loka

 

      Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Sesongen 2012 startar no

AAAAAAAAAHhhhhh HØHØ, pssh #host#hark"..... Ja-aa, no sit du sikkert og trur at dette utbrotet skuldast at redaksjon i Veitastrond.com har pådrege seg ei lei forkjøling?, men neidå. Me berre tørka bort støvet som hadde lagt seg på fotballklubben vår, som no har lege i dvale sidan me avslutta fjorårsesongen ein gong i oktober månad i 2011.

Så då er det plass å ynskja deg som framleis er vår brukar velkommen til eit nytt fotballår med både VIL-fotball og Veitastrond.com. På sedvanlegvis skal me følga fotballklubben vår, og prøva å geleida deg igjennom med informative artiklar gjerne ispedd ein og anna vittig kommentar og til slutt krydra med anna vissvass me måtte komma på i farten.

Kjære deg. Det er på tide å spenna seg fast og gjera klart for at Veitastrond Fotball finn fram pennen og byrjar å forfatta neste episode som me har valgt å kalla for "Sesongen 2012!!!"

Det har ikkje skjedd så mykje sidan me avslutta fjorårets sesong. Som vanleg var me relativt dritleie etter at haustsesongen var komen i havn, og ingen har orka tanken på VIL-fotball sidan den gongen. No har me fått litt tid på oss, og istaden for å få oppkast og magaverk ved tanken på lange borteturar, dårlege haustbaner og store tap så byrjar me no så smått å lengta etter ei junigrøn Leikvoll, sigersrus og ikkje minst potetkakene til ho Rakel.

Forrige veke hadde styret sitt fyrste møte for sesongen, og det vert truleg endå eit møte til veka. Her skal me legga planar for både spelarstall, treningsopplegg, formasjonar, økonomi, arrangement og alle andre ting som trengst for å gjennomføra 22 fotballkampar i løpet av året. Noko har me kontroll på, medan noko framleis er i det blå.

Treningar i 2012

Veitastrond byrjar oppkøyringa til årets sesong denne veka. Som ifjor og året før, så har me fast treningstid på torsdagar kl 21:00 i Sognahallen. Me held altså fram med 1 trening i veka, noko me tykkjer er passeleg dosering for ikkje å bli luftande lei før me er komne til påske. I år har me ikkje tinga hallen heile sesongen, men me leiger denne berre for enkelt treningar fram til me kjem oss utanførs. Minuset med dette er at me av og til lyt ta til takke med 2/6 hall, i staden for halv hall. Fordelen er at me slepp å leiga frå november til mai, og tenar mykje pengar på dette, særleg når me uansett ikkje hadde byrja å trena før godt innpå nyåret.

Me har så langt fått på plass 3 treningskampar;

03 mars; Veitastrond - Vang (Sognahallen)
21 mars; Veitastrond - Jølster (Sognahallen)
24 mars; Lærdal - Veitastrond (i Lærdal)

Kampkordinator Frank Heggestad seier i ein kommentar at han jobbar 24 timar i døgnet for å få på plass fleire kampar.

Som vanleg er det mykje styr kring treningaavgifta, i vertfall for dei av oss som jobbar for å få inn desse pengane. Beløpet i år er som tidlegare på kr 2500,- noko som inkluderar treningavgift på kr 2000,- og lisens på kr 500,- Me ser helst at spelarane betalar inn heile beløpet med ein gong, og me byrjar innsamlinga av desse pengane ganske kjapt. Me oppfordrar difor våre spelarar om å ha dette i mente og sørga for at dei har råd til dette.

Spelarstall

Me har ikkje signert nokon nye spelarar endå, men har sjølvsagt nokon i kikkerten og me har òg vore i kontakt med spelarar som vurderer å skriva under for oss. Inntrykket vårt er at det generelt sett er lite spelarar tilgjengeleg, og ein får nesten inntrykk av at det lokalt i indre Sogn ikkje er veldig stor interesse for å spela fotball om dagen. Likevel skal me nok klara å lura ein og anna til signera navnetrekket sitt og slutta seg til klubben vår.

Av dei spelarane som var med i fjor så har Lars Bruhaug gitt beskjed om at han gjer seg. Me nyttar anledninga til å takka han for god innsats i sesongen 2011. Lars spelte tilsaman 6 kampar for klubben vår.

Det er ellers nokon spelarar som har gitt signal om at dei er usikre om dei blir med vidare, men me får sjå framover kven som dukkar opp på treningsfeltet og kven som bli liggande på sofaen og velta seg i potetgullskåla.

Me skal prøva å få i stand ein Ryktebørsenartikell dei nærmaste dagane. Så skal me få med alle usikkerhetar, også kan me juga på oss ein del ekstra.

Styr og stell

Styret i klubben er slik det har vore siste året. Emil- og Kurt Heggestad held fram med delt trenaransvar.

Kan ta med til slutt at vår eminente banemann Johannes Nes var 60 år på fredag, og klubben sendte i den anledning ein blome til han. Me gratulerar Jossn med vel overstått dag.

Det får vera nok for denne gongen. Lenge sidan me har skreve noko på heimsida vår, og me kjenner no at skrivekrampa er rett rundt hjørna...

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com