Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Sjokkerande nyhende frå Leikanger

Veitastrond spelar ny seriekamp på fyrstkommande onsdag, og i dag kom meldinga om at denne kampen vert spelt på grus då grasbana deira er stengt. Kanskje er det me som er bortskjemde, men me trudde vel at gruskampar tidleg på hausten høyrde fortida til.

Det vart i helga arrangert miniputturnering på Leikanger, og den slitasjen dette ga på bana var så stor at dei no held bana stengt ei stund framover. A-laget deira må dermed nøya seg med å spela på grusen som ligg rett nedanfor grasbana.

Me skal vel ikkje legga skjul på at me aller helst hadde sett at kampen hadde gått på gras, sjølv om me er sikre på at vår kaptein Even Kvam tykkjer at gruskamp er heilt prima. Som gammal Noranespelar er han ein av særs få grusbane-entusiastar som framles er å oppdriva.

Veitastrond har ein gong tidlegare spelt kamp på Leikanger, og den gongen spelte me og på grusbana. I 2004 var Syril 2 motstandar og me tok då vår fyrste siger i seriesamanheng nokon gong då me vann 4-3. Kampen vert likevel best hugsa for sine tøffe bataljar, og på bildet til høgre ser me at vår eigen Per Christensen har fått seg ein trøkk i skallen. For Syril 2 sine spelarar gjekk det endå verre og ein av deira spelarar måtte ut med skade og vart køyrt rett til legevakta av dåverande Syriloppmann Norvald Kvam. På halvvegen måtte imidlerid Kvam snu og køyra attende, då dei ringte frå Syril-benken og ba han henta ein spelar til som òg måtte på legevakta.

Om det blir like tøffe tak på onsdag gjenstår å sjå...

Skitten Syril knep?

På kafeen framme på Veitastrond går debatten rundt denne kampen om dagen, og "ekstpertane" som sit her har meir eller antyda at valet av grusbana er ingenting anna enn eit skitten knep frå systrendingane.

Veitastrond.com sin utsendte reportar var på veg inn til det gigantiske kjøpesenteret på Strondi då me møtte ein velkjend VIL-supportar som var på veg ut av kafeen. Vedkommande er ikkje tvil om kvifor kampen skal spelast på grus;

"Dette er sjølvsagt noko byråkratane utpå Leikanger har bestemt då dei sikkert trur at heimelaget skal ha fordelen av det. Eg trur likevel dei skal bli forundra, og for Veitastrond sine spelarar har eg berre ei ting å seia - ha dikka ut å GRUS dei kara!!", seier den ivrige supportaren som helst vil halda seg anonym, før han sprett opp i hytta på sin grøne John Deer traktor og forsvinn nett framom Jarven...

Veitastrond.com forsikrar at dette er rein synsing frå våre supportarar og desse uttalelsane kjem ikkje frå offisielt hald i klubben.

Fruktbare dagar

Sidan dette er lokaloppgjer håpar me at ein del strendingar tek turen ut på Leikanger for å sjå kampen. For dei som ikkje har anledning kan me i staden anbefala å ta ein tur til Leikanger den 3.oktober når årets Fruktbare dagar vert arrangert der ute.

Riktignok er me noko usikre på kor fruktbart ein eigentleg kan venta seg at desse dagane vil bli når dei ikkje ein gong klarar å halda ved like ein grasplen oppe på Syril Stadion...

Kanskje vår eigen banemann Johannes Nes skal kalla inn til kurs i korleis ein skal vedlikehalda og ikkje minst kjæla med ei fotballbane?

Veitastrond Fotball gledar seg uansett til kamp på onsdag - uansett om kampen går på gras, grus eller asfalt for den saks skuld!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com