|
Spelarstatistikk for sesongen 2008
I dag er me komne fram til spelarstatistikken for årets sesong, og det er vel kanskje den mest interssante av våre statistikkar. I tillegg har me og lagt ut ein oppdatert maratontabell.
Oversikt over kven som har spelt kampar i år og korleis dei har prestert i form av tal og statistikk;
| |
Kampar (15) |
Mål (68) |
Assist (54) |
VIL-Stjerna (90) |
Gule kort (31) |
Raude kort (3) |
| Frode Kvam |
15 |
25 |
6 |
20 |
|
|
| Richard Nes |
15 |
15 |
4 |
4 |
1 |
|
| Gøran Fimreite |
15 |
|
|
6 |
|
|
| Emil Heggestad |
14 |
4 |
13 |
8 |
3 |
|
| Kim Andre Navarsete |
14 |
1 |
3 |
8 |
4 |
|
| Bjørn Molland |
13 |
3 |
2 |
|
2 |
|
| Even Kvam |
13 |
1 |
1 |
8 |
4 |
1 |
| Øyvind Lien |
13 |
|
3 |
2 |
|
|
| Kurt Heggestad |
12 |
8 |
14 |
15 |
3 |
|
| Frank Heggestad |
12 |
|
|
2 |
5 |
|
| Geir Aardal |
10 |
1 |
2 |
6 |
3 |
1 |
| Morten Hagen |
10 |
1 |
|
6 |
2 |
|
| Øivind Kristiansen |
9 |
|
|
|
2 |
1 |
| Arne Nes |
8 |
2 |
|
|
2 |
|
| Petter Fagerli |
6 |
|
|
|
|
|
| Vidar Vadseth |
5 |
5 |
2 |
1 |
|
|
| Sindre Mørkve |
5 |
|
1 |
2 |
|
|
| Jan Erik Bøyum |
4 |
1 |
|
|
|
|
| Helge Skjælaaen |
4 |
|
2 |
2 |
|
|
| Ivar Melby |
4 |
|
|
|
|
|
| Ole Kristian Vikheim |
3 |
|
|
|
|
|
| Øystein Heggestad |
2 |
|
|
|
|
|
| Gaute Olstad |
1 |
|
1 |
|
|
|
| Jon Arne Fimreite |
0 |
|
|
|
|
|
| Arvid Heggestad |
0 |
|
|
|
|
|
| Sjølvmål |
|
1 |
|
|
|
|
* Her ser me at i alt 23 spelarar har fått speletid i årets sesong. Av dei som er oppførte i troppen er det berre Jon Arne Fimreite og Arvid Heggestad som ikkje har fått entra bana for VIL i årets sesong.
* Frode Kvam, Richard Nes og Gøran Fimreite var dei einaste spelarane som spelte samtlege 15 kampar.
* Veitastrond scora i alt 68 mål i 2008. Me hadde i alt 12 ulike målscorar + 1 sjølvmål. Frode Kvam vart suveren toppscorar med imponerande 25 mål på 15 kampar. Spesielt var haustsesongen bra av Frode då han scora 16 mål på 8 kampar - altså 2 mål pr kamp!
* I tillegg til Frode var det berre Richard Nes og Vidar Vadseth som fekk starta kampar som spissar, og det er flott å sjå at alle desse står bokført med minst 1 mål pr spelte kamp i år. Frode har som sagt 25 mål på 15 kampar, Richard 15 mål på 15 kampar medan Vidar har 5 mål på 5 kampar.
* Det vart notert assist på 54 av våre 68 scora mål. 13 spelarar fekk notert assist, og Kurt Heggestad vart årets assistkonge då han var nest sist 14 gonger. Etter han fulgte Emil Heggestad hakk i hæl med 13 assistar.
* Det vart delt ut 90 VIL-stjenrner denne sesongen, som var fordelt på 14 spelarar. Frode Kvam fekk flest med sine 20, medan Kurt Heggestad fulgte på plassen bak med 15 stjerner.
* Laget pådrog seg i alt 31 gule kort. 11 spelarar fekk sjå den gule fargen av dommaren, og ingen vert vel særleg overraska at det er gamle far sjølv Frank Heggestad som fekk flest med sine 5. Bak han kom våre to kapteinar Even Kvam og Kim Andre Navarsete med 4 gule kort kvar.
Tidlegare har me dokumentert at halvparten av alle straffar me har fått i mot var var feil dømt, og mykje det samme gjeld i denne samanhengen og. Truleg hadde laget berre fortent ca 15 gule kort, men når dommaren er konstant i mot oss så er det lite me får gjort...
* 3 spelarar fekk kvar sitt raude kort. Øivind Kristiansen fekk marsjordre i fyrste seriekamp mot Breimsbygda, medan Even Kvam og Geir Aardal begge fekk raudt i bortekampen mot Jølster 2 i haust. Berre Geir fekk dirkete raudt, medan dei to andre fekk 2 gule kort.
Maratontabellen
Ein oppdatert maratontabell kan du finna HER
* Her ser me at laget no i alt har spelt 72 offisielle kampar, scora 289 mål, fått 108 gule- og 12 raude kort.
* Det var ingen som debuterte for VIL i løpet av haustsesongen, og det er framleis 55 spelarar som står bokført med kampar for klubben.
* Richard Nes har flest kampar då han har spelt samtlege 72. Han har og scora mest med sine 67 mål.
* Frank Heggestad har flest gule kort med 17.
* Even Kvam har flest raude med sine 4.
|