|
Siste Veitastronds tur for Petter og Ivar

Etter å ha vore ein del av VIL-familien i 1,5 år er det no slutt for Petter Fagerli og Ivar Melby. Dei to er no ferdige med sine studiar i Sogndal, og til hausten flyttar dei frå distriktet og dermed og frå Veitastrond Fotball.
Petter og Ivar kjem begge frå Feiring borte på austlandet, og dei har kjent kvarandre sidan barndomen. Dei har no vore i Sogndal i 3 år kvar, og den siste halvdelen av denne perioden har dei altså vore med oss og spelt på Veitastrond.
Dei to slutta seg til troppen etter sesongen 2006. Den gongen låg klubben litt nede, og ei stund var det faktisk snakk om å legga ned heile greia. Dette unngjekk me, og på mange måtar fekk me ein ny vår på vinteren (ordspel) 2007. Mykje av dette skuldast at nettopp Petter og Ivar, saman med ein 3-4 andre studentar, slutta seg til klubben og me fekk opp den nødvendige kvaliteten og kvantiten som trengs i ein spelartropp.
Veitastrond har til tider fått ein del kritikk fordi me har hatt med mange studentar, og andre folk utanfor bygda. Til det kan me berre seia at me har utelukkande positive erfaringar med å knytta til oss studentar som kjem til regionen. Me oppfattar dei som særdeles treningsvillige, og dei glir rett inn i miljøet både sportsleg og sosialt. Ei flott anledning til å integrera studentar i lokalmiljøet, og samstundes nyttig for oss lokale å utvida horisonten lite vetta. Neste gong me har behov for å forsterka spelarstallen vil me difor ikkje ha noko betenkeleghetar med å henta inn fleire studentar til klubben...so da so!
Midtbaneterrier og løpsmaskin
Petter har stort sett spelt fast anten sentralt- eller på høgremidtbane den tida han har vore i klubben. Han har vist seg som ein skikkeleg midtbaneterriar, og er den type spelar ein ikkje legg så mykje merke til ute på bana men som gjer ein usynleg jobb som er heilt uvurderleg for laget. Han endar opp med 16 kampar og 6 mål for klubben, der han kanskje hugsar best 19-2 sigeren mot Norane i fjor, då han scora 4 mål.
Ivar har vore litt meir inn og ut av laget, men og han har alltid gjort jobben når han har fått sjansen. I byrjinga prøvde han seg litt på midtbana, men etterkvart er det på høgrebacken han har funne seg best til rette. Ivar er gjennomtrent til fingerspissane, og er ein av dei få i laget som har kapasitet til å springa opp og ned ei fotballbana i 90 minutt. Kondispinnen har og utmerka seg i Kjeringi Open ute på Leikanger, der han har vore heilt i toppsjiktet dei siste to åra.
Ivar endar opp med 17 kampar for klubben. Han fekk aldri æra av å scora for blåtrøyene, men det skal seiast at han har hatt nokre skikkeleg kremmarhus på trening i ny og ne...
For Petter sin del gå no ferden vidare til Trondheim. Der tek han med kjering og dotter, for å utdanna seg vidare innan økonomi. Ivar har ikkje så handfaste planar, men han skal truleg jobba ein del det neste året og har og planlagt å reisa til USA for å stå på ski. Kun Petter har planar om å finna seg ein ny klubb, og halda fram sin fotballkarriere.
Følelseslada farvel
Dei to karane har utvilsamt fått sterke følelsar for både bygda og klubben på den tida dei har vore med oss. Spesielt merka me dette på siste trening for vårsesongen, som og vart siste strandatur for dei to.
Etter treninga tusla spelarane bort frå Leikvoll då Petter brått snudde om og såg ned på bana. Trenar Emil spurde om han hadde lagt att noko, og då svara Petter; "ja - eg la nettopp att sjela mi på Leikvoll Stadion"...
Veitastrond takkar no dei to for den fantastiske innsatsen dei har gitt klubben, og me ynskjer dei to lukke til vidare i livet!
Dei to gjennomførte nyleg ein nettprat med fansen. Les kva dei to svarte HER
|