|
Spelarane er delt i synet på den nye leiinga

Det har no gått nokre dagar sidan nyhenda om endringar i leiinga i VIL-fotball. Der vart det blant anna kjendt at Kurt Heggestad overtek som sportsleg leiar og trenar, medan Richard Nes går ut av trenarteamet. Det er utvilsamt spanande tider for den vesle klubben vår, og når no spelarane har fått tygd litt på dette så tykkjer me det er på tide å høyra korleis dei ser på situasjon. Så lenge den nye leiinga ikkje set noko restrikasjonar på oss, så forheld Veitastrond.com seg retten til å publisera alle synspunkt, og me let som vanleg uttalelsar i nyhendeartikkelen gå på uttalar si rekning. Me har valgt å slå av ein prat med dei to VIL-veteranane Frank Heggestad og Arne Nes.
Frank Heggestad er 35 år og laget sin eldstemann. Han har sjølv vore både trenar, assistent trenar og er no på sitt 7.år som styremedlem. Veteranen ser lyst på framtida til Veitastrond, og når me ringer ned på Hestnes er han særs positiv til endringane som har vore gjort i leiinga;
"Ja eg lyt seia at dette har eg veldig stor tru på. Det at me får ein ressurs som Kurt Heggestad, eller Kurtn som er brukar å kalla han, inn i leiinga kan berra vera positivt for VIL-fotball. Med si erfaring og breie nettverk trur eg at me kan ta ytterlegare steg som fotballklubb, og kanskje er det dette som skal til for å ta ytterlegare kliv oppover i divisonssystemet", nærast syng Frank inn i telefonrøyret og det er tydeleg at han pratar med stor iver.
Frank gler seg og til at det vert to gonger Heggestad i årets trenarteam; "Det er kjempeviktig for spelarane at me no får Kurt Hegge...ja, Kurtn altså, inn i trenarteamet og eg ser fram til eit langt meir profesjonelt opplegg enn det som har vore standaren dei siste åra. Eg er og viss på at Kurtn og Emil utfyller kvarande kjempebra og kjem til å danna ein vannvittigt bra trenarduo", seier Frank og held fram med at han og trur det skal bli ei god løysing for seg sjølv;
"Dette er som sagt bra for klubben, men det er kanskje like viktig for ein veteran som meg som no får eit ekstra løft til å framleis yte 100%. I min alder treng ein gjerne eit ekstra spark i røvi, og det er akkurat dette sparket eg får no. Dersom eg får så mykje speletid som eg reknar med av mine kjære fetterar og trenarar trur eg at eg går mot mitt beste år i Veitastrond Fotball"
Frank er som ein sikkert skjønar godt nøgd med den nye leiinga og han trur heller ikkje det blir noko stort sakn at Richard Nes no er ute av trenaeteamet; "Hehe, nei du, han trur eg ikkje me kjem til å sakna for å sei det mildt. Personleg har eg aldri skjønt kva han har gjort i trenarteamet i det heile. For det fyrste har han ikkje den nødvendige kompentansen, og for å vera ærleg har eg aldri likt trynet på fyren heller", avsluttar Frank til Veitastrond.com sin utsendte reportar.
Før me la på røyret ville Frank at me skulle senda ei helsing til Kurt "supertrenar" Heggestad og ynskja han hjartleg velkommen i trenarteamet.
Meir skepsis på Øyna
Medan Frank altså var udelt positiv til endringane i leiinga er det ei heilt anna stemning som møter oss når me tok turen heim på Øyna for å snakka med Arne Nes. Her er ikkje internett det mest brukte mediumet, og faktisk visste ikkje Arne at det hadde vore endringar i adminstrasjonen før me fortalte han det. Etter å ha gitt han eit kort referat let ikkje reaksjonane venta på seg. Arne brukar nokre sekundar på å rista på hovudet før han tek til ordet;
"NEI, NEI og atter NEI. Kva i all verda er det denne molbu gjengen i VIL-leiinga har funne på no?", seier Arne som er så forferda at han lyt setta seg ned ved kjøkenbordet for å summa seg.
Etter ytterlegare hovudristingar held han fram; "Eg kan sei med ein gong at eg reagerar med sjokk og vantru. Her er det som vanleg ikkje snakk om årsmøte, generalforsamling eller spelarmøte. Opplegget er som det brukar å vera, og her er alt styrt etter samme modell som gutteklubben Grei. Ekstra skuffande at eg som tillitsvald ikkje har høyrt eit pip på førehand, og her lyt tydlegvis spelarane akseptera endringane som mafiastyret vårt har bestemt seg for"
Arne er og redd for at klubben no skal bli eit einaste stort familieføretak, og han hadde satt pris på litt større variasjon på styremedlemmane; "Frå før hadde 3 av 5 styremedlemmar etternavn Heggestad, og no får me altså inn ein til som i tillegg skal overta som både sportsleg leiar og trenar saman med Emil Heggestad - ja og sistnevnte er då for sikkerthetsskyld styreleiar. Om ikkje det var nok så har me då Jimmy Hilleren som leiar i VIL, og sjølv om han gøymer seg bak etternavnet så veit eg godt korleis slektsforhold han har til resten av gjengen.", sukkar Arne som ikkje har særleg stor tru på at Richard Nes og Bjørn Molland kan røska opp i slektsforholda.
"HALLO! Desse to fjompenissane? Eg registrerer at dei i år har fått dei ærefulle titlane baneoppmerkar og økonomiansvarleg, eller skal eg heller sei dei to største dret jobbane som finst!? Dessutan er det ei kjendt sak at desse to karane sjeldan opnar kjeften med mindre dei har minst 6 halvliterar innanbords. Nei dei kan du berre gløyme med ein gong", seier Arne som er skeptisk på si eiga framtid i klubben.
"Me får sjå kva som skjer framover", avsluttar Arne i det gamlingen kjem inn på kjøken, peikar på klokka og gjer merksam på at det er fjøstid. Dermed takkar Arne for seg og let underteinka bli åleine att på kjøken, og me skjønar at intervjusekvensen er over.
Det er med andre ord delte meiningar om den nye leiinga blant spelarane, men me i Veitastrond.com vonar at alle partar etterkvart bli nøgde med den nye løysinga som no er komen for å bli... |