og seier at me har fasiten er det ingen som veit kva som faktisk stemmer 100%...bra system?
Har Veitastrond tabba seg ut?
Me legg mykje fokus på dei feila SFFK har gjort i denne saka og nokon trur kanskje at me frikjenn oss sjølve. Det gjer me så absolutt ikkje, og på mange måtar er dette ein episode me må ta lærdom av ved seinare høve. I ettertid burde me ha ringt til SFFK når me fann ut at Kurt stod med 2 gule på deira sider og forhøyrt oss om han kunne spela eller ei, og krevd eit svar hjå dei på det.
Det er liten tvil om at me tok ein sjanse med å spela med Kurt i denne kampen, og me har nok opptrådd uforsiktigt.
Likevel vil me ikkje ha snakk om at me har brutt noko fair-play reglar. Uansett kva me hadde gjort med Kurt kunne me risikert å havna i ein kinkig situasjon og me valgte difor å følga SFFK sitt oppsett. Me spelte derfor med Kurt i god tru på at han var speleklar.
Bør SFFK ta lærdom?
Svaret er ja.
Me har snakka med fleire andre klubbar her i distriktet som nyttar SFFK sine sider som dokumentasjon på kven som har gule og raude kort. Det kan heilt sikkert vera nyttig for klubbane i Sogn og Fjordane å få informasjon om korleis ein skal følga opp dette. Me meinar og at SFFK burde ha gjort om sitt eige system slik at dei til sjuande og sist sat med ein endeleg fasit hjå seg. Det burde og vera ei tidsgrense på kor lang tid det tok før ein kamprapport måtte vera registrert hjå dei før den vart forelda.
Det ligg trass alt registrerte gule- og raude kort ute på SFFK sine sider, og me kan ikkje skjønna anna enn at dette er for at klubbane skal kunne halda oversik over sine eigne og sine motstandarar kortsituasjon.
Det verkar på oss som at SFFK har vore oppteken av å skjerma seg sjølv for ein kvar pris i denne saka. Dette er kanskje og ein av grunnane til at dei gjer oss strengaste straff og dermed overlat all skuld og ansvar på oss.
På tide å sjå framover
Etter nesten 2 veker med denne saka hengande over oss tykkjer me det er på tide å legga det bak oss og heller sjå framover. Me var i går fast bestemt på anka denne saka og prøva å gå vidare, men me har i dag valgt å legga saka død. Me har rådført oss med litt forskjellige kilder og ingen gir oss noko forhåpningar om å vinna fram. Me har difor valgt å spara både tid, ressursar og eventuelle meir kostnadar og heller fokusera på det som skal komma seinare i sesongen.
Me tek dermed straffen på 3 poeng trekk og betalar bota på kr 3.000,-...så har kanskje kretsen til litt ekstra kaffi og svele når dei sit og akkiderar oppe på kontoret...
Me nyttar og høve til å gratulera Selje som vinnaren i denne saka og med 3 poeng. Samstundes håpar me for alt i verda at desse poenga ikkje får betyding hverken for deira tabellposisjon i toppen, eller vår eigen i botten. Sjølv om me sit med ei kjensle at desse poenga nettopp vil bli avgjerande til slutt...
Veitastrond er no 5 poeng bak sikker plass på tabellen, men me har på ingen måter gitt opp. Det er framleis 18 poeng å kjempa om, og me har ambisjonar om å henta heim samtlege av desse...'
Dette er truleg siste ord i denne saka for vår del...
Til slutt vil me legga til at me framleis tykkjer at Veitastrond er verdas beste fotballklubb å vera ein del av, og me vert stolte kvar gong me tek på oss den blåe heimedrakta!
|