|
Ryktebørsen
Det er mykje som skjer i og rundt VIL-fotball om dagen. Det er sesongoppkøyring, som inneber mange spelarovergangar og endå fleire spekulasjonar. Me har prøvd å samla i saman det me har høyrt av rykter dei siste vekene. Ingen rykter for store, og ingen for små for at me skal publisera dei - det er opp til deg kva du vil tru på. Veitastrond.com gjer dykk ryktebørsen anno 2012...
- Etter mange års ventetid har endeleg Øyvind Lien fått sine fyrste hårstrå på kroppen. På årets fyrste trening i går, kunne han stolt visa fram samlinga si som han har fått nederst på ryggen rett ovanfor røvasprekken (eller rompeskaren som dei seier i Bergen)
- Det kan gå mot tidenes comebacksesong for gamle stjerner. Arne Nes har gitt signal om at han ynskjer å delta i løpet av sesongen, og no varslast det om at Frank Heggestad ikkje vil vera noko dårlegare. Kan Paul Scholes gjera comeback for ManU, så kan eg gjera comeback for VIL-fotball skal han ha uttalt. Frank var med på treninga i går, og det varslast om ein aldrande mann i toppform.
- Arvid Heggestad ryktast å ikkje vera bitt av samme comebackbasillen. "Eg e fø gammadle", heiter det seg i ein kort kommentar...
- Når me fyrst snakkar om gamlekara, så kan me no avsløra kvifor Arne Nes la opp som fotballspelar etter sesongen 2010. Det hadde seg nemleg slik at katten til Arne brukte fotballskoa hass i staden for kattasanden til å gjera sine nødige ærend. Sambuaren til Arne vart så lei av å leva i ei konstant kattamiglukt, at ho ga beskjed om at anten så kasta ho ut skoa eller så gjekk eigaren av skoa på dør. Arne valgte då å kasta skoa...
- Morten Nes var med å trena med VIL-fotball i fjor, og i år skal han vera klar til å signera for klubben. Morten som har etternavnet i orden er keeper, og er nok best kjent på Strondi for å vera fast postmann om laurdagane.
- Vår faste keeper Even Kvam ventast å ta ein ny sesong, men har visstnok "so helvetta ilt i skuldri", at det er uvisst i kva grad han vil bli med.
- Ein tredje keeper Gøran Fimreite ynskjer igjen å satsa for fullt.
- Veitastrond har følare ute etter tidlegare VIL-spelar Frank Robert Værn. Han skal vera klar til å signera for klubben på ny dersom han får seg ei lite gardsbruk på Strondi.
- Ein av dei verkelege sluggarane i klubben; Bjørn Molland, truar med å legga skodna på hylla. VIL-fotball skal etter rapportane nekta å godta dette, og det ventast å sjå Bjørn i VIL-trøya igjen om ikkje lenge.
- Veitastrond har store forventingar til at Ivan Jokic skal få ein stor sesong for klubben.
- I ein alder av snart 29 år så håpar Richard Nes å få sitt store gjennombrot kommande sesong. Han skal ha gitt beskjed til klubbleiinga om at han forlet VIL dersom det kjem eit interesant tilbod frå lag høgare opp i systemet.
- Runar Hatlevoll si fotballkarriere heng i ein tynn tråd grunna ein kneskade. Dersom Runar legg opp så ventast det at dei har ein eller anna ny Hatlevoll klar som erstattar.
- Andreas Bjelde som spelte for VIL i haustsesongen 2010 skal no vera klar til årets sesong.
- Ikkje nok med det, men Andreas har òg starta som talentspeidar. Han har difor anbefalt tidlegare Selje- og Kaupangerspelar, Severin Rokne for VIL-leiinga. Det er venta at han vil bli presentert som årets "big signing" på Leikvoll.
- Åsmund Øgar er i dialog med storebror Eivind om å gjera eit gledeleg comeback på fotballbana for VIL.
- Ein annan gammal kjenning i fotballmiljøet i Sogndal; Ørjan Osland Skrøppa, skal òg vera aktuell for VIL. Enn så lenge så gjer imidlertid ein kneskade til at signaturen uteblir...
- Sogndal 2 ynskjer å skaffa seg ei stamme av rutinerte spelarar. Trenar Tommy Øren skal vera interessert i at Emil Heggestad blir ein av desse. Emil vil truleg halda fram som trenar for VIL, om han skulle velga å spela for SIL2.
- På gårsdagens trening hadde me med oss ein prøvespelar ved navn Gisle Selseng. Han kjem kanskje til å spela for klubben vår i den kommande sesongen (?)
- Øyvind Lien er inne i sin siste periode for klubben. Til sommaren flytter han heim til Bergen.
- Den nye Veitastrondborgaren Roger Fåberg vil få tilbod om kontrakt for VIL. Det er imdilertid ingen som veit om han kan å spela fotball.
- Gaute Olstad vurderar å spara til bart.
- Tidlegare VIL-kaptein Kim Andre Navarsete er sterkt linka til Veitastrond. Han er for tida på skule i Mexico, men er tilbake rundt seriestart og skal då vera open for å skriva under for klubben i sitt hjarte.
- Emil Heggestad er observert på Leikvoll med snømåka der han jobbar for å få bana klar til 11.mai.
...dette er det me har sanka saman av rykter. Har du høyrt noko meir? Ikkje nøl med å publiser dette i eit forà nær deg. |