Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Spelarmøte (25.01.2007)

 

I kveld vart altså spelarmøtet til VIL-fotball gjennomført på Lægreid Hotel. Det var 12 spelarar, 2 spelande trenarar, 1 spelande dommar og 1 uspelande oppdame som møtte opp - i alt 16 personar. Agendaen for møtet var naturlegvis sesongen 2007 der dei oppmøtte fekk høve til å høyra om opplegget trenarane har for årets sesong.

 

Hovudtrenar Emil Heggestad tok tidleg kommandoen på møtet og snakka om blant anna spelarstallen, som unekteleg ser meget bra ut. Det er per dags dato omlag 25 mann i troppen, noko som vil seia at stallen kan tola nokre fråfall som ein må rekna med vil komma i løpet av våren. Det er god dekning på dei fleste posisjonane, og det er ikkje lett å sjå nokon klar første 11`ar i dagens stall. Emil la og fram nokre formasjonar det nye trenarteamet vil testa ut, og det kan sjå ut som 4-3-3 blir droppa i år. Her vil me nytta oss av treningskampane til å eksprimentera med både formasjonar, spelestil og spelarar for å skreddersy ein vinnarformel til serien startar opp i mai månad.

Ellers la han fram litt om økonomien i VIL fotball som ser forholdsvis bra ut. Inntektene kjem frå treningsavgift, dugnadsarbeid, arrangering av heimekampar og ikkje minst scoringsklubben som sist sesong innbrakte over 10.000,- ein stor takk til vårt kjære publikum her. Alt i alt går fotballgruppa i pluss til trass for at det går med store summar til leige av Storhallen.

Etter at Emil hadde sagt sitt tok Frank over roret. Han hadde eit meget bra innlegg om arrangering av treningskampar. Franken vil prøva å få til ein 5-6 kampar før seriestart, og me håpar me kan få prøva oss mot ein del lag me ikkje har spelt mot før - både lag her i distriktet og gjerne mot lag frå andre regionar.

Richard avslutta møtet med ein kort presentasjon av spelarstallen, og litt om drifta av heimesida.

Etter at dei 3 VIL toppane var ferdige med sine innlegg vart det teke opp lit ymse medan det vart grøypa innpå med pizza og brus som var sponsa av Lægreid - ein stor takk til dykk.

Dei oppmøtte spelarane måtte fylla ut kvar sitt skjema med nyttig informasjon til trenarane. På dette skjemaet var det og lagt til ein liten spørjeundersøking der ein skulle svara på kven ein likte best i det nye trenarteamet (Emil - Richard). Resultatet vart som fylgjer;

  • 7 stk stemde solidarisk på begge to
  • 3 stk ser ikkje ut til å lika nokon av dei og svarde blankt
  • 4 stk stemde på Emil
  • 2 stk stemde på Richard

Sidan denne undersøkinga ikkje var anonym gav den ein greit grunnlag for trenarane om kven som vil få speletid når kampane sparkast i gang....

 

Sjå fleire bilder frå spelarmøtet her

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com