|
Skryt til trenarane frå anonym spelar
Veitastrond sin hovudtrenar Emil Heggestad fekk på pukkelen av Øivind Kristiansen etter det raude kortet mot Sandane forrige helg. Derfor smakar det nok ekstra godt at samme mann i dag får skryt (=røvasleiking?) av ein av dei andre spelarane. Det er litt uklårt for oss kor handfaste dei opplysningane som kjem fram i denne saka er, men mer har fått dei tilsendt og ser ingen grunn til å ikkje tru det som står å lesa.
Det er tydeleg at Veitastrond Fotball er full gang med forberedelsane til helgas skjebnekamp mot Skavøypoll, og enkelte spelarar ser ut til å forbereda seg betre enn andre. Sjå berre her kva ein av spelarane (som altså vil halda seg anonym) i dag sendte ut i ein (u)offisiell pressemelding;
"Vyrde VIL-vener
Vil med dette kome med skryt til trenarane for at dei no tek tak før serieinnspurten, og plasserer dei beste spelarane på plassane dei er best! I ein samtale med assistent Richard Nes i dag kunne han stadfeste at eg var eit hestehovud framfor dei andre i kampen om høgrekantplassen i Frode Kvåle sitt fråvær. Dette er sjølvsagt smigrande. Det er kanskje nokon som vil reagere på at eg med mine, vil mange sei, begrensa ferdigheiter, spelar på høgrekanten? Men faktum er at eg har fleire sesongar bak meg på lag i Luster og Sogndal kommune som kant og indreløpar, og ein treng ikkje vere lynrask, eller driblefant når ein kan slå presise legg frå heile bana!! Har og alltid vore ei såkalla "pota", fordi eg stort sett spelar godt uansett kva posisjon det skulle være.
Når eg no får sjangsen, så er det sjølvsagt ein sjanse eg har intensjonar om å ta godt vare på, og Frode Kvåle skal ikkje rekne med å få tilbake plassen med det fyrste. Tykkjer og det er gledeleg at Arne eller Richard spelar spiss, då eg får ein skalle å sikte dei presise legga mine på. I tillegg så har vi mange gode midtbanespelarar som kan kome på djupe løp, å ekspedere legga mine i mål. Eg veit ikkje kven som skal spele der, då Richard sa at det her var større konkurranse om dei plassane.
Vel, eg håpar det blir "stinn brakke" på søndag, og at publiken er med å sikre oss tre viktige poeng!
VIL-helsing frå anonym spelar"
|