Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Ryktebørsen - januar 2010

Det er ikkje rare greiene me har melda om dagen. Det gjer ikkje saken betre at fantasien har fråse fast hjå nettredaksjonen vår, og kombinasjon mellom desse to gjer ei heimeside som ikkje er så oppdatert som me ynskjer at ho skal vera. Noko lyt me likevel finna på inni mellom og kva passar vel då betre enn å samla opp det me har grafsa til oss av sanselause rykter den siste tida? Veitastrond.com gjer ingen garanti for kva som er sant og kva som ikkje er så sant, men dette er vel kanskje det som kjenneteinker eit rykte. Me gjer deg uansett det siste på ryktebørsen, så får du tru kva du vil...

* VIL-guru Emil Heggestad ynskjer å trekka seg tilbake.

* tidlegare materialforvaltar på Sogndal Fotball; Morten Røstadbotten, kjem til å overta som hovudtrenar for Veitastrond dersom Emil gir seg.

* 16 år gamle Karl Jomar Bruheim kan bli den fyrste spelaren frå eigne rekker som får sitt gjennombrot på Veitastrond Fotball. Ungguten frå Veitastrond spelar på gutelaget til Sogndal, men er òg med å trenar med VIL. Etter våre kilder har han imponert stort så langt.

* ikkje nok med det, men ein annan spelar frå eigne rekker kan òg få sitt gjennombrot i år. I ein alder av 28, og med over 20 år i klubben kan endeleg Ørjan Aardal få sleppa til på A-laget i 2010. Ørjan var med å trena den fyrste veka i januar, men har ikkje vist seg sidan. På ein SMS til Veitastrond.com seier hovudpersonen at han framleis er stiv etter den fyrste treninga og treng noko veker til med restitusjon før kroppen er klar for ei ny trening.

* Øyvind Lien sluttar på Veitastrond, og satsar heller på musikken. Øyvind er vokalist i bandet Kings og Lien som er i ferd med å få sitt gjennombrot i undergrunnsmiljøa på Studenthuset Meieriet.

* Gaute Olstad skal ala bart i løpet vinteren.

* veteran Frank Heggestad skal etter sigande vera på flyttefot frå Hafslo til Sogndal. Sogndølene skal vera så begeistra at dei allereie har laga til ein aksjon som går ut på at Franken må få meir sentral rolle i fyrste 11`aren til VIL. Leiar for aksjonen er Ørjan Ousland Skrøppa og han oppfordrar alle sogndøler om å støtta opp om aksjonen.

* leiinga i klubben vurderar nytt draktsett til sesongen 2010.

* treningsstatistikk-ansvarleg Richard Nes har vore på så få treningar i det siste at han vurderar å ta opp igjen jogginga. Dette skal i følge Nes vera ein sikker veg å gå for å sjølv komma seg opp i toppen på statistikken.

* Arne Nes som i mange år har vore kjendt som ein "stor skalla sattan", skal ha fått tilbod om ein vidunerkur som gjer at han får håret attende på hovudet. Dette takka han imidlertid nei til då kuren berre fekk fram svart krøllete hår. "Betre skalla, enn å sjå ut som ei hårete balla", seier Arne i ein kort kommentar til vevsidene våre.

* tidlegare VIL-legende Frode Kvam er den siste tida observert på treningsfeltet til klubben. Rykta går no om at Fronaldo kan gjera eit sensasjonelt comeback i Veitastrond.

* Frank Robert Værn, ein annan ex VIL spelar, har òg vore med å trent med klubben i vinter. Likevel så kjem han mest truleg til å halda fram si karriere på Saga. Det vil seia at me diverre må spela i mot han i staden for å spela med han i 2010.

* Andreas Bjelde vil likevel bli presentert som VIL-spelar då han ikkje fekk på seg den åletrange sykkelskjorta han bestile seg.

* Sherlock Heggestad vurderer å finna fram igjen vanskeleg-sak hua si.

* som vanleg treng klubben pengar og det jobbast no med å finna ein dato for ein eventuell Veitastrond Fotball bygdakveld, som var ein stor suksess i fjor.

 

Veitastrond.com står ikkje ansvarleg for innhaldet i desse ryktene og har ingen garanti for kva som eventuelt har rot i sanninga...

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com