Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Spelarmøte på Lægreid Hotel

Det vart i går halde spelarmøte for Veitastond nede på Lægreid. 14 spelarar møtte opp til eit hyggeleg sosialt samvære med pizza, brus og kaffi samt litt interessant pjatt frå hovudtrenar Emil Heggestad, i spedd eit par feite røvarhistoriar frå Vidar Vadseth.

Emil byrja å snakka om spelarstallen. Denne synes allereie no meget bra, og me er godt nøgde med at Frank Heggestad og Gaute Olstad er klare. Samtidig er me 99% sikre på at Kurt Heggestad òg blir VIL-spelar til neste år, noko som sannsynlegvis er den beste signeringa ein klubb i Sogn og Fjordane har gjort i nyare tid. Det er og meget oppløftande at Petter Fagerli og Ivar Melby ser ut til å vera med heile vårsesongen før dei reiser for godt. I tillegg har me no sendt ut ei konkret forspørsel på ein profilert spelar i distriktet, og me har og eit par andre i kikkereten, men pr i dag må me og passa på så ikke spelarstallen vert for stor.

Arbeidet med å finna nye datoar til seriekampane er no godt i gang. So langt ser det ut som dei fleste laga i avdelinga har same interesse som oss med å få spelt flest mogleg kampar i midtvekene. Kretsen har satt ein frist til 25.januar for klubbane å ha terminlista klar, og innan den tid vonar me at dei fleste helgekampane våre er kryssa bort.

Vår treningskampkoordinator Frank Heggestad informerte om kampane som er klare. Fyrste treningskamp går 22.februar mot Lærdal på deira kunstgras. I tillegg har me spikra avtalar med Vik, Jølster og Kaupanger. Me kjem i nær framtid til å kontaka andre klubbar, og me trur ikkje det vert noko problem å skaffa oss treningskampar i vinter, me trur me er hakket meir attraktive no når me er eit 5.divisjon.

Me har fått signal på at vår kjære heimebane Leikvoll Stadion kanskje ikkje vert godkjend for 5.divisjonsspel. Sannsynlegvis så vil me få dispensasjon i år, dersom det ligg konkrete planar for ei ny bane klar. Dette ser me på som ein meget alvorleg situasjon for klubben, og arbeidet med ny bane må komma i gang raskt. Me reknar ikkje med at kretsen set foten ned for Leikvoll allereie i år - det vil i tilfelle bety slutten for Veitastrond Fotball (å spela heimekampar utanfor Strondi er rimeleg uaktuelt!) Me vil be bygdafolket om å sjå etter løysingar her, og vonar nokon har ein ledig jordflekk til bygdas stolthet...(?)

Arbeidet med sponsorar er og kome godt i gang. Me håpar på å skaffa oss fleire sponsorar i år som gjer standarbeløpet på 1.500,- Under møtet i går tikka det faktisk inn ein del SMS`ar, og plutseleg var ein 3-4 nye sponsorar klare. Dette viser eigentleg kor lett det er å skaffa seg sponsorar, og me håpar flest mogleg innan næringslivet her i distriketet vil vera med å støtta fylket sitt kulaste fotballag på oppturen! 

Det er ikkje nokon konkret målsetnad for denne sesongen. Me går inn med senka skuldrar og satsar på å det triveleg og kjekt i lag, scora masse mål og kanskje kjefta litt på dommaren innimellom. Det kom forslag om ei litt meir langsiktig målsetnad, som blir å møta Sogndal Fotball i 3.divisjon innan 5 år. Me har allereie starta denne prossesen med å ta spelarar frå dei, og me ser ikkje bort i frå at me kjem til å henta fleire frå den kanten i tida som kjem.

Ellers kan det nevnast at tanksenter og moromann Vidar Vadseth var i storform under møtet. Me fekk gode historiar om både symaskinbutikkar i Fjøra og korleis Fjøra-guru Tom Wolff Navarsete enda si Norane-karriere..

Alt i alt var det eit bra informativt møte utan dei heilt grensesprengande nyhendene. Det var heller ikkje nokon av spelarane som synte noko form for misnøye med drifta av klubben...dei ville uansett i alle høve blitt straffa med lite speletid og uthenging på veitastrond.com.

Det vart diverre ikkje knipsa nokon bilder under spelarmøtet... 

  

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com