Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Spelarmøte 21.april 08

Det vart i går kveld halde eit spelarmøte for VIL-fotball. Viktige saker me gjekk gjennom her var opplegg for vårsesongen, val av kaptein, visekaptein og tillitsvald og ikkje minst ambisjonar for sesongen 2008. Møte gjekk føre seg utan nokon form for dramatikk, og spelarane virka til å vera nøgde med det meste som hovudtrenar Emil Heggestad hadde på hjarta. 

Ca 15 spelarar hadde møtt opp, og dei byrja med å få ei gjennomgang av opplegget for vårsesongen. Kvar spelar fekk utdelt eit ark med oversikt over eit forslag for korleis me skal gjennomføra første halvdel av sesongen med tanke på kampdatoar og treningstider. Sidan kampane ikkje vert spelde på nokon fast vekedag vert det heller ikkje lett å få til treningane på ein fast dag. Med kamp har me som regel 2-3 økter i veka, og me føler at me må opp eit par hakk frå det som har vorte gjort dei siste par vekene, både med kvalitet, kvantitet og organisering på treningsfeltet.

Me satsar på å trena meir på Strondi i år, og ellers vert det i fyrste omgang treningsfeltet på Hafslo som blir vår treningsbane.

Det vart og snakka om kor stor tropp me skulle ta med oss på bortebane dersom dette vert ein aktuell problemstilling. Ingenting konkret vart bestemt her, men det kom forslag på både 16 og 18 mannstropp. Dersom så mange melder seg klar til teneste til bortekampane tek me det som det kjem. Medan det i fjor var fritt byte har me i år berre anledning til å byta 4 utespelarar + keeper.

Val av kapteinar og tillitsvald

Utan noko form for protestar vart Even Kvam valt som kaptein for fjerde året på rad. Som visekaptein gjorde me ei kjapp handsopprekning, og her fekk Kim Andre Navarsete æra av å vera kaptein når Even er ute (=suspendert)

Nytt av året er at me har valt ein tillitsvalt. Dette valet falt på Vidar Vadseth. Me oppfordrar då spelarar som har noko på hjarta om å gå gjennom han dersom de ikkje vil ta det opp me trenarduoen personleg.

Ambisjonar

Kanskje dagens mest interssante post var kva ambisjonar me skal ha i 2008. I den siste tida har me blitt noko heusa opp i media, og det er ikkje til å komma bort ifrå at mange ser på oss som ein opprykkskanditat.

Det var fleire ulike meiningar her, og nokon meinte me heilt klart burde gå for topp 1 medan andre meinte me skulle vera nøgde dersom me som nyopprykka lag klarde å halda plasse.

Til slutt var det gamlefar sjøl, Arvid Heggestad, som kom med forslaget som dei fleste kan stå inne for - vår ambisjon for sesongen 2008 vert å komma på øvre halvdel av 5.divisjon avd 1.

Ein fornuftig målsetting slik me ser det, som ikkje er alt for defansiv og som heller ikkje set alt for stort press på spelarane.

Enig i det meste

Trenarduoen var noko spente på korleis spelargruppa ville sjå på det forholdsvis tette programmet me hadde satt opp for vårsesongen, samt venta oss nokre hefitge diskusjonar rundt valet av kaptein og rundt ambisjonsnivået vårt.

Tilbakemeldingnae viste seg imidlertid å vera få, og me anser då at spelarane stort sett er nøgde med opplegget slik det ser ut no.

Ei av dei få krasse kommentarane var det Gøran Fimreite som kom med då han halvt i helsvolten lurde på kvifor det ikkje vart servert pizza på møtet slik det har vorte gjord tidlegare. Gøran hadde for anledningen droppa middagen, men på Lægreid måtte han pent finna seg i å gomla på kjeks og eplebitar. "Eg er førbanna", var det siste keeper-esset sa før han klakka igjen døra og forlot møtet.

Dagens morsomaste kommentar stod Morten Hagen for. Det var snakk om kor me skulle trena, og Fjøra sitt treningsfelt Arnstein Ground vart nemt som muleg alternativ. Hagen sa då at det kanskje var i minste laget dersom me skulle ha formasjontrening.... resten av spelarane såg då forskrekka på Hagen før dei alle braut ut i latter - me har trass alt betre ting å gjera på enn å driva med formasjonstrening...

Sei i frå

Dersom nokon spelarar har noko på hjarta som ikkje kom fram på dette møtet ber me dei om å ta kontakt med ein i treningsapparatet eller nytta seg av vår nytilsette tillitsmann Vidar Vadseth.

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com