|
Sindre Mørkve takkar for seg
Når kveldens VIL-trening avsluttast inne i Moane, så vert det og det siste me ser til Sindre Mørkve i VIL-samanheng. Vossingen har vore med oss i eit halvt år, og har på denne tida markert seg som ein av våre aller beste spelarar. Det er difor med stort vedmod me no tek farvel med forsvarsbautaen vår.
Sindre vart med Veitastrond i midten av februar, og sidan det har han vore særs delaktig i vårsesongen 2008. Faktisk er han den einaste som har spelt samtlege 11 kampar i år (6 treningskampar og 5 seriekampar). I seriesamanheng fekk han ikkje med seg nokre mål, men i ein treningskamp i vinter fekk han oppleva alle VIL-spelarane sin største draum då han scora 2 mål mot erkefienden Hafslo.
Faktisk så kunne Sindre ha blitt VIL-spelar allereie i fjorårssesongen. Han var nemleg med på ei trening i januar 2007, og hadde håp om å bli med oss då. Den gongen vart det ikkje noko av då me fyrst og fremst var veldig mange folk i troppen, og alt hadde teke inn mange nye. Samstundes som Sindre valde å spela ut sesongen for moderklubben Voss.
Forsvarsbauta
Sindre byrja sin VIL-karriere som høgreback, og spelte her til og med fyrste seriekamp mot Breimsbygda. Etter det gjekk han inn som midtstoppar for ein suspendert Øivind Kristiansen, og her vart han verande til han no altså reiser ifrå oss.
Han er på alle måtar ein moderne stoppartype, som i tillegg til å vera ein god duellspelar òg er god med beina og er roleg i det han føretek seg. Med desse eigenskapane kan ein trygt seia at han utfyller sin stopparkollega Even Kvam på framifrå vis.
I ein samtale med veitastrond.com i dag er det og Even som Sindre vil trekka fram av enkeltspelarar; "Eg har aldri sett ein spelar som ofrar seg i duellspelet slik som Even gjer. Ein fantastisk spelar og person å ha med på laget"
I tillegg til Even så skryt han og av heile klubben; "Eg har aldri spela i ein klubb med så bra miljø og sjel som det er her i Veitastrond. Sånn sett vert det vanskeleg å finna ein klubb i Trondheim som kan matcha det tilbodet som VIL har gitt meg"
Ynskjer lukke til på ferda
No er Sindre ferdig med 3 år på Høgskulen, og ferda går vidare til Trondheim for vidare utdanning.
Veitastrond Fotball takkar Sindre for den fabelaktige innsatsen han har gitt til klubben på dette halve året. Me skulle svært gjerne hatt deg med ut heile sesongen, men diverre så let dette seg ikkje gjera.
Me ynskjer deg lukke til vidare i livet, og vonar du tek med deg minnene om VIL-fotball når du no skal ut i den store verda..;)
Erstattar
Kan og ta med at det ikkje vert aktuelt å henta inn nokon erstattar for Sindre utanfor, då me føler at me har såpass stor stall allereie at det ikkje vert nødvendig.
Så er det opp til dei andre i troppen å visa at dei fortener den ledige stopparplassen....
|