Sesongkort og scoringsklubb
Akkurat som andre klubbar i fylket vil og Veitastrond no starta sin sesongkortkampanje. I motsetnad til andre treng imidlertid ikkje me å vifta rundt me alle slags gje-bort tilbod for å selja flest moglege kort. Me i Veitastrond kan nemleg garantera eit kvalitetsprodukt, og eit slikt produkt kan ein ikkje rekna med å få på latterlege tilbod.
Sesongkort_vil_hil/publikum.jpg)
Me kan tilby vårt kjære publikum å kjøpa sesongkort for kr 200,-
I år skal me spela 7 heimekampar, inkludert 2 lokaloppgjer mot Hafslo som sjølve rosina i pølsa. Har du ikkje sesongkort vil ein inngongsbillett kosta deg kr 40,- Dvs at du tener fort ein 50 lapp på å vera sesongkortinnehavar - ein 50 lapp du kan nytta til å handla deg vafler og kaffi hjå Rakel og Ingrid i VIL-bui.
Scoringsklubb
Vår faste scoringsklubb vil sjølvsagt vera oppe å gå i år og. Prisen for å vera medlem i kremen av Strondaklanen er 10,- pr mål som Veitastrond scorar heime på Leikvoll Stadion. Medlemmane vil bli oppsett på ei liste og bli tilsendt rekning ved sesongslutt.
Interessert?
Er du interessert i eit eller beigge desse tilboda våre så ta kontakt med oss på følgande vis:
- Skriv deg på liste som etterkvart blir lagt ut på Matkroken
- Send ein mail på; admin@veitastrond.com
- Ta kontakt med Emil Heggestad - tlf 90 85 51 03
- Ta kontakt med Richard Nes - tlf 97 15 64 37
Hugs at VIL-fotball er like avhengig av sitt publikum som dei er av oss!
|