|
Spelarmøte 16.04.09
Referat frå dagens spelarmøte.
Oppmøtte; Emil, Hildegunn, Erlend, Morten, Kim Andre, Øyvind, Åsmund, Bjørn, Arne Richard, Kenneth, Even, Helge, Øystein og Vidar.
Sakene som me tok opp i dag;
Fleire spelarar som ikkje har betalt lisens endå. Denne må inn snarast dersom ein skal ha lov til å spela kampar!
Når det gjeld treningsavgifta har 4-5 personar betalt siste dagane slik at det no berre er 6 mann som ikkje har betalt. Dette er bra, og for fyrste gong i år lyt spelarane få honnør for å gjera si plikt.
Me har masa mykje om dette, men me ser no at det har gitt resultat. Lovar at me skal følga opp dei siste 6 og slik at alle pengane kjem inn snarast.
Det vart einstemmigt vedtatt at Even Kvam held fram som kaptein, og spelarane var like enige om at Kim Andre Navarsete held fram som visekaptein.
Even Kvam får og rolla som spelarane sin tillitsvalgte, men han sjølv meinte at dette berre var tull då spelarane burde ta opp det dei hadde på hjarta sjølv. Vidar Vadseth som hadde vervet i fjor advarte Even om at dette var ein meget krevsom jobb...
- Positivt fokus og halda praten i gang
Etter kampen mot Hafslo vart det satt fokus på at spelarane måtte bli flinkare å halda ei positiv tone mellom seg, og halda seg til konstruktiv kritikk.
Det vart og satt som eit mål for kvar enkelt at ein måtte bli flinkare å få opp praten under kampane. Morten Hagen var særleg frampå med dette og kunne ikkje få understreka nok kor viktig dette er. Eit av våre hovudfokus ute på bana vert difor at me må opna kjeften meir, og prøva å dra i gong kvarandre på dette.
Kurt Heggestad sine velvalgte ord om at det er lett å få opp praten når ein leiar med eit par mål og ditto lett å få ut den aggresive tonen når ein ligg under vart nevnt, og det er nok mykje sant i dette....
På kampar der alle mann er tilgjengelege vil det bli teken ut anten ein 16- eller ein 18-mannstropp. Storleiken på troppen vil komma an på kor langt me skal reisa. Dei spelarane som eventuelt ikkje blir tekne med i troppen får sjølvsagt anledning til å vera med å sjå på. Øystein Heggesad stilte spørsmål om dei spelarane som ikkje var med i troppen hadde lov å drikka på turen til kamp og dette må dei sjølvsagt få lov til, men me ser helst at dei då set seg blant publikum og ikkje på benken...vart trekt fram eit par skekkhistoriar her og møte spora ei lita stund av der røvarhistoriane sat laust hjå enkelte (Vadseth, Hagen, Kvam etc)
Uansett trur me ikkje dette med å ta ut tropp vil bli aktuelt så veldig ofte, då all erfaring tilseier at me aldri er alle mann alle klare til kamp.
Kanskje kveldens mest intressant punkt.
I fjor satte me oss som mål å komma på øvre halvdel, og dette nådde me så til dei grader då me til slutt enda på 1.plass (yeah).
Det var mange ulike meiningar om kva ambisjonar me skulle ha for den kommande sesongen og ikkje overraskande meinte mange at som nyopprykka lag måtte målet vera å unngå nedrykk. Andre meinte på si side at ein ambisjon måtte vera noko me verkeleg kan strekka oss etter og det å berre unngå nedrykk vert for passiv.
Etterkvart vart dei framøtte realtivt enige om at årets målsetting for Veitastrond Fotball er ein topp 5 plassering.
Utvilsamt ei offansiv målsetting, men kva har me eigentleg å tapa? Syril rykka opp frå 5. i 2007, og dei havna på 5 i sin fyrste sesong i 4.divisjon. Me trur ikkje me ligg så fela langt i frå Syril sitt nivå, og me føler at topp 5 ein ei offansiv men likevel realistisk målsetting.
Spelarane fekk servert full kveldsmat med kaffi og noko åttåt.
Me lyt seia at serveringa var alldeles upåklageleg.
Terningkast 5...
|